I dag har eg sydd litt forskjellig (onsdag=sydag), men her er to kjolar som eg har sydd ferdig i dag og lagt ut for sal:)Pris: 690,- + evt porto
SOLGT!!
Str. M (38/40) SOLGT!!
Pris: 725,- + evt porto
I dag har eg sydd litt forskjellig (onsdag=sydag), men her er to kjolar som eg har sydd ferdig i dag og lagt ut for sal:)
I dag har eg hatt vekas fridag, og det betyr sydag:) Men fekk ikkje sydd så mykje i dag, då eg hadde litt anna på tapetet i dag òg, men eg fekk no sydd eit skjørt (kjem bilete seinare)+ at eg starta på to kjolar. Sydde kjolane ferdige no i kveld og her er den eine:)

Eg laga ermene 3/4 lange, slik at kjolen fint kan brukast heile året:) Kjolen har fått litt applikasjonar på skjørtedelen for å "sprita" opp det einsfarga gule stoffet, og for å ta opp igjen det lilla frå overdelen:) Har òg sydd på ei svart kroklisse i bølger rundt den bogeklipte skjørtekanten.
Då eg ikkje hadde så mykje igjen av stoffet eg har brukt som skjørtedel, så blei denne kjolen litt kortare enn eg pleier å sy kjolane min (likar at dei går til midt på kneet). Difor kan denne kjolen òg brukast som tunika, med t.d ei smal dongeribukse under.
Eg har brukt litt ulike stoff i denne kjolen. Hetta er sydd av gråmelert isoli, frå S&S. ermene er sydd av marineblått blondestoff, kjøpt på Fretex. Og nedre ermene, skjørtekanten og fòret i hetta, er viskosejersey frå MG-Tyger.
