Translate

mandag 11. august 2014

NOK EIN KJOLE SYDD AV EIN VINTAGEKJOLE:)




Var innom Fretex tidlegare i år og då kjøpte eg bl.a ein fotsid fargerik 70-talskjole, som eg ville bruka til redesign. Her ser du kjolen miksa med to nye viskosejerseystoff.  Det gule og lilla mønstra stoffet er frå S&S. Det som er brukt på ermene er frå Rainbow tekstil.

























Skjørtedelen er fòra då ytterstoffet var litt gjennomsiktig.

Str 42/44

Pris: 899,- + porto

Mønster: mitt eige

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

KJOLE SYDD AV VINTAGEKJOLE

Tidlegare i sommar var eg med ein kollega på tur til feriehuset hennar. Eg fekk då høve til å ta med meg ein gammal kjole som mora hennar hadde brukt. Eg fekk den med tanke på at eg skulle sy den om til ein ny kjole.
Her er kjolen i ny drakt:)














Overdelen er sydd av eit syntetisk stretchstoff, frå S&S. Denne delen av kjolen er sydd etter eit avkorta blusemønster med vannfall, frå S&S.

Str Ca 42/44

Pris: 849,- + porto

Mønster: mitt eige


























Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:




http://randidesign.epla.no

søndag 10. august 2014

KJOLE I BLÅTT



Denne kjolen sydde eg i førre veke. Nok ein kjole der eg har brukt noko av vintage stoffet som eg fekk av ei eg kjenner:)
















Brysstykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein svart jerseytopp. Ryggstykket er sydd av lilla stretch chenille med gråe prikkar, frå Jofotex (trur eg)




Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein blåmønstra syntetisk vintage kjole og skjørtedelen er sydd av eit blått litt kraftig syntetisk vintage stoff.
Kjolen har fått litt runde applikasjoner her og der:)



Str. ca 42
Lengde: ca 98 cm

Pris: 899,- + porto



Den blei litt trang til meg rundt livet, så den er lagt ut for salg i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no

torsdag 7. august 2014

KJOLE MED INNSLAG AV VINTAGESTOFF



I går sydde eg ferdig denne kjolen. Har vore på ferie eit par veker, så no  måtte det bli litt kjolesying igjen:)
Overdelen er sydd av tre ulike stretchstoff. Ermene og framstykket er stoff frå S&S. 


Bakstykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein sommarfuglmønstra ubrukt topp, kjøpt på salg.
Skjørtedelen er sydd av eit vintage crimpeline stoff.  Kjolen har fått ein korsliknande applikasjon på brystet.




















Str. L (42/44)

Mønster: mitt eige

Pris: 899,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:

Tenk å få ein heil pose med vintage crimpelinestoff!!!

For eit par dagar sidan fekk eg ein heil stor pose med vintage crimpelinestoff av ei eg kjenner.  Heldige meg:)

Har allereie starta å sy litt av stoffa.

Her har eg sydd ein topp der framstykket er eit flott hestemønstra syntetisk stoff i bruntonar, og bakstykket er eit svart strikkeliknande stoff, frå S&S. har kanta med svart ribb, frå S&S.

Str. ca 42

Mønster: modifisert mønster frå S&S.