Translate

lørdag 27. juli 2013

Sommarkjolar i lange baner.....

Denne veka har det vore så flott vêr at me har vore på badestranda heile veka. Men på kveldstid har det blitt litt sying. Eg har sydd ein bestillingskjole, elles har det blitt nokre nye sommarkjolar til meg sjølv i eit nytt mønster  frå S&S.

Har endra mønsteret litt ved bl.a  å ikkje sy på lommer og eg har kutta ut glidelåsen bak, då eg fann ut at det gjekk fint å ta på kjolen utan å opna glidelåsen(sydde  nemleg ein kjole tidlegare i sommar med glidelås i same mønsteret).  Eg har òg droppa fòr, då stoffa eg har sydd i ikkje hadde behov for at eg sydde i fòr.  Så mønsteret er litt modifisert:) Eg tykkjer kjolane blei enkle og fine og utruleg behagelege å gå i.
 Bestillingskjole sydd i viskosejersey, frå Jofotex



 Kjole i knall fargar sydd av vintage bomulls-stoff.


 Uglekjole i lilla, sydd av uglestoff frå JYSK


 
Kjole i raudt med prikkar, sydd av raud bomullspoplin, frå S&S
 
Håpar eg framleis får nytta desse kjolane masse denne sommaren.
 
YNSKJER ALLE EIN FRAMLEIS FIN SOMMAR:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar