For at ikkje kjolen skulle bli for "bestemorsaktig" :), så har eg sydd på litt "fancy" pynt på kjolen.
Eit stort hjarte på framsida og eit lite hjarte på ryggen. Kjolen har fått LOVE applikert på framsida, med store grøne blomstrete bokstavar.
Skjørtekanten er kanta med beige polyester ribb, frå S&S. Det er òg sydd på ei grøn kroklisse i bølger rundt skjørtekanten.
Grønt er skjønt!!!!! No kan våren berre koma for fullt!!!!!
Str.42/44
Mønster: Stoff og stil (men med litt modifisering)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar