Translate

onsdag 31. oktober 2012

KJOLE MED PRIKKAR OG BLOMAR



I dag har eg sydd ferdig ein kjole i grønt og raudt.
Skjørtestoffet fann eg på loppemarknaden eg var på for nokre veker sidan. Tykte det blei fint i kombinasjon med grøn stretch velour med raude prikkar, frå Jofotex. Ermene er sydd av eit raudt jerseystoff, frå S&S.













Halskant er kanta med same stoffet som i ermene. kom litt i julestemning medan eg dreiv og sydde denne kjolen:) Raudt og grønt er jo typiske julefargar. Men kjolen kan fint brukast heile året. Ekstra "julete" blir det jo om ein har ei raud strømpebukse under.











Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no
 Str. 42/44
Pris: 795,- + porto




Ellers har eg sydd ein del snurre-skjerf i dag, men dei har eg ikkje teke bilete av enno. Skal ha dei med på julemessa eg skal vera med på i desember:) Så dei blir ikkje lagt ut for salg før etter julemessa (viss det er nokon igjen då:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar