Her har eg sydd ei veske med søte Babushka-dokker. Veska er sydd av ein ubrukt voksduk, kjøpt på JYSK.
Desse veskene er veldig greie å sy.
To deler til sjølve veska i den storleiken du vil ha, pluss to lange remser til hankar.
Denne veska er sydd i måla ca 41 cm x ca 45 cm.
Lag hankane så lange du vil ha dei.
Sy veska saman i sidene og i botnen. Klipp av ein liten 4x4 cm firkant i hjørnene i botnen på veska og sy saman igjen, slik at du får ein flat botn.
Sy stikningar i sidene, og brett ein brett øverst på veska og sy rundt. Sy på hankane. Så har du ei fin miljøvenleg handleveske:)
Eg syr gjerne fleire slike vesker på bestilling.
Pris: 125,- + evt. porto
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar