Translate

onsdag 29. januar 2014

RandiSign-hua

Har fått litt tilbakemeldingar frå folk som likar huemønsteret mitt og  gjerne vil ha mønster.

Eg har no fått laga til eit mønster med syrettleiing, som kan kjøpast  for 70,-
Ta evt kontakt med meg på mail, så kan eg senda kopi av mønsteret til deg i posten:)

Mønsteret er òg lagt ut for sal i eplabutikken min:


http://randidesign.epla.no

Hua er sydd av fleece og bomullstoff.

Eg tek òg imot bestilling på huer, om du ikkje vil sy sjølv:)

Pris: 225,- + porto












NY GOD HUE TIL MEG SJØLV



I dag tok eg fram igjen det gode huemønsteret mitt, som er sjølvutvikla:)
Hua er sydd i to deler (sirkel på toppen og sidestykke med saum midt bak) Har sydd mange slike huer før både til barn og vaksne, men no er det lenge sidan sist.












Desse huene er veldig tette og varmar godt når det bles og er kaldt ute. Eg pleier å bruka fleece inni og eit bomullsstoff som ytterstoff. Strammesnor m/snorstopper bak og ei lengre strammesnor  m/snorstoppar under haka. Hua kan òg ha øyreklaffane bretta opp og då tek ein snora under haka oppå toppen av hua:) Trur eg må sy litt fleire slike huer no når mønsteret er teke fram att:)



Denne hua skal eg i allefall ha sjølv:)

KJOLE AV NYYDELEG VINTAGE-GARDIN

I dag har eg sydd denne kjolen av eit nydeleg flaskegrønt stoff med raude flotte roser og grøne stilkar. Dette stoffet er vintage, og har tidlegare levd eit liv som gardin i ei stove, på 60-talet:)
Fargane er like klare og fine. Eg hadde ein rest av eit raudt dongeriliknade stoff, det brukte eg som bærestykke på framsida av kjolen. Ermene er sydd av eit  vintage chiffonstoff. Syns kombinasjonen av dei tre stoffa blei kul:)












Mønsteret har eg brukt fleire gonger før, og det er frå S&S. Men eg må alltid sy litt inn i ryggen, då eg har stor svai i ryggen. Syns det er finast når kjolen fylgjer ryggsøyla.  Har dessutan laga lengre ermer enn i mønsteret, og halsopninga er litt vidare.   Raud ribb i halsopninga og i ermekantane.




Str ca 44

Alltid kjekt å kunne bruka stoff, som har levd eit liv tidlegare i ei anna form:)

JA TIL GJENBRUK!!

VÅRKJOLE I LILLA



Har sydd ein kjole som eg tenkjer kan bli fin å bruka både no og til våren.
Kjolen er sydd etter mønsteret "Klinkekult", frå boka Made by me.
Brystykket og ryggstykket er eit herleg lillamønstra vintage bomullstoff. ermene er sydd av eit lilla/rosa mønstra strikkeliknande stoff, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av lilla bi-stretch, frå S&S. Kjolen har fått ein stor blome applikert på framsida, og ein litt mindre blome på baksida:)













Eg syns ermene i det opprinnelege mønsteret er litt vide og voldsomme, så eg har klipt ermene litt smalare og har sydd på ribb i enden i stadenfor løpegong med strikk. Då blir dei ikkje så "puff".










Str. L

Denne kjolen blir min:)

DONGERIKJOLE MED PYNT OG RAUDE KANTAR

Denne kjolen er sydd av eit mørkeblått dongeristoff (litt tjukk dongeri) det er av same mønster som i førre innlegg, der eg som sagt har gjort litt endringar i forhold til mønsteret. (har ikkje sydd lommer og ikkje glidelås bak) Hadde tenkt å ha kjolen sjølv, men den blei litt trang over bysten (ingen stretch i dongeristoffet)
Så då håpar eg nokon andre kan få glede av kjolen;)















Halskant og ermekantar er kanta med raud ribb, frå S&S. Det er applikert på nokre fargerike firkanta applikasjonar rundt omkring på kjolen.






















Str. ca 42
Lengde: 98 cm

Pris: 799,-  + porto




Kjole sydd av vintagestoff

Denne kjolen er sydd av eit syntetisk vintagestoff i ulike grønfargar. Eg har sydd kjolen etter eit mønster frå S&S. Men eg har endra mønsteret litt.  I halsopninga har eg sydd på ein brei kant som skal brettast ned. Rundt ermene er det sydd på ein kant av limegrøn og turkis jersey, frå Jofotex.
Skjørtekanten har fått ein turkis ribbkant, frå S&S.














Kjolen er fin å bruka med ein langerma topp inni eller med bare ermer, når sommaren ein gong kjem:)





onsdag 22. januar 2014

FARGERIK GLADKJOLE!



















Denne kjolen blei sydd førre veke, og eg syns den blei veldig gøy i fargane. Elskar klare skarpe fargar!!

Brysstykket er sydd av mønstra stretch chenille, frå S&S.



















Ryggstykket er sydd av coboltblå stretch chenille, frå S&S. Ermene er sydd av oransje viskose jersey, òg frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av ei flott stormønstra vintage gardinlengd. fantastisk flotte fargar i dette stoffet. Litt grov-vevd, så ein bør nok ha ein underkjole/underskjørt under kjolen.

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min, men ikkje sikkert den ligg der så lenge, for eg har eigentleg lyst til å ha kjolen sjølv:)

http://randidesign.epla.no

Str. L (42/44)
Lengd: 97 cm
Pris: 849,- + porto

Mønster: mitt eige


SKJØRT SYDD AV VINTAGE DUK


I dag har eg sydd ferdig dette skjørtet. Kjøpte noko vintagestoff på finn.no  , bl.a ein kvadratisk vintageduk, som eg fort såg kunne bli til eit flott skjørt. Eg fann fram eit skjørtemønster i to deler og klipte til eit skjørt. Svart ribb, frå S&S, i livet.













Skjørtet er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

Str L (42/44)
Lengde: 54 cm

Pris: 425,- + porto

onsdag 15. januar 2014

NY GENSAR TIL MEG SJØLV

I dag fekk eg lyst til å sy ein ny gensar/topp til meg sjølv.  Fann fram litt gamle gensarmønster frå S&S og enda opp med eit enkelt gensarmønster. Ville ikkje ha gensaren for lang, då eg vil bruka den til skjørt òg.
Fann fram to ulike litt tjukke stretchstoff, frå S&S og sette i gong. Det viste seg at eg hadde ikkje nok til både eit framstykke og eit bakstykke, så då valgte eg å bruka stoffet til framstykket + eit erme.










Bakstykket og det andre ermet blei i einsfarga lilla. I mønsteret skulle halsen vera rund og ganske lite utringa, så eg valgte å klippa halsopninga litt vidare og sydde på ein halskrage i grå stretch chenille med lilla prikkar. Syns gensaren blei litt meir spesiell og unik når eg gjorde det slik:)
Gensaren passa fint og blei passe lang.












I juleferien sydde eg eit skjørt av eit fint mønstra stoff, som truleg er kjøpt ein stad i "austen"  (eg har kjøpt stoffet  av ei dame, og kjenner ikkje til kor stoffet opprinneleg kjem frå) Stoffet var tynt, så eg brukte eit sportstretchstoff som fòr inni.


Her ser du bilete av både gensaren og skjørtet. Syns gensaren passa fint saman med skjørtet.


Str. 44
Mønster: S&S  (men med endringar i halsopninga)



Sminkevesker/Toalettvesker

Førre veke sydde eg nokre små sminkevesker/toalettvesker til å ha ulike ting oppi, ikkje nødvendigvis berre sminkesaker:) Eg blei inspirert til å sy dei firkanta sminkeveskene av denne bloggen:     tolgens.blogspot.com

Der fann eg tutorial på ein lur måte å sy fast glidelås i sminkevesker. Eg laga veskene litt større enn det som stod i tutorialen:)





Eg har òg sydd ein annan type sminkepung/veske, men hugsar ikkje kor eg fann mal på den:)
Eg har masse bomullstoff liggjande, så det kan bli mange vesker framover:)












Kjekt å ha ei slik lita veske i veska, til små ting som tyggis, lebestift osv. Me damer har alltid masse i veska som har ein tendens til å "forsvinna" i den store veska:) Då er det greit å få samla småtinga i ei lita veske.










tirsdag 7. januar 2014

LITT BILETE AV FJORÅRETS JULEPRESANGPRODUKSJON

Før jul sydd eg litt som skulle bli til julepresangar, og det kunne jo ikkje bloggast om før jul:)
Difor kjem det litt bilete no.

Har to tantebarn som fekk kvar sitt sett med bukse og gensar.

Jenta på 6 fekk lilla fleece-sett





...............og guten på 3 fekk dongeribukse med ribb og Donald applikasjonar + løvegensar.


Her er ei bukse som òg blei julepresang til ein annan liten gut:)


ÅRETS FYRSTE KJOLE BLEI I ROSA:)




Godt nytt år alle saman!

I helga blei årets fyrste kjole sydd. Har hatt ei lang pause frå symaskiner og blogging. Men no håpar eg at det kan bli litt meir sying framover;)
Denne kjolen er sydd av ulike stretch stoff, som gjer den veldig behageleg å ha på.









Bryststykket og ryggstykket er sydd av rosa courtelle, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av rosa og lilla mønstra stretch chenille, frå  S&S. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein svart glitrande topp, frå Fretex.
Halskant og skjørtekanten er kanta med svart courtelle, frå S&S.
På bryststykket er det applikert på eit hjarte.
























Str. L (42/44)
Lengde: 97 cm
Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto

SOLGT!!