I dag har eg bl.a sydd meg to nye sommar blusar i friske fargar. Den eine litt meir fargeglad enn den andre:)
Mønsteret er henta frå boka "Made by me" og blusemønsteret frå "Jippiyes". Sydde meg nokre blusar i same mønsteret i fjor. Likar godt modellen, men denne gongen laga eg litt lengre ermer enn det opprinnelege mønsteret. Dessutan sydde eg på ribb i ermekantane. Syns det blir ubehageleg med løpegang med strikk, uansett kor slakk strikken er:) Den mest fargerike blusen fekk ribb i livet, mens den andre er utan ribb.
Stoffa i den svarte og kvite blusen er frå S&S. Den andre blusen i knallfargar, er gjenbruksmateriale frå eit retrodynetrekk. Ermene er rosa bomullsstoff, frå S&S.
No kan sommaren berre koma:)



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar