Translate

onsdag 22. mai 2013

ORANSJE KJOLE MED FARGERIKE BLOMAR

Denne kjolen blei sydd i helga. Hadde eigentleg tenkt å ha den sjølv, men no er den solgt:)
Bryststykket og ryggstykket er  sydd av eit oransje jerseystoff, frå Jofotex (trur eg) Ermene er sydd av eit raudt hekleliknande syntetisk stretchstoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit vintage bomullstoff med knallfarga blomar.


















Halskant og ermekantar er kanta med eit grønt sportstretchstoff, frå S&S. På  bryststykket er det applikert på ein liten blome og rundt halskanten er det sydd på eit raudt pompongband.
















Str. L (42/44)
Pris: 675,- + porto   SOLGT!!

Mønster: mitt eige

 

KJOLE MED CUP-CAKES

Denne kjolen blei ferdig i dag.  Den er sydd av mjuke behagelege stoff og "fell fint" når den er på.
Det oransje stoffet er courtelle (litt tjukt stretchstoff), frå S&S.















Bryststykket er sydd av  korallraudt stretch chenille med cup-cakes, frå S&S. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein blomstermønstra topp, kjøpt på Fretex. Halskant er kanta med raud ribb, frå S&S.  Ermene er kanta med same stoff som er brukt i kjolen.






 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
På venstre framside av kjolen er det applikert på  ein stor cup-cake.

Str. L (ca 42/44)


Mønster: mitt eige

Kjolen er no blitt min!!

PINK PANTHER-kjole




Dette Rosa Panter vintage- stoffet, som eg har kjøpt på "nettet" berre måtte bli til ein kjole. Spurde først minstemann om han ville ha ein shorts i dette stoffet, men han takka nei til det:)





Eg har fått det knallrosa stoffet av ein god kollega, og dette passa godt saman med Rosa Panter stoffet.
Denne kjolen har eg sydd til meg sjølv.











Eg har brukt eit Stoff og Stil mønster, som eg har brukt mange gonger før. Men det opprinnelege mønsteret er litt stort til meg, så eg må sy kjolen inn i ryggen, for at den skal sitja finare på meg. Eg har dessutan laga halsopninga litt vidare og brukt jerseystoff i halskanten.

Str. Ca 42/44

Får nok fram nokre smil når denne kjolen blir teken i bruk:)

onsdag 15. mai 2013

KJOLE MED STRIPER OG OVALE PRIKKAR

Forrige fredag var eg innom Stoff og Stil butikken i Bergen (Salhusvegen)




Der kjøpte eg masse nye stoff, og bl.a  det stoffet eg har brukt på skjørtedelen i denne kjolen. Stoffa eg har brukt i overdelen, hadde eg liggjande.



Kjolen blei klipt til i går kveld og sydd ferdig i dag. Fridagen min i dag blei litt amputert, då eg blei oppringt frå jobb i dag tidleg om eg ikkje kunne ta nokre vikartimar i dag.  Men eg var ferdig med timane kl. 13, så eg fekk sydd litt i dag likevel:)












Denne kjolen syns eg blei litt morsom i både mønster og fargar.

Str. L (ca 42/44)
Mønster: mitt eige

Pris: 825,- + porto

SOLGT!!

REDESIGN KJOLE TIL SOMMAREN!





Denne kjolen har eg sydd til meg sjølv. Hadde liggjande overdelen av ein avklipt tunika, som eg gjerne ville bruka i ein kjole. Syns kombinasjonen lilla og raud er NYYYDELEG! Difor valgte eg å bruka eit raudt bistrech stoff, frå S&S, som skjørtedel. Eg ville markera overgangen mellom dei to stoffa med eit "belteparti", så eg fann fram limegrøn ribb, frå S&S.











Den opprinnelege tunikaen hadde V-hals, som var litt vel utringa, så eg valgte å sy v-opninga litt inn og sydde på ein sjøgrøn vintageknapp som pynt.
Måtte ha litt pynt på den raude skjørtedelen, så eg fann fram eit festleg stoff som har vore ei barneromsgardin.






Der var det små bilete av hus, bilar, ei jente og ein gut og ei sol. Klipte ut nokre av desse motiva og brukte som applikasjonar.  Syns kjolen blei morsom og gler meg til å ta den i bruk:)

Så får me tru sommaren kjem snart!!!









Mønster: mitt eige

Str. ca 42/44

mandag 13. mai 2013

KJOLE MED SOMMARFUGLAR




Her har eg laga meg ein vår og sommarkjole med sommarfugl som tema:)
Bryststykket er gjenbruksmateriale frå ein ny ubrukt topp, kjøpt på H&M. Ryggstykket er gjenbruksmateriale frå ein ny ubrukt gensar, kjøpt på Spar Kjøp.












Ermene er sydd av lyserosa jerseystoff, frå S&S. Ermekantar er kanta med rosa ribb. Halskanten er kanta med same stoff som er brukt på ryggstykket.

Skjørtedelen er sydd av stretch dongeri, frå S&S.




Kjolen har fått ein fin sommarfugl som applikasjon på framsida og ein mindre sommarfugl på baksida.

Str. L (42/44)

Mønster: mitt eige

SOLGT!!

fredag 3. mai 2013

KJOLE med "JOY"

Denne kjolen blei ferdig i kveld. Det er ein kjole som har lyst til å skapa glede:)





På baksida av kjolen står det J O Y, som betyr glede! Overdelen av kjolen er sydd av gjenbruksmateriale frå to ulike stretchkjolar. Skjørtedelen er sydd av coboltblå bistretch, frå S&S.









 












Har eigentleg lyst til å behalda kjolen sjølv, men har likevel lagt den ut for sal i eplabutikken min. Så vil du ha denne kjolen må du vera rask, for vips så har eg ombestemt meg  og teke den i bruk sjølv:)

Str. L (ca 42)
Pris: 849,- + porto

Mønster: mitt eige
 
 

onsdag 1. mai 2013

KJOLE MED TO FINE BLOMAR:)

Denne kjolen blei til i dag! Måtte sy litt i dag òg, sjølv om det er 1.MAI. Onsdag er jo sydagen min:)

Bryststykket og ryggstykket er sydd av mønstra viskosejersey, frå S&S. Ermene er sydd av knallgrøn sportstretchstoff, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av burgunderraud bomulls-twill (med stretch), frå S&S. På framsida av kjolen er det applikert på to store blomar med grøne kroklisser som stilkar.














Kjolen er fin å bruka heile året med eller utan ein langerma topp inni.

Str. L (42/44)
Lengde: 94 cm

Pris: 849,- + porto

SOLGT!!





















 
 
Mønster: mitt eige