Translate

mandag 29. juli 2013

FLOTT GARDINLENGD FRÅ FRETEX, BLEI FESTFIN KJOLE




Denne kjolen blei sydd i går, medan resten av familien var på fotballkamp og besøk.
Kjolen er sydd av ei beige gardinlengd, kjøpt på FRETEX. Stoffet er veldig stødig og har flott struktur. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein chiffon-kjole, òg kjøpt på Fretex. Eg har brukt off-white skråband i halsopninga.
Mønsteret er frå S&S, men eg har sydd ermer i denne og gjort litt andre endringar.


















Det er applikert på eit lilla hjarte på framsida for at kjolen ikkje skulle bli for "kjedeleg":)




Str. XL (44)
Lengde: 94 cm

Pris: 775,- + porto

SOLGT!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar