Denne kjolen er sydd av mjuke herlege stoff. Brysstykket er sydd av rosa stretch chenille med raude stjerner. Ryggstykket er sydd av eit fargerikt jerseystoff, frå MG-tyger. Resten av kjolen er sydd av burgunder-raud courtelle (litt kraftig stretch stoff), frå S&S.
Halskant og ermekantar er kanta med same stoffet som er brukt i ryggstykket.
På høgre framside av kjolen er det applikert på ei stjerne, med ein vintage knapp i midten:)
Str. L (42/44)
Pris: 849,-
Mønster: mitt eige
Denne kjolen skal snart vera med på eit spanande prosjekt i lag med 7 andre kjolar:) Skal skriva meir om det prosjektet seinare!
Det er berre å fylgja med på bloggen min utover våren!!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar