Translate

torsdag 30. juni 2011

Redesignkjole i duse og mørke fargar




 
Dette blei ein kul redesignkjole, sjølv om eg tykkjer den er litt dyster i fargane:)
Utgangspunktet ser du på bileta. Eit maxiskjørt frå 70-talet, ein nesten ny topp frå nyare tid (kjøpt på bruktbutikken) eit hekleliknande stoff frå S&S til ermene.
Eg klipte først til skjørtedelane, klipte så vekk ermene og nedre del på den opprinnelege toppen, og klipte til nye ermer av heklestoffet. Sydde så alle delane saman. Kanta ermene med restar frå den avklipte toppen. Dette blei ein L-str. Litt trang å få på over bysten, men sit fint når du får dradd kjolen på plass:)

 Pris: 590,- + evt porto  Sommarsalg: NO 350,-

SOLGT!!

Prøveprosjekt- sy genser i 2 deler

Jenta mi på snart 11 år har etterkvart fått sterke meiningar,  om kva ho likar å gå i og ikkje. No er det ikkje berre for mor å gå ut å handla klede til ho, ho lyt vera med sjølv:)  Og no er det singlet med ein genser med vid hals utanpå, som gjerne skal dragast litt ned på skuldra på eine sida, + dongeritights, som er favoritt plagga. Ho har eit par gensarar som er sydd saman av to deler (bol og ermer klipt i eit stykke) Eg prøvde å laga eit mønster her ein dag, der eg tok utg.pkt i ein genser ho hadde, men den blei for trang i ermene og fekk ein merkeleg fasong. Dumt, då eg ikkje har meir igjen av dette stoffet til å sy ein ny:( Men , men, innimellom må ein rekna med at noko blir  mislukka, sånn er det berre.  (svart og kvitstripa viskosejersey frå Jofotex)

I kveld er jenta mi på overnattingsbesøk til ei venninne, så då ville eg prøva å sy ein ny gensar. No tok eg ein annen gensar og la den oppå stoffet eg ville bruka, og klipte rundt. Laga den nye gansaren litt lenger både på lengda og på ermene. Klipte 2 like delar og klipte til halsopninga på frihand. Stoffet er kjøpt hos MG-tyger. Svart ribb frå S&S.
No får me sjå i morgon om den passar:)

onsdag 29. juni 2011

Redesigndongeriskjørt 2

Utgangspunktet for dette redesignskjørtet var eit avklipt dongeriskjørt (som opprinneleg  var fotsidt) (Kjem ikkje på kva eg har brukt resten av skjørtet til:) I alle fall fann eg dette skjørtet fram, og klipte til eit fargerikt stoff som eg fann i ei kasse på loftet. Klipte dette stoffet ein del breidare enn skjørtet,slik at eg fekk laga små legg rundt heile kanten. Sydde så saman delane. Sydde på ei lyseblå kroklisse i overgangen mellom dei to delane. fann òg fram ei vintagebrikke som eg sydde på under høgre framlomme, for å gjera skjørtet litt meir spesielt og unikt. Sydde på ein nydeleg lyserosa knapp i midten på brikka.
Skjørtet er kanta med ein rosa overlock-saum.
Str. 38
Pris: 390,- + evt. porto

SOLGT!!

Redesigndongeriskjørt 1

Utgangspunktet for dette skjørtet var ei avklipt dongeribukse. Eg kjøpte nemleg to dongeribukser som låg i ei restekasse på ein butikk, til 50 ,- pr.stk. Buksene var altfor små til meg, men sidan det var to vide buksemodellar, så kunne eg bruka beina til å laga skjørt av (sydde skjørt i 6 delar). det blei då igjen øverste delen på buksene. Fann fram eit nydeleg kvitt vintage bomullsstoff med små mørkebrune blomar. Klipte til  ein stoffdel som var litt vidare enn dongeridelen, og nåla dette stoffet på og laga nokre små legg på framsida, og sydde fast.  Applikerte på 3 røde og rosa blomar på framsida, for å friske skjørtet litt opp. Sydde òg på ei rosa kroklisse i overgangen mellom dei to stoffa.
Skjørtet har fått ein rosa overlocksaum rundt skjørtekanten.
Str. 38
Pris: 390,- + evt porto

SOLGT!!

Kan hunden vera modell??

I går sydde eg opp ein del bomullshuer i ulike jerseystoff eg hadde liggjande. Ein av huene prøvde me på hunden vår Shiba, og ho kledde jo den ganske bra då??
Desse huene er berre soo gode å ha på, og passar fint til både born og vaksne:)

mandag 27. juni 2011

"Lilla stjerner i sikte"-kjole

STJERNER ER TOPPEN!!

Her har eg sydd ein kjole i lilla og lime. Eg syns det er ein knallfin kombinasjon av fargar!!!
Kjolen er sydd i mitt eige "RandiSign"-mønster:)   Stoffet eg har brukt denne gongen er stretch chenille frå S&S (limefarga) Stjernestoffet, som òg er i stretch chenille, trur eg kjem frå MG-Tyger eller Stof2000. Halskanten og ermekantane er microsateng, frå ein vintagetopp kjøpt på Fretex. Gjenbruk er tingen!! Framstykket er sydd i 3 delar. Bakstykket er sydd i 2 delar (med stjernestoffet)
Mønsteret er forma slik at kjolen skal vera figurnær, så den som vil ha denne kjolen, må vera  str ca 46/48, for at kjolen skal sitja fint på;)

Str.XXL (46/48)
Pris: 790,- + evt porto

SOLGT!!

søndag 26. juni 2011

storesyster ville ha sommarskjørt!!!

Jenta mi på snart 11 år kom i ettermiddag og sa: " mamma no ska du få lov til å laga noko du har venta på lenge- eg har lyst på  eit skjørt". Eg blei kjempeglad for at eg endeleg skulle få sy skjørt til "storesnuppa", så eg sa kom så går me opp på loftet og finn nokre fine stoff:) Og resultatet blei ikkje berre eitt, men FIRE skjørt i ulik lengde og fasong, etter ynskje frå "kunden":)) Alle skjørta fekk ribb i livet!
Her kjem litt "manekeng"bilete:) No får me berre håpa sommaren kjem, slik at skjørta kan få bli brukt!!

lørdag 25. juni 2011

Kamokjole med innslag av lilla:)


Her er ein kjole for den som vil kamuflera seg litt i terrenget:) Kjolen er sydd etter same mønster som kjolen i forrige innlegg, men str er litt mindre. Denne gongen blei det str M (38/40) Framstykket er sydd i tre deler, og bakstykket er sydd i 2 deler. Kjolen er sydd i stretchstoff. Kamuflasje sweatshirt-stoff,  beige stretch chenille og lilla isoli, alt frå S&S. Lilla ribb frå ein avlagt topp, rundt ermene og rundt halskanten. Bilete lyg litt, halskanten er meir lilla enn det som kjem fram på biletet (ser nesten ut som blå på biletet)
Pris: 790,- + evt porto

Dersom du får lyst på denne kjolen, så ligg den til sals i nettbutikken min:
http://randidesign.epla.no/

fredag 24. juni 2011

"Stjerner og grafitti"-kjole

Har sydd ein kjole til av  "nye" kjolemønsteret mitt. Denne gongen har eg brukt stretch-denimstoff frå S&S og Jofotex. Ermene er sydd av eit stripete vintage syntetisk strikkastoff i sølv og svart, kjøpt på Fretex. Raud ribb/jerseystoff på ermene og rundt halskanten. Då eg hadde litt lite av "grafitti"-stoffet, så måtte eg laga ein kant nederst for å få kjolen litt lenger. Tykte i grunn at det blei ei fin avslutning på kjolen, skapte meir heilheit på eit vis:)
Kjolen er str  liten L  Med andre ord str 40/42.  Stretch i stoffa, så litt flexibel i str.

Pris: 850,- + evt. porto

SOLGT!!

St.Hans 2011

Me har hatt ei super St.hansafta på Anestølen i kveld. Vêret blei bra òg, så det vart ein koseleg kveld for både store og små. Bålet var flott òg, som de ser:) Eldstejenta  i fronten. No får me håpa sommaren kjem for fullt, sjølv om sola har snudd og kveldane blir sakte men sikkert mørkare og mørkare:) Lenge leve sommaren!!!!

søndag 19. juni 2011

"CATS"-kjole

ENDELEG har eg laga ein kjole  med det nye kjolemønsteret mitt, som eg laga tidlegare i år. Har laga ein prøvekjole i dette mønsteret før. Eg blei veldig fornøgd med resultatet. Sydde kjolen av stretch chenille frå S&S. Kjolen har fått lange ermer og rund hals, dette blir nok meir ein haust og vinterkjole, men ein må jo ha det òg:)) Kjolen er sydd saman av 3 deler på framstykket, og 2 deler på bakstykket. Ein gul og ein lilla katt har plassert seg bak på kjolen. Dette mønsteret passar til stretchstoff. Kjem nok til å prøva dette mønsteret i fleece-stoff og stretchdenim òg.
Str. L (42)
Pris: 790
SOLGT!!

Kjole med store runde lommer

I går kveld prøvde eg meg på å laga ein kjole med "skjulte" store lommer. Tok utgangspunkt i "klinkekult"-mønsteret, eg har brukt før, og laga meg eit eige lommemønster som eg la oppå skjørtedelen og klipte til to bogar til lommeopningar (ein boge på kvar side) La så lommemønsteret på stoffet eg ville bruka inni og klipte ut to lommer. Sydde på skråband rundt lommeopningane på skjørtedelen, og sydde så fast lommestykka inni. Blei fornøgd med resultatet, men ser at eg kan laga litt større lommeboge for å få fram meir av lommestoffet. Men det blir på neste kjole:) Må prøva ut litt før ein kjem fram til det perfekte resultat og mønster:)
Str. L
Kjolen er sydd av eit dongeri- liknande bomullsstoff frå JYSK, og ein raud vintageduk med kvite blomar. Har sydd på ei grøn kroklisse rundt nedre skjørtekant. Har allereie teke kjolen i bruk, blei litt kort, syns eg,  så eg kjem nok til å bruka kjolen med ein tights under. Kanskje eg kjem til å sy på ein raud kant nederst, om eg vil ha kjolen litt lengre. Eg får sjå:)

lørdag 18. juni 2011

Jordbær-redesignkjole

Sidan eg er lærar , så er eg så heldig at eg startar sommarferien min på måndag. Og då håpar ein sjølvsagt på flotte sommardagar med sol og varme:) I kveld har det dessverre regna kjempemasse her me bur, og eg berre måtte ta fram symaskinene og sy ein sommarkjole med jordbær-motiv:) Jordbærsesongen er jo snart i gang:)
Tok fram eit kult stretch dongeristoff med påmalte målingsstrekar i ulike fargar, frå http://www.jofotex.se/, ei grøn t-skjorte og ein stripete singlet  med jordbærtrykk (kjøpt på Fretex, omtrent heilt ny) Så var det til å klippa dei ulike delane på kjolen. Ville bruka eit stykke av singletten, som midtdel/belte på kjolen. Klipte av ermene på t-skjorta og laga nye ermer av singletten. Sydde så i dei nye ermene, og sydde deretter sidesaumar og sydde på beltedelen til t-skjorta. Sydde så skjørtedelen og festa saman skjørt og topp. Applikerte på ein trekant på overdelen, likna nesten eit jordbær, og sydde på ein raud knapp i midten. Kjolen har ein trekant applikert bak på skjørtedelen òg.  Nok ein herleg redesignkjole:)
Str 42/44 Denne kjolen gler eg meg til å bruka i sommar:)

sjølvlaga skråband

Har lenge hatt liggjande ein skråbandfoldar,kjøpt på Stoff og Stil for fleire år sidan. Då eg kjøpte den, skjønte eg ikkje korleis den fungerte, og la den berre vekk. Her ein dag såg eg at nokon hadde laga skråband sjølv utan skråbandhaldar og då tenkte eg at eg måtte prøva foldaren min igjen. Og tenk eg fekk det til. Klipte ca 4 cm breie strimler med bomullsstoff på skrått (for å få banda litt elastiske) og putta eine enden av stoffet inn i foldaren, festa med ei nål på strykebrettet, drog i foldaren medan eg strauk skråbanda og vips så blei det mange fine skråband. Gøy å få til nye ting:)

torsdag 16. juni 2011

Litt nostalgi:))

Eg har no hatt 2 fridagar etter kvarandre  (avspasserer i dag) og i morgon tek eg sommarferie!!! Det blir bra:)
I går starta eg på ein kjole, som eg tenkte niesa mi  på 3,5 år skulle få. Mora seier ho har nok kjolar, men sommarkjolar får ein ikkje nok av, meiner eg:) Fann fram gardinene som eg og systra mi hadde på barnerommet på slutten av 70-talet. Dei er berre sååååå søte, og like fine i fargane. Litt store mønster, så eg måtte "sløsa" litt med stoffet for å få motivet eg ville bruka, midt på kjolen. Det blei ein singoallakjole, der eg brukte eit anna retrostoff til ermer.
No får me berre håpa på mange fine sommardager, slik at kjolen kan bli brukt med bare bein.
Str ca 4 år (mønsteret eg brukte var str 92,så la eg til litt på breidda og lengda)

lørdag 4. juni 2011

"Gulpeskjerf"

Fann mønster til gulpeskjerf i boka "Made by Me", og sidan eg blei tante til ein liten gut i november, så fann eg ut at dette kunne vera noko å sy til han. Mora ville gjerne ha nokre  slike skjerf, så i går sydde eg opp 3 stk gulpeskjerf. Brukte ulike interlock-stoff og jerseystoff, som eg hadde liggjande. Det er ikkje mykje stoff som skal til for å sy nokre slike skjerf. Til baksidestoff brukte eg eit frottèstoff, med god oppsugingsevne:) Slo i  trykk-knappar til å festa skjerfa rundt halsen. Så no kan nevøen min berre "sikla" i veg:))
Mønsteret er henta frå bloggaren
http://www.hobbykrok.blogspot.com/

"Blomar i sirklar"-kjole

Kjolen er sydd av det same stoffet som eg sydde skjørt av. Baksida på kjolen er sydd av eit nydeleg vintagestoff i rødt,rosa og orange fargar. Ermene er sydd av eit slags hekla stoff frå S&S.
Nok ein kjole etter "klinkekult" mønsteret frå http://klinkekult.blogspot.com/

SOLGT!!

Fargerikt sommarskjørt

Dette skjørtet er sydd av eit fargerikt bomullsstoff frå IKEA, kjøpt på Fretex.  Har litt å ta av, då eg sikkert kjøpte 5-6 meter av dette stoffet, for ein "slikk og ingenting". Baksida på skjørtet har fått det nyyyydelege limegrøne bomullsstoffet, som eg har sydd både kjole og bluse av tidlegare (har endå nokre meter igjen av dette stoffet). Skjørtet er sydd dobbelt, så det er eit tynt bomullsstoff som fòr inni. Grøn kant med blåe prikkar nederst. Rød ribb i livet.

"Orange sommardraum"

Her er endå ein kjole i det flotte "klinkekule" kjolemønsteret frå boka "Made by Me" http://klinkekult.blogspot.com/
Denne gongen har eg brukt eit herleg retro sengetøystoff frå 70 -talet, som eg har funne på loftet heime:)
Ermene er sydd av eit "stretchy" blondestoff frå S&S. Har applikert på to blomstrete sirklar nede på høgre framside av kjolen. No berre ventar eg på mange fine sommardagar, slik at dei nye kjolane mine kan få ut å lufta seg:)

onsdag 1. juni 2011

"Klinkekul" kjole

I dag har eg hatt fridagen min igjen, og då har eg sydd litt. Måtte berre prøva ut eit nytt mønster i den nye boka eg har kjøpt, "Made by me". I dag teikna eg av mønster til  ein kjole, som bloggar http://www.klinkekult.blogspot.com/ har laga. Tok fram nokre av stoffa eg kjøpte på Fretex for nokre veker sidan. Det limegrøne bomullsstoffet med kvite blomar, er berre så fiiint, syns eg.  Eg fann eit flott blomestoff, som eg ville bruka til ermer. Mønsteret til denne kjolen passa meg heilt flott. Str L
Enkel og grei skildring i boka  om korleis kjolen skulle syast. Det blir nok fleire kjolar til meg i dette mønsteret, ja:)

Singoallatoppar til sommaren:)

På lørdag fekk eg den flotte boka "Made by me", i posten. Der er det mange sybloggarar som har bidrege med med oppskrifter/mønster på alt frå interiør til klede for både liten og stor. Eg vil prøva ut fleire av mønstera på sikt. No har eg prøvd ut mønsteret til bloggaren http://www.jippiyes.blogspot.com/
"Jippi-Romantica-Oh-Yes-blusen"
Eg er ein 42/44 str. så eg tenkte at mønsteret i str 40 blei litt lite til meg, så på den første prøveblusen eg sydde så la eg på 1,5 cm på mønsterdelane. Det blei alt for stort. Så denne 40-str er nok ein stor str, og passar meg heilt fint:) Eg har sydd 4 nye blusar til meg sjølv i ulike stoff og kombinasjonar, både i vintagestoff og nye stoff. Det går fort å sy ein slik bluse, og særleg om ein har Overlock-maskin (det har eg)
Eg sydde skråband i halsopningen, men i ermene kasta eg berre over kantane og la opp kanten, til løpegang. Nede har eg valgt å sy på ribb, syns det blei betre enn ein løpegang til strikk. Eg har òg kutta litt på lengda på blusen, for å få lenfgda slik eg ville:) Håpar eg får brukt desse toppane masse i sommar, men dei blir sikkert fine til hausten òg, med ein langerma topp inni.