Translate

søndag 29. april 2012

RETROKJOLE I BRUNT OG RAUDT



Denne kjolen er litt retro. Skjørtestoffet er eit kult syntetisk vintagestoff, truleg frå 70 -talet.
Har kombinert dette stoffet med to fine stretchstoff, frå Stoff og Stil.














Bryst-og ryggstykket er eit raudt stoff med roser som struktur i stoffet. Ermene er eit brunt jerseystoff med svarte og gullfarga ovale sirklar. Halskanten er kanta med det same stoffet som ermene er sydd av. Ermekantane er kanta med raud ribb, frå S&S.
Har ikkje pynta kjolen med noko ekstra, då stoffa i seg sjølv er så fine:)

Str.: ca 42 (M/L)
Lengde: 90 cm
Mønster: mitt eige

Pris: 775,- + porto

SOLGT!!


FISKEKJOLE:)




Har sydd ein ny kjole, der eg har brukt stoff frå ein frottèjerseykjole med masse fiskar på.  No er det snart ikkje meir stoff igjen av kjolen, då eg har sydd to kjolar tidlegare av same stoffet.







Kjolen har fått ryggstykke av eit kult grafittimønstra viskosejerseystoff, frå MG-tyger.
Ermene er lilla stretch chenille med grå prikkar, frå MG-tyger (trur eg).
Skjørtedelen er eit krøllefritt syntetisk vintagestoff i grønt med kvite striper, kjøpt på Fretex.




Sydde på ein rund applikasjon nede på høgre framside av kjolen.  Då eg hadde lite fiskestoff igjen, måtte det bli ein saum midt  på bryststykket. For å skjula saumen litt og samstundes pynta kjolen litt, sydde eg på 3 grøne vintage knappar.

Denne kjolen beheld eg sjølv, trur eg:)

Str. 42/44 (min str)

Mønster: mitt eige

torsdag 26. april 2012

KNÆSJ SOMMARKJOLE i LIME OG ROSA




I går var det fridag igjen, og som vanleg på onsdagar blei det litt sying. Sydde 3 kjolar i går og her er ein av dei. Dei andre kjolane skal eg blogga om seinare:)
Denne kjolen er litt redesign, då eg har brukt stoff frå  bl.a 2 ulike nye overdelar, kjøpt på salg:)
Framstykket er rosa jerseystoff, frå MG-tyger. Ryggstykket er stoff frå ein ny mønstra topp, kjøpt på salg. Morsomme fjes av menneske  og ulvar:)
Skjørtedelen er beige satin med karrygule bomber, frå S&S. Kjolen er kanta i halskant med det same limegule jerseystoffet, som på ermene.

Ein morsom rektangulær applikasjon på brystet, med ein glidelås sydd på kun som ein artig detalj:) Kjolen blei litt meir kul og spanande med ein gong, syns eg:)

Dette må då vera ein super sommarkjole til  den som er glad i litt spreke fargar:) Kjolen passar meg fint, men eg har bestemt meg for å selja denne.

Str. L (42/44)
Lengde: 95 cm

Pris: 775,- + evt. porto

SOLGT!

Mønster: mitt eige raglankjolemønster

onsdag 18. april 2012

SKJØRT MED STORE BLOMAR


Dette er eit skjørt som er sydd av gjenbruksmateriale. Stoffet har hatt eit tidlegare liv som gardiner. Kjøpte 2 gardinlengder på bruktbutikken i bygda, for eit par veker sidan. I dag blei det eit nytt skjørt:) Det er eit slags poplin-liknande bomullsstoff.
Svart ribb i livet, frå S&S.

Str. 42
Lengde: 52 cm
Pris: 390,- + evt porto   SOLGT!

Mønster: eige







Skjørt med mange ansikt:)



Dette skjørtet sydde eg i dag. Det er sydd av ulike stoff, alle frå S&S.
Stoffet med ansikta, var litt tynt, så skjørtet måtte fòrast. Har brukt grå polyester stretch som fòr.
Klarlilla ribb i livet, og eit mønstra viskose jerseystoff, rundt skjørtekanten.











Blei eit morsomt skjørt, syns eg:)

Str. M ( ca 38)
Pris: 425,- + evt. porto

SOLGT!!

Mønster: eige

NYE VÅR-/SOMMAR BLUSAR TIL MEG:)

I dag har eg  bl.a sydd meg to nye sommar blusar i  friske fargar. Den eine litt meir fargeglad enn den andre:)











Mønsteret er henta frå boka "Made by me" og blusemønsteret frå "Jippiyes". Sydde meg nokre blusar i same mønsteret i fjor. Likar godt modellen, men denne gongen laga eg litt lengre ermer enn det opprinnelege mønsteret. Dessutan sydde eg på ribb i ermekantane. Syns det blir ubehageleg med løpegang med strikk, uansett kor slakk strikken er:)
Eg har òg klipt litt av på lengden på blusen, då eg tykkjer mønsteret er litt for langt. Smakssak, sjølvsagt:)
Den mest fargerike blusen fekk ribb i livet, mens den andre er utan ribb.


Stoffa i den svarte og kvite blusen er frå S&S. Den andre blusen i knallfargar, er gjenbruksmateriale frå eit retrodynetrekk. Ermene er rosa bomullsstoff, frå S&S.

No kan sommaren berre koma:)

onsdag 11. april 2012

Litt nytt til mine tantebarn:)





I dag har eg sydd litt til 2 søte små som eg er tante til:)
Mammaen lurte på om eg kunne sy ein lilla kjole med hette, til niesa mi på 4 1/2 år. I dag har eg endeleg fått sydd denne kjolen. No gjenstår det å sjå om den passar:) Har sydd ein liknande kjole til ho før i rosa velour. Denne gongen har eg brukt lilla isoli, frå S&S. Hetta er fòra med eit søtt jerseystoff, òg frå S&S. Det same jerseystoffet er brukt til kant nede og til ermekantar og til rund applikasjon på brystet.  No får me håpa den passar og at niesa mi likar den.

Mønsteret er mitt eige.
Str. ca 4/5 år












Nevøen min på 1 1/2 år måtte jo òg få noko nytt, så  han har eg sydd 2 nye bukser til:)







Den stripete er sydd av stretch chenille (velour), frå S&S. Svart ribb i livet og rundt anklane.

Den andre buksa er sydd av eit litt tynt rutete stoff med stretch, frå S&S.  Nesten FIN  bukse?
Denne buksa har brun ribb i livet og rundt anklane.  Buksene har fått ein strikk inni ribben i livet, slik at dei skal henga betre på:)

Mønsteret til buksene er henta frå boka: "Barn igjen"
Str på buksene: ca 86

mandag 9. april 2012

Pyjamasbukse i flanell


For ei tid tilbake kjøpte eg to flanellslaken på bruktbutikken i bygda. Dei har no lagt på loftet ei stund, men i går tok eg dei fram og spurde dottera mi om ho ville ha ny pyjamasbukse i dette stoffet. JA det ville ho gjerne.













Eg fann då fram eit buksemønster frå boka "Barn igjen", som eg har sydd mange bukser til minstemann av. Forlenga beina  og kutta ut ribben i buksebeina. Jenta mi ville nemleg ha lange og rette bein. Sydde rosa ribb i livet og vips, så blei det pyjamasbukse. Den passa perfekt! Så den blei teken i bruk allereie i kveld:)
Flanell er eit herleg stoff å bruka til pyjamasar!  Varmt, mjukt og godt:)))
Str:  ca 10 år

"GLITTER OG STAS"-redesignkjole




Då var påskeferien over for i år. Me har vore på 2 hytteturar i påsken, så det har ikkje blitt noko sying i påsken. Men i dag tok mannen med seg ungane på bading, og då fekk eg høve til å sy litt igjen:)
Først sydde eg ei pyjamasbukse til dottera mi. Ho likar så godt  å sova i flanell pyjamasbukser og ei t-skjorte som overdel.  Det kjem bilder av pyjamas buksa i eit anna innlegg:)

Eg klipte til denne glitrande kjolen i går og sydde den i dag. Det er ein redesignkjole, der eg har brukt gjenbruksmateriale frå ulike plagg.
Bryststykket er stoff frå ein fin  raud vintagekjole, kjøpt på Fretex. Ryggstykket er stoff frå ein ny glitrande polyester stretch kjole. Ermene er sydd av svart igjen GLITRANDE stoff frå ein stretch topp, kjøpt på Fretex. Skjørtedelen er stoff frå ein nyyydeleg turkis fotsid vintagekjole, kjøpt på Fretex. 



Sydde på ein svart glidelås på bryststykket, kun funksjon som pynt:)




Kjolen har òg fått ein rund applikasjon på venstre framside.




Kjolen er halverma, og fin å bruka til ein festleg anledning både med og utan ein langerma  t.d svart topp inni.

Str. L (42/44)
Lengde: 95 cm
Mønster: mitt eige raglankjolemønster

Pris: 775,- + evt. porto
SOLGT!!