Translate

onsdag 31. oktober 2012

KJOLE MED PRIKKAR OG BLOMAR



I dag har eg sydd ferdig ein kjole i grønt og raudt.
Skjørtestoffet fann eg på loppemarknaden eg var på for nokre veker sidan. Tykte det blei fint i kombinasjon med grøn stretch velour med raude prikkar, frå Jofotex. Ermene er sydd av eit raudt jerseystoff, frå S&S.













Halskant er kanta med same stoffet som i ermene. kom litt i julestemning medan eg dreiv og sydde denne kjolen:) Raudt og grønt er jo typiske julefargar. Men kjolen kan fint brukast heile året. Ekstra "julete" blir det jo om ein har ei raud strømpebukse under.











Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no
 Str. 42/44
Pris: 795,- + porto




Ellers har eg sydd ein del snurre-skjerf i dag, men dei har eg ikkje teke bilete av enno. Skal ha dei med på julemessa eg skal vera med på i desember:) Så dei blir ikkje lagt ut for salg før etter julemessa (viss det er nokon igjen då:)

mandag 29. oktober 2012

FINKJOLE MED LEOPARDPRINT



Denne kjolen har eg ikkje blogga om, så no må den få sin plass:)
Kjolen er sydd av syntetiske stoff og har litt fest og stas over seg, syns eg:)
Bryststykket og ryggstykket er sydd av eit svart stretch stoff med sølvprikkar, frå S&S.
Ermene er sydd av eit blått vintagestoff med lilla og grøne mønster. Nedre del av ermene er sydd av eit lilla blondestoff, frå S&S.






Skjørtedelen er sydd av eit grått syntetisk stretch stoff med svart leopard-mønster.
halskanten er kanta med svart sportstretchstoff, frå S&S. Halsen er litt vid, for den som likar det:)







Kjolen er ca 95 cm lang

Str. ca 42/44

Pris: 795,- + porto

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no


Mønster: mitt eige

onsdag 24. oktober 2012

♥KJOLE I BRUNT VINTAGE-STOFF♥




Denne kjolen blei ferdig i dag. Den er sydd av eit brunt syntetisk vintagestoff med gullblomar og eit brunmønstra viskosejerseystoff, frå S&S.
Ermene har "trompetform" og er 3/4 lange.













Kjolen er fin å bruka både til kvardag og fest, vil eg påstå:)











Str. S (ca 38)
Lengde: 87 cm

Pris: 825,- + evt. porto

SOLGT!!


Mønster: mitt eige

HJARTEKJOLE




I dag har eg sydd ferdig denne kjolen. Den er sydd etter mitt eige mønster med tredelt framstykke og stoffa er i stretchkvalitet.
Det beige stoffet er beige stretch cordfløyel, frå min lokale stoffbutikk.  Det andre stoffet er mønstra viskosejersey, frå Jofotex.












Ermene er sydd av eit pudderrosa blondestoff, frå S&S.
Halskant og ermekantar er kanta med mørkerosa ribb, frå S&S.

På brystet er det applikert på eit hjarte med same stoffet som i kjolen.

Skjørtekanten har fått ei off-white blonde påsydd.

Det er god stretch i alle stoffa,.

Str. ca M (40)
Lengde: 98 cm (blir litt kortare når kjolen er på)

Pris: 825,- + evt. porto

Mønster: mitt eige

SOLGT!!

lørdag 20. oktober 2012

HAUSTFARGAR UTE



                                                           
                                                
Hausten er ei fin tid, syns eg. Stearinlys og fyr i ovnen inne er toppers. Og fargane ute i naturen er FANTASTISKE!!!   Det er flott ute no når blada framleis heng på trea med dei flotte haustfargane, gul, oransje og raud.







Me var litt seine med å så solsikkefrø i år, så solsikka vår kom ikkje ut før no i oktober. Sjå kor fin den er!!!







Hausten gir meg fargeinspirasjon:)

Ynskjer dykk all ein kreativ og flott haust!!

Dongerikjole kombinert med jerseystoff




Denne kjolen sydde eg i går kveld. Den er sydd etter eige mønster med tredelt front og tredelt bakstykke.
Dongeristoffet er stretch denim, frå S&S. Eg har brukt eit mønstra jerseystoff i frontstykket og ryggstykket, frå S&S.













Ermene er sydd av lilla jerseystoff, òg frå S&S. Og dei har fått litt "puff"
Halskant og ermekantar er kanta med turkis ribb, frå S&S. Ermene er i ein 3/4 lang lengde, som er perfekt for meg:)










Dongeristoffet er ganske mørkeblått, så for å "liva" opp fargane litt bak, så har eg sydd på to fargerike blomar på høgre bakside. Sydde på ein svart prikk i midten for å få ordentleg blomstfølelse:)

Skjørtekanten er kanta med same stoff som i ermene, for å få cperfekt lengde på kjolen, nemleg midt på kneskåla:)


Denne kjolen blei teken i bruk i dag, då eg har vore i 5 årsdag til niesa mi. Og då må ein jo pynta seg med kjole:)  Denne kjolen blei eg godt fornøgd med, så eg reknar med at den blir mykje brukt.

Str. 42/44

Mønster: mitt eige

onsdag 17. oktober 2012

KNALL ORANSJE KJOLE MED UGLER




Her kjem eit innlegg om den andre kjolen som eg har sydd ferdig i dag.
Dette er ein kjole for ei ugleglad dame:)
Kjolen er sydd i mitt favorittkjolemønster med raglan ermer:)
Overdelen er sydd av grå stretch chenille, frå S&S, og eit grått jerseystoff med fargerike ugler, frå Jofotex. Skjørtedelen er sydd av eit oransje blankt syntetisk stoff, frå S&S. Kjolen har fått nokre store ugler som pynt. Desse uglene er klipt ut frå eit stoff kjøpt på JYSK.
Halskant og ermekantar er kanta med turkis ribb, frå S&S.


Str. ca 38
Lengde: 94 cm

Pris: 825,- + evt porto

SOLGT!!

KJOLE I HAUSTENS MOTEFARGE: BURGUNDER






 







I dag har eg sydd ferdig to nye kjolar og her er ein av dei.
Den er litt redesign, då eg har brukt stoff frå ein syntetisk vintagekjole, eg kjøpte på Fretex i haustferien.











Det er sjølvsagt stoffet i midtstykket, som er frå denne kjolen. Det burgunder stoffet som er brukt i kjolen er jerseystoff, frå


S&S. Ermene er sydd av eit hekleliknande stoff, kjøpt på Jofotex.
Halskant, ermekantar og skjørtekant er kanta med grønt jerseystoff, frå S&S






Kjolen har nydelege fargar som passar godt til hausten:)  men kan sjølvsagt brukast ellers i året òg:)

Str. 44 (xl)
Lengde: 94 cm

Pris: 825,- + evt. porto

SOLGT!!

Mønster: mitt eige

torsdag 11. oktober 2012

NYTT KJOLEMØNSTER




I dag har eg prøvd å laga eit nytt kjolemønster. Hadde lyst til å laga eit mønster utan raglanermer, men med skuldersaumar og ermer, gjerne med litt puff. Laga først eit mønster, men det blei litt for stort til meg, så eg prøvde på nytt. Og her er første kjolen med det nye mønsteret. Den blei litt kort i overdelen til meg (då eg trekkjer litt over bysten), så eg har lagt kjolen ut for sal i nettbutikken min på epla.no








Så neste gong må eg laga overdelen litt lenger, slik at mønsteret passar min fasong:)
Syns fargane i stoffa er veldig fine. Skjørtedelen er stoff eg kjøpte på loppemarknad tidlegare i haust. Overdelen er eit stripete strikkeliknande syntetisk stoff, frå S&S. Ermene er eit beige syntetisk stretchstoff, frå S&S.
Halskant og ermekantar er kanta med lilla ribb, frå S&S.

Str. ca 42
Litt smal over bysten og god vidde i livet.

Pris: 775,- + evt porto

Kjolen ligg ute for sal på
http://randidesign.epla.no

torsdag 4. oktober 2012

Kåpe av stoff frå loppemarknad




For ei vekes tid sidan var eg med og solgte "lopper" på ein loppemarknad. I pausen tok eg meg ein runde for å sjå om det var noko eg kunne ha av interesse. Eg fann nokre stoffbitar, bl. a eit grått og lilla rutete ullstoff.  Så då fann eg ut at eg måtte sy ei ny kåpe av dette stoffet. Kombinerte det med ein grå ullfiltrest, som eg hadde på loftet.
Fann fram kåpemønsteret frå S&S og sette i gong.











Denne gongen prøvde eg å få halsutringningen litt mindre, slik kåpa ikkje blei så open i halsen. Det fekk eg til. Og i stadenfor knappar sette eg i ein koksgrå 72 cm lang glidelås, som eg hadde klipt av ein gamal fleecejakke.








Sydde på ei lomme på høgre sida av kåpa, kjekt å ha til småting og evt ein refleks:) Sydde på ein svart vintageknapp, som pynt på lomma.






Str. 42/44
MØNSTER: Stoff og stil (men med litt endringar)



No har eg fleire slike kåper i denne modellen, men eg har endra litt på mønsteret kvar gong, så då er dei ikkje heilt like:)

onsdag 3. oktober 2012

Handleveske av voksduk:)


Her har eg sydd ei veske med søte Babushka-dokker. Veska er sydd av ein ubrukt voksduk, kjøpt på JYSK.
Desse veskene er veldig greie å sy.
To deler til sjølve veska i den storleiken du vil ha, pluss to lange remser til hankar.

Denne veska er sydd i måla ca 41 cm x ca 45 cm.
Lag hankane så lange du vil ha dei.
Sy veska saman i sidene og i botnen. Klipp av ein liten 4x4 cm firkant i hjørnene i botnen på veska og sy  saman igjen, slik at du får ein flat botn.
Sy stikningar i sidene, og brett ein brett øverst på veska og sy rundt. Sy på hankane. Så har du ei fin miljøvenleg handleveske:)













Eg syr gjerne fleire slike vesker på bestilling.

Pris: 125,- + evt. porto