Translate

onsdag 26. september 2012

Endå eit LAPPESKJØRT:)




Ja  idag har eg jammen fått gjort masse, syns eg:) Starta dagen med å vaska kjøleskåpet inni (det var veldig påkrevd kan du seia)

Så sydde eg eit par skjerf og ei hue, før eg gjekk i gong med kjolen som du kan sjå i forrige innlegg. Deretter sydde eg dette dongerilappeskjørtet med rosa "flatlock"- kontrastsaumar. Hadde klipt opp lappar ein kveld tidlegare. Dette skjørtet har fått to blomstrete lappar i knall rosa og oransje, som ein ekstra detalj på skjørtet.(ein lapp på bakstykket og ein på framstykket)


Lyserosa ribb i livet!!









Str. ca 40
Lengde: 57 cm

Pris: 499,- + evt porto

SOLGT!









Etter at skjørtet var ferdig, var det opprydding og tid for støvsuging av hus og vasking av badet. Så var det tid for middagslaging og henting av minstemann på SFO.  Nok ein "fridag" var over:)

JULEKJOLE??

I går var eg barnevakt for mine to små tanteborn. Dei sov søtt då eg kom, så eg hadde med meg litt stoff å klippa i:)
Klipte bl.a ut delene til denne kjolen, som eg har sydd i dag.  Denne kjolen er sydd av ulike bomull/polyesterstoff. Ermene er grøn stretch chenille med raude prikkar, frå Jofotex.

Mønsteret er frå S&S, og difor er ikkje denne kjolen for salg!!!










Har gjort litt endringar i forhold til mønsteret. Har laga større halsutringning og laga ermene litt lengre.
Har dessuten sydd den litt inn under bysten, og i ryggen. (eg har stor svai i ryggen og må alltid sy kjolane mine litt inn der)




Syns kjolen blei litt "julete", så kanskje eg sparar kjolen til desember??



Str 42/44

søndag 23. september 2012

LAPPETE DONGERISKJØRT:)


No har det blitt mange kjolar i det siste, så no har eg funne ut at eg vil sy nokre skjørt etter gamalt:)
I kveld var eg på loftet og fann ein pose med fleire avlagte dongeribukser. Eg starta med å klippa ut lappar i ulike fasongar og storleikar og starta etterkvart å sy lappane saman med raud "flatlocksaum" på overlock-maskina mi. Då eg hadde sydd saman to passe store stykker, fann eg fram skjørtemønsteret mitt og klipte til skjørtet.  Sydde så sidesaumar og sydde på raud ribb i livet.



Og TADAAAA!  Så blei det eit kult dongeriskjørt.
Desse skjørta med ribb i livet er berre såååå herlege å ha på, dei strammar ikkje og ein vel sjølv kor høgt ein vil ha ribben i livet. Skulle ribben bli for brei eller ein ynskjer eit kortare skjørt, er det berre til å bretta ribben dobbel!

Str. 42/44
Lengde: 58 cm


Pris: 499,- + evt porto

SOLGT!!

Mønster: mitt eige


torsdag 20. september 2012

"FASHION WOMAN"-kjole

Syns namnet på kjolen passa bra med tanke på stoffet i overdelen.  Denne kjolen blei klipt på onsdag, men blei ferdig no i kveld.
Den blei litt stilfull syns eg, og kan fint brukast både til kvardags og fest. Det mønstra stoffet i overdelen og ermene, er viskosejersey, frå Jofotex. Nedre delen på ermene er eit burgunder raudt blondestoff, frå S&S.











Ryggstykket er eit raudt stretch stoff med roser vevd inn i stoffet, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av same stoff som kjolen i forrige  innlegg. Det er eit gråsvart bomull/polyester stoff, frå JYSK. Likar dette stoffet veldig godt:)







Kjolen har fått ein kant nede av same stoffet som i overdelen. Og halskanten er kanta med raud ribb, frå S&S.
Har sydd på nokre applikasjonar på skjørtedelen, 2 framme og ein bak.






Str. L (42/44)
Lengde: ca 94 cm

Pris: 825,- + evt. porto    SOLGT!!

Mønster: mitt eige

onsdag 19. september 2012

RAUDE STJERNER I SIKTE!!!!




Denne kjolen er sydd i litt "frekke" men kule fargekombinasjonar, syns eg. Bryststykket og ryggstykket er rosa stretch chenille med raude stjerner, frå Jofotex.ROSA OG RØDT ER KULT I LAG!!!!! Ermene er sydd av stripete viskosejersey i rosa lilla, grå og svart, frå S&S. Skjørtedelen er eit gråsvart bomulls/polyester? stoff, frå JYSK.











Kjolen er kanta med eit lilla syntetisk stretchstoff, frå S&S.  Kjolen har 3/4 lange ermer, og passar til bruk heile året. Denne kjolen vil eg påstå kan  glede mange med sine flotte "knæsje" fargar:)















Dersom du får lyst på denne kjolen, så er den lagt ut for sal i nettbutikken min på epla.
http://randidesign.epla.no

Str: L (42) kanskje den passar ein liten str 44 òg:)
Lengde: 94 cm
Pris: 825,- + porto


UGLER I MOSEN?? Ny kjole i dag:)




Her har eg brukt nokre av dei nye innkjøpte stoffa frå Jofotex. Syns det grå jersey uglestoffet er så fint. Det har eg brukt til rygg- og bryststykket. På ermene har eg brukt eit burgunderlilla blondestoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit raudt stretchdongeristoff, òg frå Jofotex.















Halskant og ermekantar er kanta med grøn ribb, frå S&S.
Skjørtekanten er kanta med gjenbruksmateriale frå ein lilla blomstrete jerseytunika.





Kjolen har fått nokre runde applikasjonar på framsida av skjørtedelen og så er det sydd på to små ugler på baksida.

Kjolen er i str ca 38/40
lengde: 90 cm

Pris: 825,- + evt. porto

SOLGT!!

tirsdag 18. september 2012

ROSA KJOLE MED SVARTE PRIKKAR



Me var på ferie til Tyrkia i sommar, og då kjøpte eg eit par stoff. Bl.a dette rosa silkeliknande stoffet med store svarte prikkar. Fann fort ut at det måtte bli ein kjole av dette stoffet, men det var ein vanskeleg rosafarge å kombinera med andre rosa fargar. For eit par veker sidan hadde eg ein opprydning i skapet mitt, og då fann eg ein "silke" topp, frå H&M, som eg fann ut eg ikkje ville bruka meir. Den hadde same rosafarge som stoffet frå Tyrkia, og då satte eg saksa i den og laga bryststykket og ryggstykket til den nye kjolen.




Eg har brukt "Klinkekult -kjole" mønsteret, frå boka "Made by me", men eg har laga litt endring på ermene. Syns ermene i dette mønsteret er litt vide, så eg skrådde ermene litt innover og sydde på sølvgrå ribb i stadenfor løpegang og strikk, syn det blei ganske fint:)
Då har eg fått meg nok ein ny kjole til ein festleg anledning. Dette blir nok meir penkjole enn kvardagskjole, tenkjer eg:)

Str. L
Mønster: klinkekult frå boka: "Made by me"

fredag 14. september 2012

TEGNESERIE-KJOLE



Dette var ein av kjolane eg klipte til på onsdag, og   no er kjolen ferdig sydd:) Syns den blei veldig fargerik og fin, og eg skulle gjerne hatt den sjølv, men det byrjar å bli trangt i skapet, kanskje eg må selje unna nokre brukte kjolar snart?? Førebels er den til sals, så får me sjå kor lenge den er i butikken min:)





Kjolen er sydd av litt ulike stoff. Bryststykket er gjenbruksmateriale frå ein sommartopp eg sydde for fleire år sidan. Det er eit fargerikt tegneseriestoff i jersey. Ryggstykket er gjenbruksmateriale frå ein velourtopp, som ein gong tilhøyrde systra mi, trur eg:)
Ermene er sydd av to ulike stoff. Overdelen er eit grønt stretchfrottèstoff, frå Jofotex. Nedredel av ermene er eit raudt jerseystoff med kvite stjerner, òg frå Jofotex.
Skjørtedelen er sydd av eit blått vintage bomullsstoff med store fine blomar i lyseblått og grønt.

Kjolen er skarp i fargane og kan verkeleg lysa opp på ein regntung haustdag. Viktig å skapa glede og humør i kvardagen. Og fargar gjer i allefall meg i godt humør:)

Str. 42/44
Pris: 795,- + evt porto





SOLGT!!

KJOLE I GRØNE OG LILLA TONAR




Denne kjolen blei òg ferdig i kveld!
Dette er ein kjole som er sydd av ulike stoff. Brysstykket er eit lilla og grønmønstra viskosejersey stoff, frå Jofotex. Ryggstykket er gjenbruksmateriale frå eit flott syntetisk lilla vintage maxiskjørt. Ermene er sydd av eplegrønt ribbstoff og eit lyserosa stretch blondestoff, begge stoffa frå S&S.  Skjørtedelen er sydd av eit svart og kvitt sikksakk mønstra syntetisk stretch stoff, frå S&S. For å få igjen litt farge i skjørtedelen, så har eg sydd på to runde applikasjonar i same stoffet som i ryggstykket, på framsida av skjørtedelen. Halskant er kanta med same grøne ribbstoff, som i ermene.








Kjolen har god stretch og er i ca str 42/44






Pris: 825,- + evt porto

SOLGT!!

