Translate

onsdag 15. april 2015

FARGERIKT KATTESKJØRT


Her er eit skjørt sydd av eit morsomt jerseystoff med kattemotiv, frå Olivias.

Mønsteret har eg laga sjølv.
Str M/L

Pris: 425,- + porto

Skjørtet er lagt ut for salg i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

Kjole med vinyltrykk på ryggen

 Long time no see:)


Det blir ikkje så ofte eg legg noko ut på bloggen, sidan eg har fått eiga RandiSign facebook-side. Men i dag tek ei tida til eit lite innlegg. Eg fekk meg Silouette Cameo maskin til bursdagen min, så no prøver eg å setja meg litt inn i bruken av den.
Her har eg sydd ein kjole hovudsakleg av stretch dongeristoff, frå S&S.
Ermene er sydd av eit nydeleg blomstrete bomullsstoff.












På ryggen har eg stroke på eit oransje vinyltrykk med teksten: "Do more of what makes you happy"


 Mønsteret til kjolen er frå Alt om håndarbeide, symagasin nr 9/2014



Kjolen er solgt, då den blei dessverre litt trang til meg:)

søndag 1. februar 2015

Litt nytt frå RandiSign

Godt nytt år alle saman!
Eg har ikkje slutta å sy, men det er lenge sidan førre innlegg. Eg har fått meg ei facebook-side, og har lagt inn det eg har sydd i det siste der (facebooksida heiter RandiSign)

Her er noko av det eg har sydd i det siste:


 Hue i fleece. SOLGT!
 Hue i raud jersey med fleece inni!
Til salgs: 200,-

 Sminkeveske i blått
Til salgs: 150,-

 Sminkeveske med kul jente!
Til salgs 150,-


Sminkeveske med dyremotiv til salgs: 150,-

 "Oversized" topp
str. L (42/44)
Pris: 575,-

 Kjole m/blå skjørtedel
Str. M (ca 38/40)
Pris: 849,-

 Kjole i raudt og oransje med blomar
Str. L (42/44)
Pris: 899,-

 Kjole i rosa med uglemotiv
Str M (ca str 40)
SOLGT!!

 Kjole i dongeri og cordfløyel
Grønt og blått
Str XL (ca 44/46)
Pris: 899,-

 Kjole m/ordlappar
"Be proud of who you are"
Str. L (42/44)
Pris: 899,-

 Kjole i rosa og glitrande grå!
Str L (42/44)
Pris: 899,-
SOLGT!!

søndag 16. november 2014

KULE REFLEKSAR AV STOFFRESTAR!

Såg ein idè på korleis ein kan sy refleksar. Her er min versjon.
Her kan ein få brukt opp stoffrestar på ein lur måte:)











Eg kjøpte 3 meter med breidt refleksband, på den lokale sy og strikkeforetningen her eg bur. Då fekk eg nok til ca 30 refleksar.  Eg brukte små peparkakeformer til å laga refleksmønster figurar.
Eg har sydd på refleks på begge sider, slik at den er synleg uansett kva veg den snur seg.

Refleksane er doble og det er stroke på tjukk vliselin på baksida av dei to delene, som så er sydd saman med sikksakk-saum og så er det sydd fast ei svart anorakksnor som er bretta dobbelt og har fått tredd innpå ei sikkerheitsnål til å festa på jakken.

VIKTIG Å BRUKA REFLEKS PÅ DENNE TIDA AV ÅRET!!!




ULLKJOLE I TURKIS

Denne kjolen er sydd av turkis krinkelull med glittertrådar, frå Janus. Ermene er sydd av coboltblå ullfrottè òg frå Janus. Mønsteret er eit modifisert kjolemønster, frå S&S.

Halskanten er kanta med same stoffet som er brukt til ermene.
Ermekantane er kanta med det turkise stoffet som er brukt i kjolen. Skjørtekanten er kanta med ei coboltblå blonde, frå Janus.













På brystet er det sydd på tre knappar som pynt.

Str. ca 42
Pris: 899,- + porto

SOLGT!!







tirsdag 4. november 2014

Nye kjolar frå meg:)

Har vorte lite blogging i det siste, men har ikkje slutta å sy:)
Her er nokre av kjolane eg har sydd i haust:

Kjolane på bileta her er i str 42/44

Og er lagt ut for sal i nettbutikken min:

http://randidesign.epla.no




SOLGT!!


SOLGT!!

SOLGT!!

torsdag 25. september 2014

Litt nytt sidan sist:)

Har hatt det litt travelt i det siste og det har ikkje blitt tid til så mykje blogging. Men eg har ikkje slutta å sy altså:)
Her er litt av det eg har sydd i det siste av kjolar.
Ta kontakt om du finn noko av interesse:)




 Kjole med mange ansikt
Str. L (42/44)
Pris: 899,-

 Kjole i grått med englemotiv
Str 42
Pris: 849,-
SOLGT!!


 Kjole i rosa og grønt m.fl
Str L (42)
Lengde: 103 cm
Pris: 899,-

 Kjole med klokkemotiv
Str S/M (ca 38)
Pris: 899,-

 Kjole med mange sko
Str. L (42/44)
SOLGT!!
 Kjole med ugler (stretch chenille)'
Str. L (42/44)
SOLGT!!
 Kjole i limegrønt m/stjerne
Str S/M (ca 38)
Pris: 899,-

 Kjole i svart med innslag av fargeglede
Str M (ca 38/40)
SOLGT!!