Translate

onsdag 11. januar 2012

Ullkjole til kalde vinterdagar.....



I dag har eg starta på nokre bestillingskjolar, har i allefall klipt dei klare:)  Men eg blei så frista til å prøva å sy ein ullkjole, då eg fann eit beige stoff på loftet, som eg trur er eit gamalt litt tjukt ull jerseystoff. Det var litt små hol i stoffet her og der, så eg hadde ikkje nok til å få ein heil kjole i det stoffet. Men det gjorde i grunnen ikkje noko, kunne fort ha blitt ein litt fargelaus kjole for meg då :)) Eg fann då fram ein rest av cerise ullfilt, frå S&S. Brukte raglankjolemønsteret mitt, som eg er blitt så glad i  og klipte til skjørtedelane og ryggstykket i det beige stoffet. Brukte ullfilten til bryststykket og ermene. For å gjera kjolen litt meir festleg og gøy, så klipte eg til ei remse med stoff frå det flotte brune vintage crimpeline-stoffet mitt, kjøpt på Fretex, og sydde den på nede på skjørtekanten. Eg er jo eigentleg ikkje glad i brunt, men når det blir så langt nede på kjolen syns eg det gjekk an:). Brukte òg dette stoffet til å laga litt applikasjonar rundt omkring på kjolen. Kjolen har fått eit hjarte på framsida og nokre sirklar på baksida. Hjarta heng i ei grøn kroklisse, som har hatt eit liv tidlegare på eit skjørt frå H&M.  Gjenbruk er alltid kjekt:)

Halskanten har fått ein svart ribb, frå S&S
Syns det mangla noko på bryststykket, så eg sydde på ein stor lyserosa knapp med ein rosa roseknapp oppå. Syns det blei nesten som eit fint smykke.


Den er varm og god å ha på.


Str. 42/44

SOLGT!!
Fekk sydd inn eit par kjolar òg i dag til ein kunde som ynskte å kjøpa to kjolar frå meg, som i utgangspunktet var litt for store til henne. No får me tru dei passar. Dei får eg få avgårde i posten på fredag.
Som de skjønar eg har nytta nok ein fridag til å kosa meg framføre symaskina:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar