Translate

onsdag 29. august 2012

BLOMSTERENG-KJOLE

I dag har eg bl.a sydd ferdig denne kjolen. Den blei veldig gøy syns eg:) Fargerik og flott, om eg skal seia det sjølv.
Skjørtedelen er sydd av to ulike bomullsstoff. Framstykket er gjenbruksmateriale frå ei gardin, kjøpt brukt. Bakstykket er eit blått stoff med litt nyansar i, frå S&S.
Overdelen er raud stretch chenille, frå S&S. Ermene er sydd av eit lyseraudt syntetisk vintagestoff med fine blå og oransje blomar. halskant og ermekantar er kanta med oransje ribb, frå S&S. Var litt i stuss om eg skulle ha raud eller oransje ribb, men enda opp med oransje. Eg angrar ikkje på det:)








Denne kjolen vil eg påstå kan brukast heile året. dersom det blir litt kaldt, er det berre til å ha ein langerma topp inni, og ei knallfarga tjukk strømpebukse under, kva med knall oransje eller knall grøn??







Str. L (ca 42)
Lengde: ca 95 cm

Mønster: mitt eige

Pris: 795,- + porto

SOLGT!!





"MR. MAN- Redesignkjole"

Dette er ein redesignkjole, som eg sydde for eit par år sidan. Eg tok utgangspunkt i ein hettejakke med Mr-man figurar, som sonen min hadde vakse i frå. Eg hadde gode minner til desse figurane frå nokre bøker me hadde heime då eg var liten. Så denne jakka måtte bli til noko nytt:)
Eg hadde liggjande ei nesten ubrukt grøn t-skjorte og ei kjempevid dongeribukse. Desse plagga blei klipt til og sydd saman til denne kjolen du ser på bileta. Eg brukte ryggen på jakka til sonen min som pynt på ryggen av kjolen. Klipte òg ut nokre rundingar frå fòret i hetta på jakken, og laga applikasjoner her og der:)

Innimellom legg eg ut nokre av mine brukte kjolar for sal, og no er det tid for å selja denne.

Str. ca 42/44
Pris: 345,- + evt porto

Har du lyst på denne kjolen er det berre til å ta kontakt på e-post.



onsdag 22. august 2012

Då var kvardagen attende:)

Ja no er det på tide å blogge litt igjen. Har hatt ein lang og god feriepause, men no er eg i gong igjen:) Starta på jobb igjen forrige tysdag. Men eg skal berre jobba 70 % som lærar i år òg, så eg får fridagen min på onsdagar i år òg:))) Og den vil nok bli flittig brukt til syprosjekt:)) I dag har eg gjort ferdig nokre kjolar som eg har lagt ut for sal i eplabutikken min.  Du ser bilder av kjolane her:


Dersom du har lyst på ein av desse kjolane er det berre til å gå inn i nettbutikken min å handla:)
http://randidesign.epla.no


GLITRANDE KJOLE I BLÅTT, str M (40)
Pris: 825,- + evt. porto
SOLGT!!




 REDESIGNKJOLE I ROSA OG BEIGE, str. L (42/44)
Pris: 795,- + evt. porto
SOLGT!!




 STJERNEKJOLE I ORANSJE OG PETROLBLÅTT, str. L (42)
Pris: 825,- + evt porto
SOLGT!!




SYNTETISK KJOLE I BRUNT, BLÅTT OG ORANSJE, str. M (38/40)
Pris: 775,- + evt porto