Translate

tirsdag 27. november 2012

Klar for julemesser til helga:)



Til helga skal eg vera med på to julemesser. Ei på laurdag 01.12, i Sogndal kulturhus og ei julemesse på søndag på Kaupanger, i Skogly. Her skal eg selja kjolar, skjørt, snurreskjerf, huer, vesker m.m.







Kjekt om mange tek turen innom:)

Kanskje du finn noko du kan gi vekk i julegåve, eller kanskje du finn ein ny kjole til deg sjølv:)
Her har eg teke bilete av nokre av skjerfa eg skal ha med på julemessene. Alle er hjarteleg velkomne til "standen" min.




onsdag 21. november 2012

Då har eg prøvd å laga noko nytt....:)





I går kveld fann eg ei kul sminkeveske på nettet, som eg hadde lyst til å prøva å sy. Enkle og greie å laga.
Eg prøvde først med å laga ei veske i nokre restestoff eg hadde liggjande.




Klipte ut eit rektangel
(ca 20 x 15 cm) Ytterstoff x 2  Innerstoff x2 og tjukk vlieselin x2 (som mellomlegg  for at veska skal kunne stå som ein boks).


Dottera mi fall straks for denne veskemodellen og bestillte fort ei sminkeveske til seg sjølv:) Den blei i kvitt med rosa blomar, og rosa glidelås.

Men i dag på fridagen min, fann eg ut at eg ville prøva å sy slike vesker i voksdukstoff. Då slepp ein nemleg å ha innerstoff og vlieselin for å få "boks -effekten" avdi voksduken er så pass stiv i seg sjølv. Det gjekk veldig greit, og her ser du tre av veskene som blei sydd i dag. Tenkte  å ha desse med på julemessene eg skal vera med på neste helg. Kan vera greie som små gåver til seg sjølv eller ei venninne.

Pris: 50,-

mandag 19. november 2012

PETROLBLÅ KJOLE MED INNSLAG AV OLIVEN

Denne kjolen har eg sydd ferdig no i  kveld, og den skal òg få bli med på julemessa i desember. Kjolen er sydd av mjuke herlege stretchstoff.




Overdelen er sydd av petrolblå og olivengrøn stretch chenille, frå S&S. Ryggstykket og nedre ermedeler er sydd av  mønstra viskosejersey, frå MG-tyger.
Halsen, som er litt "polo", er eit beige stretchstoff, frå S&S. Skjørtedelen er petrolblå stretch chenille, frå S&S.















Ermene er lange og smale frå albogen.
Ville laga ein litt enkel kjole utan så mykje "stæsj", så eg har kun sydd på ein flott vintageknapp som pynt på bryststykket:)



Kjolen vil eg tru kan brukast både til kvardag og fest.


Skjørtekanten er kanta med ein off-white blondekant, frå S&S.











Har du lyst på denne kjolen så er det berre å koma på "Førjulsmoro" i kulturhuset i Sogndal,
1. desember 2012 mellom kl. 10 og 15.

Skulle ikkje kjolen bli solgt då, så blir den lagt ut i eplabutikken min etter den tid:)

Str. L (42/44)
Pris: 825,- + porto

SOLGT!!




Pris: 795,-

søndag 18. november 2012

"STJERNEDRYSS"-KJOLE, I JADEGRØNT





Denne kjolen er sydd ferdig i dag og skal bli med på julemessa i kulturhuset i Sogndal, 1. desember 2012.
Difor blir ikkje denne kjolen lagt ut for sal i eplabutikken min før evt. etter julemessa.









Kjolen er bl.a sydd av  jadegrøn stretch chenille med kvite små stjerner, frå S&S. Det einsfarga stoffet er eit fint jadegrønt jerseystoff, frå S&S. Ermene er sydd av eit jadegrønt blondestoff, òg frå S&S. Halskanten har fått ein "laus" sølvgrå brei kant.



Ermene er kanta med same stoff som halskanten.
Ermene rekk litt nedom albogen.

Då det er ein liten "skjønheitsfeil" (vanskeleg å sjå viss ein ikkje veit om den) i stoffet på eine blondeermen,  er prisen satt litt ned.

Str. M (ca 38/40)
Pris: 625,-

FLEECEKJOLE I LILLA




Denne kjolen har eg sydd ferdig i dag. Den er sydd av  lyslilla polarfleece, frå S&S.
Ermekantane er mørklilla polarfleece, frå S&S. Halskant er kanta med eit lilla jerseystoff med små blomar, frå S&S.
Det er applikert på to glitrande rundingar, ein liten på brystet og ein større nede på høgre skjørtekant.












Har du lyst på denne kjolen så er det berre til å ta turen til "Førjulsmoro" på kulturhuset i Sogndal 1.desember 2012. Då kjem  kjolen for sal:)

Kjolen blir altså ikkje lagt ut for sal på nettbutikken min før etter 1. desember 2012.

Str M (ca str 38/40)
Pris: 795,-

onsdag 14. november 2012

Burgunder kjole med ordlappar:)











 



I dag har eg sydd denne kjolen til meg sjølv. Skal i 40 årsdag til helga, og då er det kjekt å ha på ny kjole:)
Eg har sydd kjolen etter mitt eige 3-delt front kjolemønster.

