Translate

torsdag 5. juli 2012

SOMMAREN`S KULASTE SKJØRT??



Sydde eit skjørt no i kveld av dette kule fargerike bomullsstoffet, som eg kjøpte på Fretex i fjor sommar. Det var minst 5 meter med stoff, så dette har eg framleis litt igjen av:) Syns det var greit å fòra skjørtet, så eg har brukt eit grønt polyester/bomullsstoff som fòrstoff. Nederst på skjørtekanten har eg sydd på ein kant av eit grønt bomullsstoff med fine raude blomar, frå S&S.
Grøn ribb, frå S&S, i livet. Herlege skjørt å ha på, som ikkje strammar rundt midjen:)

Lengden på skjørtet kan ein regulera ved å heisa skjørtet opp i livet eller dra det litt ned på hoftene, evt bretta ned ribben litt å la det henga fint på hoftene.
Skjørtet er fint som sommarskjørt, men kan sjølvsag brukast heile året, ved å ha ei fargerik tjukk strømpebukse under når det blir litt kaldt:)

Str. L (42/44)
Lengde målt frå øvre ribbkant: 60 cm

Pris: 495,- + evt porto

Skjørtet er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar