Translate

mandag 27. september 2010

Redesignkjole.... igjen:)



Det er så moro å sy om gamle plagg til noko nytt.


I helga sydde eg saman ein "ny" kjole av 2 gamle toppar og eit jerseystoff med pinnsvinmotiv, frå Stoff og Stil.


Sidan den lilla toppen som er overdelen på kjolen, var i str xxl, så blei denne kjolen litt stor til meg, dessverre. Dersom den skulle passa meg, måtte eg nok ha sydd den inn litt før eg sydde saman resten, men men. Håpar at ei anna dame kan får glede av denne morosame kjolen i staden.

SOLGT!!!




Str 44/46

Pris: 550,-

Loppemarknad er moro:)


I helga var eg på loppemarknad på Lyngmo, der fann eg ein del stoff og gamle gardiner, som eg såg potensiale i. Vil bruka fleire av stoffa til bl. a å sy skjørt av.

Her er eit skjørt som eg sydde på lørdag. Stoffet er eit kraftig syntetisk stoff, vil tippa at det er frå 70 -talet. Sikkert mange som hadde bukser i den type stoff, på 70 talet. Har fòra skjørtet og har applikert på nokre firkantar med rosemotiv. Lilla ribb frå Stoff og Stil, i livet.


Str 42

Pris: 390 kr



mandag 20. september 2010

Dynetrekk kan bli til flott haust-skjørt..



I sommar fekk eg med meg nokre gamle sengsett frå mor mi. Eg tenkte på skjørt og kjolar når eg såg på dei. I kveld fann eg fram det eine dynetrekket, og starta å klippa til eit skjørt av det. Eg fann fram eit tynt stoff på loftet, som kunne duga som fòr i skjørtet, og i livet sydde eg på ein orange ribb frå Stoff og Stil.

Str: 42/44

SOLGT




Pris: 390 kr

søndag 19. september 2010

Gardin frå 70 talet er blitt til eit skjørt:)


Fann fram ei gardinlengd eg fann heime på loftet, den hang i stova vår på 70 og 80-talet. Fann ut at den skulle få eit nytt liv som skjørt. Eg klipte til to delar og sydde saman. Fann fram eit svart fòrstoff, som eg brukte til fòr. Brukte avklipp frå ein jerseytopp med stretch, til å laga ribb i livet på skjørtet, og vips, så blei det jammen eit flott haustskjørt. Det blei dessverre litt for stort til meg, så eg har lagt det ut for sal på nettbutikken min:


SOLGT

Str. 44


Pris: 390 kr

lørdag 18. september 2010

"Frekk" redesignkjole i ulike mønster



Har fått litt dilla på redesign, så no går det litt tid på det:) Finn stadig noko som eg vil bruka til å skapa noko nytt:)


Har hatt liggjande nokre plagg kjøpt på bruktbutikken, som no blei brukt til å laga ein "ny" kjole. Eg fann fram ein fin rosa topp med prikkar, som eg klipte av rett under bringa. Klipte og vekk litt av ermene. Fann ein annan topp og klipte til eit lite stykke som eg sydde saman med den rosa delen, fekk no midjestykke på kjolen. Tok ermen frå den svarte toppen og sydde på den rosa. Til skjørtedelen fann eg fram eit blomstrete chenillestoff frå Stoff og Stil. Dei rosa blomsne i chenillestoffet er same rosafargen som er på den rosa overdelen av kjolen. Så då blir det litt heilheit:)


Kan ikkje behalda alle kjolane eg syr sjølv, så denne ligg for sal i eplabutikken min:

SOLGT




Str: 42


Pris: 450 kr

den som leitar han finn plagg som kan bli nye ting...


Innimellom tek eg meg ein tur på bruktbutikken i Sogndal, og av og til finn eg plagg som eg tenkjer at, ja- det kan brukast til redesign. Forrige veke fann eg ein dongeribluse/jakke og ein lilla gensar. Eg klipte vekk ermene på jakka, sydde på eit stykke av eit tynt "burnout" stoff eg hadde liggjande frå stoffogstil. Eg ville ha lange ermer så eg klipte av ermene på den lilla gensaren eg hadde kjøpt og sydde dei på det som no skulle bli kjole. Klipte så av nedre del på den lilla gensaren, som hadde strikk i seg, og sydde det på den avklipte dongerijakka, no blei det fin midje på kjolen.

Eg fann så fram eit blått stoff, som eg òg har kjøpt på bruktbutikken, det blei brukt som skjørtedel på kjolen. Eg syns kjolen blei litt dyster, så eg tok fram eit gamalt slips og sydde det på som eit band skråt og rundt skjørtet. Syns i grunn kjolen kom seg litt då:) Sydde òg på eit lite pinnsvinmerke øverst til venstre på kjolen. Redesign er berre så gøy!!!

Gler meg til loppemarknad neste helg, då satsar eg på å finna mykje artig, som kan brukast til redesign:)
Pris: 390 ,-
SOLGT!

onsdag 15. september 2010

Haustkjole i friske fargar


I dag har eg vore produktiv, først to gensarar til mine søte små og deretter sydde eg ein fleecekjole, som kanskje kan bli din??!

Den er i lilla og oransje polarfleece, frå Stoff og Stil. Kjolen har ein blomeapplikasjon på bringa og ein blomeapplikasjon bak på venstre sida.


Str: 38


Pris: 750 kr
SOLGT!!

Pinnsvingensar til jenta på 10 år og monstergensar til guten på 5 år




Onsdag betyr fridag og sydag:)


I dag har eg sydd gensarar til borna mine.


Stoff frå Stoff og Stil. Syns dei blei kule eg:) Borna blei òg fornøgde då dei kom heim frå barnehage og skule.

søndag 12. september 2010

kult med rosa


Denne kjolen syns eg blei veldig fin i fargane. Det rosa stoffet er stretch chenille frå StoffogStil, ermene og stjerneapplikasjonen er stoff frå ein topp, kjøpt på bruktbutikken. Ermene har fått rosa blondekant.
Str. 44
Pris: 650 kr
SOLGT!