Eg har sydd kjolen av eit burgunder raudt stretch cordfløyelsstoff, frå S&S. Ermene er sydd av eit blondestoff, frå Jofotex og ryggstykket er eit viskosejerseystoff, frå Jofotex.









Halskanten er kanta med blondestoffet som er i ermene, og sydd utanpå   (sydde den på på vrangen og bretta den utover rettsida igjen)












Eg hadde lyst til å ha nokre hjarte på kjolen, og då passa det med ordlappar med songtittelen til Beatles: "All you need is love"♥ Lappane er  kvitt bomullsslerret, frå S&S. (vlieselin på baksida)

Str. 42/44







No nærmar det seg julemesse, så eg har i tillegg til denne kjolen sydd opp ein del jerseyhuer og gjort ferdig nokre vesker i dag. Fridagen går jammen fort:)

mandag 12. november 2012

NYDELEGE KOKOSBOLLAR

Dette treng du:

5 gelatinplater
5 eggekvitar
1,5 dl sukker
2 ts vaniljesukker
1 ts sitronsaft (kan sløyfast)
200 gr kokesjokolade
50 gr delfiafeitt
1 pk kokosmasse




Framgongsmåte:

Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn (ca 5 min)
klem vatnet av gelatinplatene og løys opp i 2 ss kokt vatn, og avkjøl.

Stivpisk eggekvitane, tilset sitronsaft,sukker og vaniljesukker. Pisk vidare til sukkeret har løyst seg opp og massen er stiv og luftig til ein marengs.
Tilset den smelta gelatinen i eggemassen i ein tynn stråle og visp kraftig til ein glatt og luftig masse.

Ha marengsmassen i ein sprøytepose eller vanleg frysepose, som du klipper eit lite hol i hjørna.
Dekk 1-2 steikebrett med bakepapir og dryss kokosmasse over. Sprøyt ut små toppar med marengsmasse på bretta. Set dei kjøleg i ca 1 time.

Smelt sjokolade og delfiafeitt i vannbad. Ha smelta sjokolade over marengstoppane og strø kokosmasse over. Set kaldt igjen.  Kokosbollane kan frysast. NB! Singelfrys førspå eit brett, før du evt. har dei i ein boks.

NAM NAM!  Desse er berre sååååå gode:)

Lukke til!!

onsdag 7. november 2012

LYSEBLÅ FLEECEKJOLE

I dag har eg sydd ein fleecekjole igjen etter gamalt. Den blei sydd i lyseblå polarfleece, frå S&S.
For at kjolen ikkje skulle bli for kjedeleg, så er ermene sydd av eit lyseblått jerseystoff med cupcakes, frå S&S. Ermene er i 3/4 lengde, og er kanta med raud ribb frå S&S. Halsopninga er òg kanta med raud ribb, frå S&S.













Kjolen har pynta seg med små cupcakes her og der og eg har sydd på ei raud kroklisse i bølger, rundt nedre skjørtekant.
På høgre framside er det sydd på ei kvit heklebrikke med ein cupcake i midten.


Kjolen er sydd i mitt eige mønster og blei i str 42/44




Lengde: ca 91 cm

Pris: 825,- + porto

SOLGT!!


I tillegg har eg i dag prøvd meg på eit nytt produkt. Fekk lyst til å prøva å sy pulsvarmarar i ullfilt-restar. Trur no at eg har laga eit mønster som kan funke:) Har sydd nokre par i ulike fargar og med ulik pynt. Eg får laga eit nytt innlegg om pulsvarmarane seinare:)

mandag 5. november 2012

Kjole til kollegafest




Denne kjolen sydde eg til meg sjølv i forrige veke. Me hadde ein kjekk kollegakveld på laurdag, og då hadde eg lyst til å sy meg ein ny kjole til den kvelden. Det blei denne:)
Mønsteret er mitt eige. Det beige stoffet er eit stretch cordfløyelstoff, frå min lokale hobbybutikk. Sidesstykka er sydd av eit mønstra viskosejerseystoff, frå Jofotex.
Ermene er sydd av ein ubrukt jadegrøn blondetopp, frå Vero Moda.

Det same stoffet kjem igjen som kant nede på kjolen, og som halskant. Sydde på eit stort hjarte bak på ryggstykket, og eit mindre hjarte på brystet. Kjolen passa meg heilt perfekt og eg hadde den på meg på festen på laurdag:)






Denne kjolen reknar eg med eg kjem til å bruka ein del både til kvardag og fest.

Str: 42/44

ULLKJOLE I ROSA OG LILLA




I går sydde eg ein ny kjole, denne gongen i ullstoff.
Eg tok utgangspunkt i eit mønster frå stoff og stil, men har endra litt på mønsteret bl.a ved å laga halsutringningen større og kutta ut ermene og kanta heller ermeopningane med lilla jerseystoff, frå S&S.










Halsopningen er kanta med same lilla jerseystoff.
Eg har brult cerise ullfilt, frå S&S og eit lilla stumt ullstoff, kjøpt på loppemarknad. Kjolen har pynta seg med ein rund applikasjon på brystet med eit søtt rosa hjarte inni. Same applikasjon er på nedre bakside av kjolen.



Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no



Str. 42/44

Pris: 745,- + porto