Translate

søndag 16. november 2014

KULE REFLEKSAR AV STOFFRESTAR!

Såg ein idè på korleis ein kan sy refleksar. Her er min versjon.
Her kan ein få brukt opp stoffrestar på ein lur måte:)











Eg kjøpte 3 meter med breidt refleksband, på den lokale sy og strikkeforetningen her eg bur. Då fekk eg nok til ca 30 refleksar.  Eg brukte små peparkakeformer til å laga refleksmønster figurar.
Eg har sydd på refleks på begge sider, slik at den er synleg uansett kva veg den snur seg.

Refleksane er doble og det er stroke på tjukk vliselin på baksida av dei to delene, som så er sydd saman med sikksakk-saum og så er det sydd fast ei svart anorakksnor som er bretta dobbelt og har fått tredd innpå ei sikkerheitsnål til å festa på jakken.

VIKTIG Å BRUKA REFLEKS PÅ DENNE TIDA AV ÅRET!!!




ULLKJOLE I TURKIS

Denne kjolen er sydd av turkis krinkelull med glittertrådar, frå Janus. Ermene er sydd av coboltblå ullfrottè òg frå Janus. Mønsteret er eit modifisert kjolemønster, frå S&S.

Halskanten er kanta med same stoffet som er brukt til ermene.
Ermekantane er kanta med det turkise stoffet som er brukt i kjolen. Skjørtekanten er kanta med ei coboltblå blonde, frå Janus.













På brystet er det sydd på tre knappar som pynt.

Str. ca 42
Pris: 899,- + porto

SOLGT!!







tirsdag 4. november 2014

Nye kjolar frå meg:)

Har vorte lite blogging i det siste, men har ikkje slutta å sy:)
Her er nokre av kjolane eg har sydd i haust:

Kjolane på bileta her er i str 42/44

Og er lagt ut for sal i nettbutikken min:

http://randidesign.epla.no




SOLGT!!


SOLGT!!

SOLGT!!