Translate

lørdag 27. april 2013

UGLEKJOLE I LILLA OG GRØNT

Denne kjolen er sydd av ulike stoff. Bryststykket er sydd av grå interlock med fargerike ugler, frå S&S. Ryggstykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein lilla syntetisk glitrande topp.
















Ermene er sydd av  lilla stretchstoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit eplegrønt bomullsstoff med kvite blomar, som tidlegare har hatt eit liv som dynetrekk:)


 













Halskant og ermekantar er kanta med mørk rosa ribb, frå S&S.

Dette er ein fin kjole til bruk om våren og sommaren!

Mønster: mitt eige

Str. L (ca 42/44)
Pris: 795,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no


 

fredag 26. april 2013

REDESIGNKJOLE i GRØNT OG TURKIS

Denne kjolen er ein redesignkjole med gjenbruksmateriale frå to ulike kjolar. Overdelen i grønt er sydd av gjenbruksmateriale frå ein ermelaus viskosekjole. Skjørtedelen er sydd av gjenbruksmateriale frå ein polyesterstretch kjole, kjøpt på Fretex. Midtstykket er gjenbruksmateriale frå ein syntetisk stretchtopp, kjøpt på Fretex.













Dette  er ein herleg sommarkjole til varme sommardagar:)

Str. S (ca 36/38)
Pris: 775,- + porto

Kjolen er lagt ut i nettbutikken min på epla:
http://randidesign.epla.no
 

BLOMSTERKJOLE AV RESTESTOFF:)

Denne kjolen blei sydd ferdig i går kveld. Den er sydd av ulike restestoff + ein raud og oransje blomstrete duk!!
Midtstykket er gjenbruksmateriale frå ei vintage bomullsgardin  sidestykka framme er frå ein blomstrete duk. Midtstykket bak er stretchdenim frå S&S.Sidestykka bak er mosegrøn stretchdenim. Kjolen har fått ei lang spiss hette sydd av den blomstrete duken og er fòra med  oransje courtelle, frå S&S.












Kjolen er ermeløs, og ermeopningane er kantamed grøn ribb, frå S&S. Skjørtekanten er kanta med eit blåmønstra syntetisk vintagestoff.
Kjolen blei teke i bruk i dag med ein langerma oransje topp inni.  Og ei knallraud smal bukse (nesten tights) under:)

GLA' VÅRKJOLE!!!!!

Str. ca 42/44

Mønster:Stoff og Stil (men med ein del modifisering,


bl.a mitt eige hettemønster)

fredag 19. april 2013

FLASKEGRØN KJOLE MED "LOVE"

Denne kjolen blei sydd denne veka og er sydd av eit flaskegrønt syntetisk vintagestoff, kjøpt på Fretex. Stoffet er stripete, men litt vanskeleg å sjå. Ermene og halsstykket, er sydd av gjenbruksmateriale frå ein vintagekjole, kjøpt på Fretex.
For at ikkje kjolen skulle bli for "bestemorsaktig" :), så har eg sydd på litt "fancy" pynt på kjolen.













Eit stort hjarte på framsida og eit lite hjarte på ryggen. Kjolen har fått LOVE applikert på framsida, med store grøne blomstrete bokstavar.
Skjørtekanten er kanta med beige polyester ribb, frå S&S. Det er òg sydd på ei grøn kroklisse i bølger rundt skjørtekanten.

Grønt er skjønt!!!!! No kan våren berre koma for fullt!!!!!

Str.42/44




Mønster: Stoff og stil  (men med litt modifisering)

SØT BLOMSTRETE SOMMARKJOLE

Denne kjolen blei sydd på onsdag og er sydd av ulike stoff.
Bryststykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein ny jerseytopp. Ryggstykket er sydd av lilla stretch chenille, frå S&S. Ermene er sydd av eit grønt polyester vintage stoff med kvite striper.















Skjørtedelen er sydd av gjenbruksmateriale frå ein nyyyydeleg "ny" polyestersateng vintagekjole, kjøpt på Fretex.  Kan det bli meir sommarkjole????


















Kjolen er i str L (ca str 42)
Pris: 775,- + porto

SOLGT!!


søndag 14. april 2013

Kjole med ugle på:)

Dette er den andre kjolen som blei ferdig i dag.
Denne kjolen er sydd i oransje og vinraude tonar. Bryststykket er sydd av brent oransje stretch chenille, frå S&S. Ryggstykket er sydd av eit vinraudt jerseystoff, frå S&S. Ermene er sydd av oransje jerseystoff, frå S&S.














Skjørtedelen er sydd av eit flott og fargerikt vintagestoff, som har hatt eit tidlegare liv som gardinlengd.
Kjolen har fått ein ugleapplikasjon på bryststykket og ein blomeapplikasjon på ryggstykket.











Ermekantar og halskant er kanta med same stoff som er brukt i ryggstykket.

Str. L (str. 42/44)
Lengde: ca 94 cm

Pris: 825,- + porto   

SOLGT!!

Mønster: mitt eige




KJOLE I RETROSTIL

I dag har eg sydd ferdig to nye kjolar. Den eine ser du her:)

Den er sydd med utg.pkt i eit fotsidt syntetisk skjørt, frå 70 talet.
Kjolen er litt "frekk" i både fargesamansetning og mønster. Så dette er ein kjole for den litt vågale, som vil skilja seg litt ut:)
Bryststykket er gjenbruksmateriale frå ein ny jerseytopp. Ryggstykket er sydd av oransje ribbstoff, frå S&S. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein stripete jerseytopp, kjøpt på Fretex. Skjørtedelen er altså sydd av gjenbruksmateriale frå det flotte 70 -tals skjørtet.












Halskant og ermekantar er kanta med gjenbruksmateriale frå ein ny lilla jerseytopp.

Str. S+ (ca str 38)

Lengde: ca 93 cm

Pris: 775,- + porto

Mønster: mitt eige



Kjolen er lagt ut for sal i nettbutikken min:
http://randidesign.epla.no






tirsdag 9. april 2013

SKJØRT SYDD AV BLOMSTRETE VINTAGESTOFF

Dette skjørtet blei sydd i kveld. Eg fekk ei pakke i posten i dag, med flotte vintagestoff. (bestillt på epla.no)
Det eine stoffet måtte berre bli til eit skjørt:) Herleg grøn botnfarge og store fine blomar i kvitt og rosa.
Skjørtet har raud ribb i livet og ein lyserosa kant av jerseystoff, på skjørtekanten.

Herleg vår og sommarskjørt til den som er glad i sterke fargar:)












Str. L (ca 42/44)

Pris: 399,- + porto

Mønster: mitt eige



















Skjørtet er lagt ut for sal i eplabutikken min:

http://randidesign.epla.no


BURGUNDER-RAUD KJOLE MED STJERNE



Denne kjolen er sydd av mjuke herlege stoff. Brysstykket er sydd av rosa stretch chenille med raude stjerner. Ryggstykket er sydd av eit fargerikt jerseystoff, frå MG-tyger. Resten av kjolen er sydd av burgunder-raud courtelle (litt kraftig stretch stoff), frå S&S.
Halskant og ermekantar er kanta med same stoffet som er brukt i ryggstykket.










På høgre framside av kjolen er det applikert på ei stjerne, med ein vintage knapp i midten:)

Str. L (42/44)

Pris: 849,-








Mønster: mitt eige




















Denne kjolen skal snart vera med på eit spanande prosjekt i lag med 7 andre kjolar:) Skal skriva meir om det prosjektet  seinare! 

Det er berre å fylgja med på bloggen min utover våren!!!

mandag 1. april 2013

RAUD OG SVART KJOLE MED KATT:)

Denne kjolen blei ferdig no i kveld. Den er sydd av gjenbruksmateriale og nytt stoff. Var innom Fretex  på veg til hytta no i påsken, og då kjøpte eg ein fin raud viskosejerseykjole med kvite prikkar og ein svart syntetisk glitrande topp. Begge med tanke på redesign:)
Eg hadde liggjande eit svart cordfløyelsstoff som eg fekk for eit par år sidan etter ei opprydding. Syns det stoffet blei fint å kombinera med gjenbruksstoffa.











Kjolen har fått ein stor katt applikert på høgre framside, med gule knappar til auger og raudrosa knapp til snute:)













Ermene er litt utsvinga og "flagrande" og går ca til olbogen.

Str. L (ca 42/44)
Lengde: ca 99 cm  (rekk til knea på meg som er 168 cm)