Mønster: mitt eige

FARGERIK UGLEKJOLE




Denne kjolen blei sydd ferdig no i kveld!
Har hatt liggjande eit burgunder vintage maxiskjørt, som eg mange gonger har tenkt at skulle bli skjørtedel på ein RandiSign-kjole, men eg har ikkje funne eigna stoff å kombinera det med. I dag fekk eg pakke med stoff,frå Jofotex, og då fann eg ut at desse kombinasjonane blei fine ilag med skjørtestoffet. For å "sprita" kjolen litt ekstra opp, så valgte eg å bruka turkis ribb rundt halskant og ermekantar. Syns det blei kult. Og uglene er berre så søte og fargerike:)


 





Kjolen er i str L (42/44)
Pris: 795,- + evt porto

SOLGT!!


Mønster: mitt eige

onsdag 12. september 2012

MINSTEMANN ER BLITT LENGRE I BEINA:)




I dag er det onsdag igjen og eg har fri frå jobb:) Og ja, eg har sydd i dag òg.
Starta dagen med å klippa til 2 nye kjolar, dei er ikkje sydd enno:) Startar kanskje på dei i kveld:)









Men eg har sydd to nye bukser til minstemann, som stadig veks frå buksene sine:) Han er så glad i desse buksene med ribb i livet og ribb i beina, og eg syns det er mykje finare å gå i enn joggebukser. Så då er det berre for meg å sy i veg. I dag blei det ei beige kordfløyelsbukse med dongerilommer og dongerilappar på knea.
Og ei rødbrun (vanskeleg farge å definera) bukse med ein fotballspelar på låret og ein mindre fotballspelar bak:) Beige fløyelslommer. Svart ribb frå S&S på begge buksene. Strikk inni ribben i livet.

Str ca 122

Mønster: frå boka "Barn igjen"
No får me håpa guten blir fornøgd når han kjem heim frå skulen:)

KJOLE I VARME FARGAR




Denne kjolen måtte berre syast i kveld :) Likte så godt denne fargesamansetjinga.
Det er av og  til at stoff berre "skrik" etter å bli satt saman til ein RandiSign-kjole:) Det følte eg altså med desse stoffa.

Bryststykket og ryggstykket er eit mønstra viskosejerseystoff, frå Jofotex.
Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein topp, kjøpt på Fretex.
Skjørtedelen er eit vevd litt kraftig beige stoff med små blomar som er vevd inn i stoffet.
Halskant og ermekantar er kanta med svart ribb, frå S&S. Likar å laga ermekantane med litt brei ribb.

Skjørtekanten er kanta med ei smal bomullsblonde.



Str. L (42/44)

Pris: 795,- + evt. porto 

 SOLGT!!!


søndag 9. september 2012

OPTIMISTKJOLE i GRÅTT OG ROSA:)




Denne kjolen er blitt til i løpet av helga. Minstemann har vore vekke på leir, og då  har mor nytta sjansen til å sy litt ekstra:)
Kjolen er sydd av ulike stoff.  Bryststykket og ryggstykket er sydd av eit mønstra strikkeliknande stoff, frå S&S. Ermene er sydd av eit grått jerseystoff med mintgrøne stjerner, frå S&S.

Skjørtedelen er sydd av eit grått bomullsstoff, som eg har fått.




Halskant er kanta med rosa syntetisk ribb, frå S&S. Ermekantane er kanta med eit rosa blondestretch stoff, frå S&S.
Har pynta kjolen med to stjerner ei framme og ei bak + eit par hjarte som er stroke på på baksida av kjolen. Kjolen har fått eit lite sitat bak på skjørtekanten: "Always look at the bright side of Life". Så dette kan  me seia er ein optimistisk kjole:)

Str 42/44
Blei veldig fornøgd med kjolen og vurderer framleis om eg skal behalda den sjølv eller om den skal ut for sal. Må tenkja litt meir på det:)

Pris: 825,- + porto

SOLGT!!

torsdag 6. september 2012

ULLKÅPE I ROSA OG ORANSJE

Har lenge tenkt på at eg ville sy meg ei kåpe i kombinasjonen oransje og rosa og med alvehette. På tysdag gjorde eg alvor av det. Kjøpte desse ullfiltstoffa tidlegare i år, på S&S. Kunne eigentleg tenkt meg at det oransje stoffet var skarpare, men det var berre denne fargen dei hadde på S&S. Mønsteret til denne kåpa er frå S&S, og eg har sydd 2 kåper til meg sjølv i dette mønsteret før. Men denne gongen laga eg meg eit hettemønster og sydde på i stadenfor den opprinnelege kragen som skulle vera rundt halsen.










Dessutan satte eg i 7 trykk-knappar i stadefor 3 store vanlege knappar som stod at det skulle vera:)
Det er innslag av eit rutete tweedliknande stoff, frå S&S, i kåpa.

Vart i grunn veldig fornøgd med resultatet og tok kåpa i bruk i dag. Fin å bruka no før det blir ordentleg kaldt.



Str. 42