Translate

onsdag 16. november 2011

2 nye kjolar som skal få vera med på julemesse:)

 Jobbar no litt på "høg-gir" for å få ferdig produkt til julemessa eg skal vera med på i Kulturhuset i Sogndal, lørdag 3.desember.   Her er 2 nye kjolar som blei ferdige i dag. Den brune kjolen er ein redesignkjole str. M/L(40/42)  og den andre er str. L (42)
Desse kjolane blir ikkje lagt ut for sal i eplabutikken min enno. Må ha nokre overraskingar til messa:)
Har planar om å få sydd eit par barnekjolar i fleece, som eg òg vil ha med på messa. Me får sjå om tida fram til 3. desember strekkjer til:) Skal vekk dei to påfylgjande helgene så då blir det ikkje sying, så dei to siste fri- onsdagane mine før 3. desember,  må nyttast godt:)

Pris: 790,- + porto

SOLGT!!

SOLGT!!

søndag 13. november 2011

70-tals inspirert kjole

I går var eg i ein bursdagsfest, der jubilantane var født på 70-talet. Antrekket denne kvelden skulle vera 70 talsinspirert. Eg fann då ut at eg ville sy meg ein kjole med stoff frå 70-talet. Kjøpte eit brunt "crimpelin"stoff med flotte gullblomster, på Fretex tidlegare i haust. Brunt og oransje var "hotte" kombinasjonar på 70 talet. Så eg mixa litt stoff og fargar og resultatet blei denne kjolen. Kom på etterpå at eg kunne jo ha laga kjolen fotsid og endå meir utsvinga, då eg hadde hatt rikeleg av det brune stoffet. Men no blei kjolen i knelengde. Eg tykte kjolen blei ok, så kanskje eg kjem til å bruka kjolen seinare òg. Eller at eg legg den ut for sal. Time will show!
Fann flotte platåsko på Fretex òg, men dei er nok frå 90 talet, men funka fint til kjolen. Mange flotte 70- talsantrekk på festen.

Denne kjolen er no solgt til redusert pris, då eg har brukt den ein  gong:)
Str: 42/44
Pris: 590,- + porto

onsdag 2. november 2011

Bestillingskjole i rosa og grått



I dag har eg sydd ferdig ein kjole eg fekk bestilling på for nokre veker sidan. Fargeønske var rosa og grått og hovudstoffet skulle vera i velourstoff. Likar best slike "opne" bestillingar, der eg får bruka min kreativitet og skapa ein kjole slik eg vil ha den:) Alle tre stoffa eg har brukt, er frå S&S.Applikerte på 3 hjarte på kjolen.
Her ser du resultatet:) Ho som skulle ha kjolen blei fornøgd og då er eg fornøgd òg.

tirsdag 1. november 2011

JADEGRØN VELOURKJOLE



Denne kjolen har eg sydd til meg sjølv. Har ikkje sydd kjole til meg sjølv i dette sjølvlaga mønsteret enno:) så eg fann ut at desse stoffa kunne kombinerast til ein fin kjole til meg sjølv:) Kjolen er sydd av eit restestoff av jadegrøn stretch velour, frå S&S.+ eit mønstra viskosestoff òg frå S&S. Halskant er sydd av eit svart syntetisk stretchstoff og kanten nede er sydd av eit syntetisk beige ribbstoff, alt frå S&S.
Kjolen blei i str  ca 42/44 og blei heilt perfekt til meg:) Midtstykket har fått eit svart fòrstoff (same som halskanten) avdi viskosestoffet var så gjennomsiktig utan:)

FARGERIKT HAUSTSKJØRT

 

Dette blei eit nyyydeleg og fargerikt skjørt, syns eg. Skjørtet er sydd av eit vintage sengetøy i flott fargar. Litt tynt stoff, så eg har sydd i eit underskjørt i oransje sportstretch, frå S&S.  Raud ribb i livet, frå S&S.
Str. L (42/44)
Pris: 390,- + evt. porto

Skjørtet ligg til sals i nettbutikken min:
http://randidesign.epla.no/

Redesign dongeriskjørt



Dette er eit redesignskjørt, sydd saman av stoff frå 2 ulike bukser. Ei ny Jack Pot dongeribukse (kjøpt på salg med tanke på redesign) + ei lilla bukse, som eg aldri har likt passformen på. Tok fram det 6 delte skjørtemønsteret mitt, og klipte i veg. Brukte baksida av buksa til å klippe til sidestykkene på framsida av skjørtet, då fekk eg lommer framme:)
Stoff frå ein ny syrinfarga jerseytopp, blei ribb i livet på skjørtet.
Fann ut at det blei fint med ei glinsande lilla stjerne som applikasjon på framsida av skjørtet. Sydde ein stor lilla knapp i midten på stjerna.
Str. L (42)
Pris: 525,- + evt. porto

SOLGT!!