Translate

lørdag 18. september 2010

den som leitar han finn plagg som kan bli nye ting...


Innimellom tek eg meg ein tur på bruktbutikken i Sogndal, og av og til finn eg plagg som eg tenkjer at, ja- det kan brukast til redesign. Forrige veke fann eg ein dongeribluse/jakke og ein lilla gensar. Eg klipte vekk ermene på jakka, sydde på eit stykke av eit tynt "burnout" stoff eg hadde liggjande frå stoffogstil. Eg ville ha lange ermer så eg klipte av ermene på den lilla gensaren eg hadde kjøpt og sydde dei på det som no skulle bli kjole. Klipte så av nedre del på den lilla gensaren, som hadde strikk i seg, og sydde det på den avklipte dongerijakka, no blei det fin midje på kjolen.

Eg fann så fram eit blått stoff, som eg òg har kjøpt på bruktbutikken, det blei brukt som skjørtedel på kjolen. Eg syns kjolen blei litt dyster, så eg tok fram eit gamalt slips og sydde det på som eit band skråt og rundt skjørtet. Syns i grunn kjolen kom seg litt då:) Sydde òg på eit lite pinnsvinmerke øverst til venstre på kjolen. Redesign er berre så gøy!!!

Gler meg til loppemarknad neste helg, då satsar eg på å finna mykje artig, som kan brukast til redesign:)
Pris: 390 ,-
SOLGT!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar