Translate

tirsdag 31. januar 2012

Carpe Diem


Eit lite gullkorn ein tysdags-ettermiddag. Har hatt ein travel dag på jobb i dag. Alltid godt når tysdagen er unnagjort:) Eg har fri frå jobb i morgon, og det er ein SUPER dag å ha fri på:) Satsar på å få vera litt kreativ i morgon òg:) Har nokre kjoleidèar som eg må setja ut i livet. Kanskje startar eg å klippa litt allereie i kveld. Mann og barn er i skitrekket i kveld, og fruen er heime og har laga bolledeig. Så då lyt det bli kakao og ferske bollar når gjengen kjem heimatt. Det er sikkert kaldt på ski i kveld!! -9 her, så då er det sikkert minus 15 i trekket. BRRRR!!!!! 

Ynskjer alle ein fin kveld!

søndag 29. januar 2012

SKITUR i HERLEG VINTERVÊR:)



Eg pleier jo å blogga mest om mine syprosjekt, men i dag fekk eg lyst til å visa nokre bilete frå den fine skituren me hadde med familien i dag. Minstemann gjekk på med friskt mot, og då var det berre å følgja etter. Og det var ein nydeleg dag i kaldt og flott vintervêr. Det er fantastisk å få vera ute og oppleva naturen. Me er heldige som har 4 ulike årstider som kvar på sin måte gjev oss flotte naturopplevingar.

Ynskjer alle ei fin ny veke og ein fortsatt fin vinter:))

KAMELAR PÅ RYGGEN,kjole



Dette er ein kjole som passar ei jente/dame som brukar str 36. Det var så vidt eg klarte å pressa kjolen på saumbysten min, sjølv om
kjolen er sydd av stretchstoff.  Det betyr at dette er ein liten kjole:)
Framsida av kjolen er grå stretch chenille med lilla prikkar og eit lilla jerseystoff, begge stoffa frå Mg-tyger.
Baksida av kjolen er stretch chenille med turkise kamelar, frå S&S. Og nedre del av baksida er det same stoffet som på framsida. Ermene er sydda av grå stretch chenille frå S&S. Halskant og ermekantar er kanta med mønstra viskosejersey, frå MG-tyger.
Str. S (36)
Pris: 790,- +  porto

SOLGT!!

lørdag 28. januar 2012

STRIPETE VISKOSEKJOLE



Her har eg sydd ein kjole i eit nytt mønster. Tok utgangspunkt i ein gensar eg kjøpte for ikkje så lenge sidan, laga kjolemønster ut ifrå den. Brukte eit stripete viskose jerseystoff, kjøpt på S&S + lilla viskose jersey. Kanta kjolen med rosa ribb, frå S&S.
Ermene er eit grått syntetisk ribbestrikka stoff, frå S&S.
Kjolen er vid og god i modellen, så den er fin til å skjula nokre ekstra kilo rundt magen:) Med andre ord ein flatterande kjole, som skjular det den skal:)
Kjolen blei litt stor til meg, så eg vil stipulera storleiken til str XL (44/46)

Pris: 750,- + porto
Kjolen ligg til sals i nettbutikken min:

fredag 27. januar 2012

"STJERNEHIMMEL", kjole

Dette er ein morsom kjole i lilla og grått.


Eg  har kalla kjolen "stjernehimmel" fordi eg syns stoffet som er brukt på bryststykket ser ut som ein stjernehimmel  langt vekke. Og det  andre stoffet er stjernehimmel litt nærmare:)
Ryggstykket er stoff frå ein syntetisk topp. Den har òg innslag frå "a city by night"
Skjørtedelen er eit grått stripete "denim-look" stoff, frå S&S. Kjolen måtte jo få ei stor stjerne på skjørtedelen og det blei av same stoffet som i bryststykket.
Sidan det blei ein saum på bryststykket, så sydde eg på 3 kjempefine knappar midt på saumen. Desse knappane kjøpte eg på Epla.no
Ermene er eit grått polyester ribbstoff, frå S&S.
Str. M
Pris: 775,. + porto

Kjolen ligg til sals i nettbutikken min:
http://randidesign.epla.no/

REDESIGNKJOLE I KNALLFARGAR

 
 
Dette er berre ein BLI GLAD KJOLE:)  Kjolen er sydd med utgongspunkt i ein vintage kjole frå 70-talet. Eg klipte vekk ermene og nedre delen på kjolen. Sydde nye ermer av rosa stretch blonde, frå S&S. Skjørtedelen er oransje stretch chenille, frå MG-tyger.
Sjekk den fine halsopningen!!!! Kjolen har fått nokre blomeapplikasjonar på skjørtedelen.
Str. 42/44, så denne kjolen var eg veldig i tvil om eg skulle behalda sjølv, eller om den skulle ut i nettbutikken. Eg har lagt den ut for salg, men eg veit ikkje kor lenge den blir liggjande der, så vil du ha denne kjolen må du vera rask. For eg har litt lyst på denne kjolen sjølv òg:))) Den blir no liggjande over helga i allefall:)
Pris: 775,- + porto  MEN I DAG BLEI DEN SOLGT,  GITT!!!

SOLGT!!

mandag 23. januar 2012

LOVE, PEACE and HARMONY

Dette blei ein kul "LOVE&PEACE" kjole, syns eg. Kjøpte dette stoffet hos MG-tyger (både det lilla og det grafittifarga stoffet)Begge stoffa er bomullsjersey. Det lilla stoffet har litt struktur i seg. I går kveld tok eg stoffa fram og bestemte meg for å bruka kjolemønsteret mitt med tredelt front  og todelt bakstykke.
Brukte raud ribb i halskant og ermekantar, då eg ikkje fann riktig lilla farga ribb. Syns i grunn det vart vel så fint med raudt, om eg skal seia det sjølv:)
Sydde på ein kant nede på kjolen, då eg syns kjolen blei litt kort ellers. Det gjorde at kjolen fekk meir heilskap, blei meir komplett òg!!

Kjolen passa fint til meg, så denne må eg berre ha sjølv. Er allereie byrja å glede meg til våren og sommaren for dette er ein vårkjole, sjølv om eg sikkert kjem til å bruka den litt før det òg. Den har jo 3/4 lange ermer, som eg er så glad i:)

"GO CIRCLE"- kjole

Fann ut at "GO CIRCLE", måtte vera ein fin tittel på denne kjolen, då det er så masse sirklar på skjørtedelen:) I denne kjolen er det mest stoff frå S&S. Ryggstykket er mønstra viskose jersey, frå MG-tyger.
Følte at det måtte vera ein applikasjon på brystet, så eg fann eit vintagestoff som tok oppatt fargane i sirklane på skjørtestoffet (gul,grøn og lilla) og klipte til ein runding, klipte ut ein runding frå skjørtestoffet og sydde oppå den første rundingen. Syns det blei ganske fint, ja:)
Eg har brukt klarlilla ribb rundt halskant og ermekanter. Grått og lilla er jo ein flott kombinasjon.

Dersom du får lyst på denne kjolen, så er den til sals i nettbutikken min:

http://randidesign.epla.no/

Str. 40/42  Lengde: ca 95 cm
Pris: 775,- + porto

søndag 22. januar 2012

Brun fleecekjole med alvehette



Dette er ein bestillingskjole. Ho som har bestillt denne kjolen ville gjerne ha ein brun fleecekjole med alvehette. Ho er glad i hjarte, så ho ville gjerne ha hjarte på kjolen sin. Eg har brukt lys lilla viskosejersey som fòr i hetta. Sjølve kjolen er sydd av polarfleece, frå S&S. Hjarteapplikasjonane er gjenbruksstoff frå ein nydeleg velourtopp, kjøpt på bruktbutikk.
Str.ca 40/42
Pris: 800,-

lørdag 21. januar 2012

Lilla prikkete katt har satt seg på kjolen min....:)

Hadde så lyst til å sy ein kjole til meg sjølv med dette raud/rosa stoffet. Eg syns raud og lilla er ein kjempefin kombinasjon, så eg valgte å kombinera desse fargane:) Fann eit kattemønster som eg ville bruka som applikasjon på skjørtedelen av kjolen. Eg er eigentleg ingen katte elskar, men på bilete er dei no ganske kule og søte:)
Sydde kjolen i favorittmønsteret mitt for tida, og slik blei altså kjolen. Mønstra viskose jersey, frå S&s på ermene, og lilla stretch chenille med grå prikkar, frå MG-tyger. Det raude stoffet er eit kraftig bomullsstoff, kjøpt på Fretex.
På eine biletet ser det minsteguten min, han ville vera linselus bak kjolen:)

Str. 42/44

onsdag 18. januar 2012

UGLEKJOLE I TURKIS OG LIME



Nok ein bestillingskjole, til ei dame som ønska seg ein kjole i turkis og lime. Ho er glad i ugler, så dersom det gjekk an, så ville dama gjerne ha innslag av ugler på kjolen sin:) Eg fann eit fargerikt uglestoff i polyester og bomull, på JYSK. Dette stoffet har eg brukt på ermekantane og som applikasjonar. Tenkte at eg seinare vil sy sommar-skjørt eller kjole av dette stoffet, då eg har mykje att (5 meter på rullen) med innslag av t.d cerisefarga bomullsstoff.  Har nokre idèar der ja:)
Denne kjolen er sydd av turkis og limefarga stretch chenille frå S&S.  Svart ribb i halskanten, frå S&S. No håpar eg at kunden blir fornøgd:)

Str. ca 46/48
Pris: 800,. + porto

STJERNEDRYSS-KJOLE 2


Eg fekk ein mail før jul, frå ei dame som likte så godt ein kjole eg hadde sydd med stjerner på. Den eg hadde lagt ut for salg var ikkje hennar storleik, så ho lurte på om eg kunne sy ein liknande til ho i hennar storleik. Då svara eg at eg kunne sy ein som likna, men av prinsipp syr eg ikkje to like kjolar:) Her ser du resultatet, så no håpar eg berre at ho som skal ha den blir fornøgd:)   Over delen på kjolen er stjernemønstra stretch jersey og turkis stretch chenille, frå S&S. Skjørtedelen er eit kraftig bomullsstoff, frå JYSK.

Str. Ca 46/48
Pris: 775,- + porto

onsdag 11. januar 2012

Ullkjole til kalde vinterdagar.....



I dag har eg starta på nokre bestillingskjolar, har i allefall klipt dei klare:)  Men eg blei så frista til å prøva å sy ein ullkjole, då eg fann eit beige stoff på loftet, som eg trur er eit gamalt litt tjukt ull jerseystoff. Det var litt små hol i stoffet her og der, så eg hadde ikkje nok til å få ein heil kjole i det stoffet. Men det gjorde i grunnen ikkje noko, kunne fort ha blitt ein litt fargelaus kjole for meg då :)) Eg fann då fram ein rest av cerise ullfilt, frå S&S. Brukte raglankjolemønsteret mitt, som eg er blitt så glad i  og klipte til skjørtedelane og ryggstykket i det beige stoffet. Brukte ullfilten til bryststykket og ermene. For å gjera kjolen litt meir festleg og gøy, så klipte eg til ei remse med stoff frå det flotte brune vintage crimpeline-stoffet mitt, kjøpt på Fretex, og sydde den på nede på skjørtekanten. Eg er jo eigentleg ikkje glad i brunt, men når det blir så langt nede på kjolen syns eg det gjekk an:). Brukte òg dette stoffet til å laga litt applikasjonar rundt omkring på kjolen. Kjolen har fått eit hjarte på framsida og nokre sirklar på baksida. Hjarta heng i ei grøn kroklisse, som har hatt eit liv tidlegare på eit skjørt frå H&M.  Gjenbruk er alltid kjekt:)

Halskanten har fått ein svart ribb, frå S&S
Syns det mangla noko på bryststykket, så eg sydde på ein stor lyserosa knapp med ein rosa roseknapp oppå. Syns det blei nesten som eit fint smykke.


Den er varm og god å ha på.


Str. 42/44

SOLGT!!
Fekk sydd inn eit par kjolar òg i dag til ein kunde som ynskte å kjøpa to kjolar frå meg, som i utgangspunktet var litt for store til henne. No får me tru dei passar. Dei får eg få avgårde i posten på fredag.
Som de skjønar eg har nytta nok ein fridag til å kosa meg framføre symaskina:)

lørdag 7. januar 2012

Redesignkjole er alltid spanande....

 

Her er den siste kjolen eg har sydd. Redesignkjole i grått. Utgangspunktet var ein bluse, som eg kjøpte på ein bruktbutikk for nokre månader sidan. Eg klipte av ermene og nedre del av "bolen" på blusen. Laga så til nye ermer i eit grått syntetisk stretchstoff, frå S&S. Klipte så til eit midtstykke, som skulle gå over bysten og enda rett under bysten. Klipte så til skjørtedelen av kjolen, i eit grått "denimlook"-stretchstoff, frå S&S.
Syns kjolen blei litt kjedeleg i fargane, så eg fann ut at eg ville pynta kjolen med litt raude detaljar. Klipte ut sirklar i raudt stoff med kvite prikkar, frå ein avlagt bluse, i ulike storleikar. Laga ein stor sirkel på framsida av kjolen og laga ein mindre sirkel i same stoffet som blusen i overdelen. sydde den minste sirkelen oppå den store, og avslutta med ein raud knapp. No blei eg meir fornøgd med kjolen, når den fekk litt meir farge:)
Kjolen sat i grunn heilt perfekt på meg,  så denne kjolen blir min:)

"BLÅTT ER FLOTT"-kjole

 


I dag har eg sydd ferdig  dei to siste kjolane som eg klipte klar på onsdag. Dette er ein av dei.
Kjolen er sydd av ulikt materiale. Bl.a har eg brukt stoff frå ein herleg lysblå "crimpelin"-kjole frå 70-talet, som mora mi ein gong har sydd. Ermene er sydd av  eit tynt og fint syntetisk vintagestoff med kult trykk. Skjørtedelen er sydd av mørk blå chambray, frå S&S. Har pynta kjolen med litt applikasjonar. Brukte då same stoffet som på ermene. Ville ha ein litt laus og ledig hals, så eg brukte eit mjukt og deileg viskosestoff, frå S&S og klipte til ein hals. Denne skal liggja litt"tilfeldig" når kjolen er på.

Str.  ca M/L  (40/42)
Mønster: mitt eige raglankjole-mønster
Pris: 775,- + evt porto
Kjolen ligg til salgs i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no/

torsdag 5. januar 2012

ÅRETS FØRSTE KJOLE FRÅ MEG:)



I dag var den første fridagen min i 2012!! Og eg gledde meg til å ta fram symaskiner og stoff igjen:)
Når ungane hadde reist på skulen, så gjekk eg opp på loftet for å leita fram ulike stoff til å sy kjolar av. Eg måtte leita, tenkja og fundera litt før eg kom i gang. Men etter eit par timar hadde eg klipt ut 4 kjolar. I løpet av dagen/kvelden har eg sydd ferdig 2. Den eine kjolen trur eg at eg skal ha sjølv, men den andre er komt ut for salg i nettbutikken min på Epla.  http://randidesign.epla.no/

Her ser du bilete av salgskjolen.
Str. M/L (40/42)
Pris: 745,- + evt. porto    
Kjolen er redesign, då det er brukt gjenbruksmateriale både på ryggstykket og ermene. Skjørtedelen er mosegrøn dongeriliknande stretch stoff, kjøpt på Fretex.
Mønster: mitt eige raglankjole mønster

SOLGT!!!!