Translate

onsdag 11. juli 2012

CUP-CAKE KJOLE

Måtte berre sy ein cup-cake kjole til av dette fine stoffet.
Denne har eg sydd ferdig i dag, medan ungane såg på barnetv:)
Bryststykket og ryggstykket er sydd av  korallraud stretch chenille med cup-cake trykk, frå S&S.
Ermene er sydd av raud stretch chenille, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av eit stripete syntetisk stretch stoff, frå S&S. Halskant er kanta med raud ribb frå S&S. Ermekantar er kanta med lyserosa ribb, frå S&S.


Måtte ha litt pynt på skjørtedelen tykte eg, så der har eg sydd på to runde cup-cake applikasjonar på framsida.













Kjolen har halvlange ermer og kan brukast heile året, evt med ein langerma topp inni på kalde dagar:)


















Dersom du har lyst på denne kjolen, så er den lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

Str. S ( ca 36/38)

Lengde: 87 cm

Mønster: mitt eige




Pris: 825,- + evt porto

KJOLE MED BLOMAR OG FUGLAR




På måndag var ungane på overnattingsbesøk hos tante og onkel, og då tok eg fram stoff og maskiner og sydde denne kjolen.
Rygg og bryststykket er sydd av turkis stretch chenille, frå Jofotex.














Ermene er sydd av eit mønstra jerseystoff med fuglar,frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit blått bomullsstoff med store flotte blomar i grønt og lysblått, kjøpt på Fretex.
Halskant og ermekantar er kanta med turkis ribb ,frå S&S.  Skjørtekanten har fått ein off-white blondekant.

Kjolen blei i str L (42/44)



Pris: 795,- + porto

SOLGT!

torsdag 5. juli 2012

KULE SKO FRÅ FRETEX:)


Måtte berre laga eit lite innlegg for å visa desse kule platåskoa. Dei kjøpte eg på Fretex tidlegare i sommar, til 59,- Kjøpte dei ikkje for å bruka på "ordentleg", men meir til fest og moro:))) Skoa er veldig 70-tals stil, men eg trur eigentleg dette er sko laga i nyare tid.  Men fine og morosame å sjå på er dei uansett. Raude silkesko med kvite prikkar og kvitt fløyelsband knytt i sløyfe.  Str 41, men tydelegvis litt små i str, sidan dei nesten passar min fot, som er str 38,5:)

Så får me sjå om desse skoa berre blir ståande på loftet eller om det dukkar opp ein anledning der dei kan få koma til sin rett:))

TIME WILL SHOW:)

SOMMAREN`S KULASTE SKJØRT??



Sydde eit skjørt no i kveld av dette kule fargerike bomullsstoffet, som eg kjøpte på Fretex i fjor sommar. Det var minst 5 meter med stoff, så dette har eg framleis litt igjen av:) Syns det var greit å fòra skjørtet, så eg har brukt eit grønt polyester/bomullsstoff som fòrstoff. Nederst på skjørtekanten har eg sydd på ein kant av eit grønt bomullsstoff med fine raude blomar, frå S&S.
Grøn ribb, frå S&S, i livet. Herlege skjørt å ha på, som ikkje strammar rundt midjen:)

Lengden på skjørtet kan ein regulera ved å heisa skjørtet opp i livet eller dra det litt ned på hoftene, evt bretta ned ribben litt å la det henga fint på hoftene.
Skjørtet er fint som sommarskjørt, men kan sjølvsag brukast heile året, ved å ha ei fargerik tjukk strømpebukse under når det blir litt kaldt:)

Str. L (42/44)
Lengde målt frå øvre ribbkant: 60 cm

Pris: 495,- + evt porto

Skjørtet er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

Endå en bestillingskjole, denne gang i rødt:)

Her er ein bestillingskjole til ei dame i str 36.
Eg fekk frie tøylar i forhold til korleis kjolen skulle sjå ut. Og det er slike bestillingar eg likar best:)
Eg sendte bileta av ulike stoffkombinasjonar og kunden valgte desse stoffa.
Ryggstykket og eine ermet er sydd av mønstra viskosejersey, frå S&S. Resten av kjolen er sydd av raud stretch  chenille, frå  S&S. Kjolen har fått eit par små blomeapplikasjonar. Ein på brystet, og ein på skjørtedelen. Eg har brukt same stoffet som på ryggstykket.










For å få kjolen litt "crazy" i fargevalet, så brukte eg lilla ribb, frå S&S, til ermekantane. Raud ribb rundt halskant. For å få ein fin avslutning på skjørtekanten, har eg sydd på ein lilla blondekant. Syns det blei fint:)

Kjolen er i str ca 36
Lengde:95 cm

Pris: 825,- + porto





Dama som bestillte kjolen blei fornøgd,og då er eg glad og fornøgd òg:))

mandag 2. juli 2012

BESTILLINGSKJOLE I TURKIS






Dette er ein bestillingskjole til ei dame som snart skal feira 40 årsdag. Ho ønska seg ein kjole i spreke fargar og gjerne turkis. Her ser du resultatet:) den blei i turkis stretch chenille frå Jofotex.



















Ryggstykket og eine ermet er viskosejersey, frå S&S. Kjolen har fått litt ordlappar og hjarte applikert på rundt omkring på kjolen.

Str. ca 46/48

pris: 850,-


Mønster: mitt eige

BLÅ KJOLE MED LIMEGRØN ZIPPER

Denne kjolen blei ferdig i dag. Den er sydd av bl.a to vintagestoff, kjøpt på Fretex, i tillegg til to nye stoff frå S&S.
Bryststykket er eit blått syntetisk vintagestoff med små kvite blomar.















Ryggstykket er sydd av eit stretch dongeristoff, frå S&S.
Ermene er sydd av eit strikkeliknande stoff i fleire fargar, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av  eit flott blått syntetisk vintagestoff, kjøpt på Fretex. På ryggen har eg sydd på ein nyyydeleg limegrøn blondeglidelås, som kun har funksjon som pynt. Desse glidelåsane har eg fleire av i alle regnbogens fargar. Eg har bestillt dei på Ebay.









Halskant og ermekantar er kanta med rosa ribb, frå S&S.



Str. L (42)
Lengde: ca 94 cm

Pris: 795,- + evt porto

SOLGT!!





Mønster: mitt eige

søndag 1. juli 2012

RAUD KJOLE MED KVITE BLOMAR


For eit par dagar sidan var eg innom Stoff og Stil-butikken i Bergen (Salhus) Det blei 2 store posar med fine stoff med heimatt. Dama i kassa ynskte meg til og med lukke til med syinga:)))
I kveld har eg sydd ein kjole med eit par av stoffa frå handleturen på S&S.
Det raude stoffet er eit tynt syntetisk stretchstoff med store kvite blomar litt spreidt rundt omkring. Sidan stoffet er så gjennomsiktig, valgte eg å ha eit fòrstoff inni. Det vart eit lilla syntetisk stretchstoff, som eg lot gå litt forbi det raude stoffet, for å laga kjolen litt meir spanande og sprelsk i fargane:)
Ermene har fått eit beige stretchstoff med riller som ermeavslutning (smale, inntilsitjande ermer)
Halskanten er i same stoff. Og den er stor og skal liggja laust.

Mønsteret er eit kjolemønster frå S&S, men halskant og ermer er min eigen vri:)
Denne kjolen blir fin til hausten og vinteren.

Str. ca 42
SOLGT!!

REDESIGN KJOLE TIL EIN FESTLEG ANLEDNING





Då har eg nok ein gong vore innom Fretexbutikken på Voss. Finn som regel alltid noko spanande der:)


Denne gongen fann eg bl.a eit  petrolblått nydeleg vintage crimpelinstoff. Det har eg no brukt  i denne finkjolen til meg sjølv. Fann òg nokre fine syntetiske toppar, som eg kjøpte med tanke på redesign. To av toppane er brukt i denne kjolen. Bryststykket er gjenbruksstoff, frå ein flott syntetisk glitrande retrojakke, og ryggstykket er òg sydd av gjenbruksstoff frå  ein syntetisk topp.











Ermene er sydd av eit svart stretchstoff med sølvprikkar og eit lysrosa stretch blondestoff, begge frå S&S.
Har laga stor halsopning, og sydd på ein stor halskant, som skal henga laust. Får litt følelsen av at ein har ein slik "tubehals/skjerf"  på seg. Denne halskanten er sydd av svart sportstretchstoff, frå S&S.





Skjørtedelen er det blågrøne crimpelinstoffet eg nemnde lenger oppe. Har laga ein rund applikasjon nede på venstre framside i stoffa frå bryst og ryggstykket.
Dette blir kanskje julebordkjolen min i år???
Kjem i allefall til å ha denne kjolen til litt finare anledningar:)

Str. 42/44

Dongerikjole med Rafaels englar





Her er nok ein kjole til meg sjølv i mønsteret frå S&S. Her har eg brukt noko nytt stoff og nokre bitar er frå avlagte dongeribukser. Halskant og ermekantar er kanta med coboltblå ribb, frå S&S.
Sydde kjolen litt meir inn i ryggen enn det opprinnelege mønsteret, då eg har ganske stor svai i ryggen. Syns den sat finare på då:)















Har pynta kjolen på framsida med litt englar frå englestoffet,som er brukt på ryggen. Har sydd på eit "gullhjarte" på brystet.



















Kjolen er god og behageleg å ha på, og eg likar godt å ha ein tights under denne kjolemodellen.

Str. 44