Translate

onsdag 1. juni 2011

Singoallatoppar til sommaren:)

På lørdag fekk eg den flotte boka "Made by me", i posten. Der er det mange sybloggarar som har bidrege med med oppskrifter/mønster på alt frå interiør til klede for både liten og stor. Eg vil prøva ut fleire av mønstera på sikt. No har eg prøvd ut mønsteret til bloggaren http://www.jippiyes.blogspot.com/
"Jippi-Romantica-Oh-Yes-blusen"
Eg er ein 42/44 str. så eg tenkte at mønsteret i str 40 blei litt lite til meg, så på den første prøveblusen eg sydde så la eg på 1,5 cm på mønsterdelane. Det blei alt for stort. Så denne 40-str er nok ein stor str, og passar meg heilt fint:) Eg har sydd 4 nye blusar til meg sjølv i ulike stoff og kombinasjonar, både i vintagestoff og nye stoff. Det går fort å sy ein slik bluse, og særleg om ein har Overlock-maskin (det har eg)
Eg sydde skråband i halsopningen, men i ermene kasta eg berre over kantane og la opp kanten, til løpegang. Nede har eg valgt å sy på ribb, syns det blei betre enn ein løpegang til strikk. Eg har òg kutta litt på lengda på blusen, for å få lenfgda slik eg ville:) Håpar eg får brukt desse toppane masse i sommar, men dei blir sikkert fine til hausten òg, med ein langerma topp inni.

1 kommentar: