Sidan eg har sydd så mykje nytt til minstemann, så måtte eg sy ein gensar til storesyster òg:)
Ho er ikkje så begeistra for heimesydde klede, men denne type gensar likar ho godt. Har sydd to slike til ho før. Så då eg fann fram dette stoffet, så sa ho ja til at eg kunne sy ein ny gensar til ho:) Har laga meg eit mønster, med utgangspkt. i ein kjøpt halverma "flaggermus"-topp, str 146. Stoffet er mønstra viskosejersey, frå MG-tyger.
Gensaren er sydd i to deler, med ein brei ribbkant nede, ribb rundt hals kant og ermekanter. Så då blir det nok ny gensar på skulen i morgon:)
Mønster: eige
Str. ca str 146
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar