Translate

onsdag 29. august 2012

BLOMSTERENG-KJOLE

I dag har eg bl.a sydd ferdig denne kjolen. Den blei veldig gøy syns eg:) Fargerik og flott, om eg skal seia det sjølv.
Skjørtedelen er sydd av to ulike bomullsstoff. Framstykket er gjenbruksmateriale frå ei gardin, kjøpt brukt. Bakstykket er eit blått stoff med litt nyansar i, frå S&S.
Overdelen er raud stretch chenille, frå S&S. Ermene er sydd av eit lyseraudt syntetisk vintagestoff med fine blå og oransje blomar. halskant og ermekantar er kanta med oransje ribb, frå S&S. Var litt i stuss om eg skulle ha raud eller oransje ribb, men enda opp med oransje. Eg angrar ikkje på det:)








Denne kjolen vil eg påstå kan brukast heile året. dersom det blir litt kaldt, er det berre til å ha ein langerma topp inni, og ei knallfarga tjukk strømpebukse under, kva med knall oransje eller knall grøn??







Str. L (ca 42)
Lengde: ca 95 cm

Mønster: mitt eige

Pris: 795,- + porto

SOLGT!!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar