Dongeristoffet er stretch denim, frå S&S. Eg har brukt eit mønstra jerseystoff i frontstykket og ryggstykket, frå S&S.
Ermene er sydd av lilla jerseystoff, òg frå S&S. Og dei har fått litt "puff"
Halskant og ermekantar er kanta med turkis ribb, frå S&S. Ermene er i ein 3/4 lang lengde, som er perfekt for meg:)
Dongeristoffet er ganske mørkeblått, så for å "liva" opp fargane litt bak, så har eg sydd på to fargerike blomar på høgre bakside. Sydde på ein svart prikk i midten for å få ordentleg blomstfølelse:)
Skjørtekanten er kanta med same stoff som i ermene, for å få cperfekt lengde på kjolen, nemleg midt på kneskåla:)
Denne kjolen blei teken i bruk i dag, då eg har vore i 5 årsdag til niesa mi. Og då må ein jo pynta seg med kjole:) Denne kjolen blei eg godt fornøgd med, så eg reknar med at den blir mykje brukt.
Str. 42/44
Mønster: mitt eige
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar