Translate

mandag 29. juli 2013

KJOLE MED SOMMARBLOMAR OG HUNDETANNMØNSTER



Denne kjolen er sydd av to ulike vintage stoff i syntetiske materiale. Eg har sydd  ein kjole før i det blå småblomstrete stoffet, men den er solgt. Fann ut at eg ville sy ein kjole til meg sjølv av resten av det stoffet. Det var ikkje nok til ein heil kjole, difor måtte eg ha innslag av eit anna stoff, og då syns eg det røde og svarte hundetannmønstra stoffet passa bra. Det gjorde kjolen litt røffare:) Halskant og ermekantar er kanta med turkis ribb, frå S&S.

 



Mønsteret er frå S&S, med litt endringar i halskant og ermekantar.

Denne kjolen blir min og blir fin som vår og sommarkjole.

Str. 42/44

FLOTT GARDINLENGD FRÅ FRETEX, BLEI FESTFIN KJOLE




Denne kjolen blei sydd i går, medan resten av familien var på fotballkamp og besøk.
Kjolen er sydd av ei beige gardinlengd, kjøpt på FRETEX. Stoffet er veldig stødig og har flott struktur. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein chiffon-kjole, òg kjøpt på Fretex. Eg har brukt off-white skråband i halsopninga.
Mønsteret er frå S&S, men eg har sydd ermer i denne og gjort litt andre endringar.


















Det er applikert på eit lilla hjarte på framsida for at kjolen ikkje skulle bli for "kjedeleg":)




Str. XL (44)
Lengde: 94 cm

Pris: 775,- + porto

SOLGT!!

lørdag 27. juli 2013

KJOLE MED BASEBALL-MØNSTER



Denne kjolen blei sydd forrige veke då det regna voldsomt her me bur:)
Eg har gjort nokre justeringar på 3-delt front kjolemønsteret mitt og sydde denne kjolen til meg sjølv etter det nye mønsteret..













Ser no at eg kun kan bruka stretchstoff når eg brukar dette mønsteret.



Kjolen er sydd av "slitt-look" stretchdongeri m/stjerner, frå Jofotex. Det andre stoffet med baseballmotiv er jerseystoff, frå Jofotex.


Eg har prøvd meg på ein ny krage  i halskanten. Ser at neste gong vil eg få kragesplitten litt lenger framme. Men det er ved prøving og feiling at ein får gode resultat til slutt:)



Str. 42/44



Mønster: mitt eige


Denne kjolen har eg sydd til meg sjølv.

Sommarkjolar i lange baner.....

Denne veka har det vore så flott vêr at me har vore på badestranda heile veka. Men på kveldstid har det blitt litt sying. Eg har sydd ein bestillingskjole, elles har det blitt nokre nye sommarkjolar til meg sjølv i eit nytt mønster  frå S&S.

Har endra mønsteret litt ved bl.a  å ikkje sy på lommer og eg har kutta ut glidelåsen bak, då eg fann ut at det gjekk fint å ta på kjolen utan å opna glidelåsen(sydde  nemleg ein kjole tidlegare i sommar med glidelås i same mønsteret).  Eg har òg droppa fòr, då stoffa eg har sydd i ikkje hadde behov for at eg sydde i fòr.  Så mønsteret er litt modifisert:) Eg tykkjer kjolane blei enkle og fine og utruleg behagelege å gå i.
 Bestillingskjole sydd i viskosejersey, frå Jofotex



 Kjole i knall fargar sydd av vintage bomulls-stoff.


 Uglekjole i lilla, sydd av uglestoff frå JYSK


 
Kjole i raudt med prikkar, sydd av raud bomullspoplin, frå S&S
 
Håpar eg framleis får nytta desse kjolane masse denne sommaren.
 
YNSKJER ALLE EIN FRAMLEIS FIN SOMMAR:)

onsdag 17. juli 2013

DONGERIKJOLE MED STJERNER OG " SLITT LOOK"



Endeleg fekk eg sjansen til å sy litt etter nokre veker med pause frå symaskinene. Har vore på litt turar både inn og utanlands:) Kjekt det:)
Denne kjolen skulle eigentleg bli min, men den blei litt trang kan du seia. Har no gjort nokre justeringar på dette kjolemønsteret, så eg får prøve til att. Denne kjolen er difor lagt ut for sal i eplabutikken min:)
Den er sydd av to ulike stretch dongeristoff, det mørkaste stoffet er frå S&S, og det andre med stjerner, er frå Jofotex.








Prøvde meg òg på ein ny hals i dag. Krage med opent snitt i sida, det kjem eg til å laga på fleire kjolar framover. Alltid kjekt å prøva ut noko nytt.














Kjolen er òg fin å bruka som tunika, då den er ca 86 cm lang.

Mønster: mitt eige

Str. ca 40

Pris: 725,- + porto

SOLGT!!