Translate

fredag 25. mars 2011

Vårskjørt i nytt design:)


Fekk lyst til å gjera om litt på skjørtemønsteret mitt, og har no laga eit nytt mønster, skjørtet er sydd saman av 6 deler. Då er det moglegheiter for litt fleire variasjonar, og skjørtet blir ikkje så"kjedeleg". Har framleis ribb i livet. Skjørtet er sydd av vintagestoff frå ei gardin og eit ubrukt stoff eg fann heime på loftet til mor og far:) Syns dette blei ein artig kombinasjon av fargar og mønster.

Har lagt dette skjørtet ut for sal i nettbutikken min:


Str. L

Pris: 520,- + evt porto

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar