Translate

fredag 30. desember 2011

Redesign av gamle dongeribukser



Då har eg hatt lang pause frå symaskinene mine, men her ein dag i romjula måtte eg berre sy litt igjen:))
Eg fann fram nokre avlagte dongeribukser og dongeriskjorter og starta å klippa ut heilt vilkårlege lappar, som eg sydde saman med raud tråd på overlockmaskina. Då eg hadde laga til to store samansydde bitar, fann eg fram skjørtemønsteret mitt i størrelsen min, og klipte til to like deler. Sydde desse delane saman i sidene, fann fram ribb i turkis, og skar til ein passe lengde til ribb i livet. Tada!!!! så fekk eg meg eit nytt skjørt til nyttår:) Moro å sy saman skjørt på denne måten. Det blir sikkert fleire slike.

onsdag 7. desember 2011

"STJERNEDRYSS-KJOLE", str M/L



Denne kjolen sydde eg tidlegare i haust men den er ikkje blitt blogga om før:)
Kjolen er sydd av turkis og grå stretch chenille (bryst- og ryggstykka) Ermene er sydd av eit lysgrått jerseystoff med stjerner på, frå S&S. Kanta med svart ribb rundt ermekantar og halskant.
Skjørtedelen er sydd av eit svart og grått bomulls-stoff, kjøpt på JYSK.
Kjolen har fått ei stor flott stjerne midt på brystet, isame stoff som ermene.
Så med denne kjolen på blir du "stjerne" med ein gong:))

Kjolen blei i str M/L (ca 40-42)
Mønster: eiget
Pris: 725,- + evt. porto

SOLGT!!

Festkjole à la "Tre nøtter til Askepott"

Tenkte eg skulle sy meg ein ny kjole til jul.  Så no når julemessa var over for i år, så kunne eg tenka litt på ein kjole til meg sjølv igjen:)  Eg fann fram litt satengstoff, som eg kjøpte på Fretex for eit par veker sidan.  Rød er jo julekjolefarge nummer 1, så eg fann noko raudt og noko beige stoff som til saman skulle bli kjole.  Kjolen er sydd av raud kinasateng og ei beige satenggardin med gulltrådar applikert på stoffet. Kjempefint stoff:) Kjøpt på Fretex.
Etter kvart som kjolen blei sydd i saman, så fekk eg litt assosiasjonar til filmen som går på julafta "Tre nøtter til Askepott". Stesøstrene til Askepott skulle få sydd seg kjolar, og den eine kjolen minna litt om denne syns eg. I tillegg tykte eg den blei litt vel mykje beige, så eg trur ikkje eg endar opp med denne kjolen sjølv likevel:) Den blei dessutan litt trang over bysten til meg.Så no har eg lagt kjolen ut for sal i nettbutikken min, så kanskje nokon andre  kan ha den til julekjole i staden??

Str. L (42) Må ikkje vera for stor rundt bysten (max 104 cm)
Pris: 690,- + evt porto
SOLGT!!

tirsdag 6. desember 2011

Førjulsmoro i Sogndal kulturhus



På lørdag som var, var eg med på julemesse i kulturhuset i Sogndal. Mykje folk og god stemning. Eg hadde sydd opp ein del til denne dagen og fekk solgt litt av kvart. Hadde med meg kjolar, skjørt, vesker, huer, halsar, vottar m.m
Her ser de litt bilete frå standen min:)
 Eg var fornøgd med salet:)