Translate

fredag 28. mai 2010

bestillingskjole i brun velour


Då var endå ein kjole klar til levering. Kunden ynskte ein kjole i brun velour m/turkise detaljer. Eg har brukt turkis tråd på dekorsaumar. og har laga ein blom på brystet i turkise tonar. No får me håpa dama som skal ha kjolen blir fornøgd:)

Pris: 750

Str 38

mandag 24. mai 2010

tre nye bukser til minstemann..











Guten min på 5 har strekt seg litt i det siste og har vokse frå litt bukser, då fann mor fram buksemønster og kjøpte stoff til å sy nye bukser til guten sin:)




Spiderman er ein stor helt for tida, så den eine buksa blei sydd i spidermanstoff frå Jysk. (pakke på 5 meter, så her kan det bli mange bukser)




Har no prøvd meg på å sy bukser med ribb. Det var ganske kjekt. Fann mønster i str 104, men syns det blei litt stort, så eg tilpassa mønsteret litt når eg skulle sy bukse nr 2 og 3. Guten blei veldig fornøgd, og har no tre nye bukser til barnehagebruk. Blir sikkert sydd fleire etterkvart:)

Ny sommarkjole til storesyster


Fann dette festlege stoffet på min lokale sybutikk (Sy og strikkebui) Det såg eg fort føre meg at skulle bli ein fin kjole til jenta mi på snart 10 år. Ho er ikkje av dei lengste i klassen, så mønsteret er str 122. Den satt fint på når ho prøvde den, så no får me håpa det blir mange anledningar til å få bruka kjolen framover.

fredag 21. mai 2010

Brun velourkjole med liten og stor bil




Dette er ein bestilling frå ein ung kunde, som ynskte seg ein kjole med ein bil applikasjon framme og ein stor bil på ryggen. Fargeønske var brun m/rosa detaljer. Kjolen passa perfekt og kunden blei i følge mor veldig fornøgd:)
Str xs

torsdag 13. mai 2010

redesign i blått og svart


Hadde meg ein tur på bruktbutikken, og fann då ein nydeleg blå kjole i vintagestil. Den var truleg heimesydd. Det var stoffet i kjolen eg likte best. Såg for meg ein ny kjole med litt klipping og mixing. Som tenkt så gjort. I dag fann eg fram saksa og klipte av skjørtedelen på kjolen og fann ein svart velourtopp i skapet, som eg klipte av rett under brystet. Sydde så saman dei to delene og vips så blei det ein fin kjole til festbruk. Sydde på eit fløyelsband og hengte på eit anheng, som eigentleg var del av eit øydelagt belte, er litt spent på om det går bra med "diamantane" på anhenget når kjolen blir vaska, men den tid den sorg:). Einaste minuset med kjolen er at den er litt krevande å ta på og av, då det ikkje er glidelys. Men med litt lirking og vrikking så får eg den på og av over det "kritiske" området...Hihihi:)

Så blir det å venta på rette anledningen for å få bruka denne kjolen.

nytt skjørt til mor


Var ein tur innom den lokale "sy og strikkebui" i går og fann då nokre nye stoff. Falt heilt for dette fargerike teikneseriestoffet. Tenkte at dette måtte bli fint som skjørt til mor:)
Så då blei det slik. Skjørtet har litt høgt liv, og det har glidelås i sida. Skjørtet er fòra med lys satengsilke. Trur dette skjørtet vil bli brukt ein del i sommar med ulike toppar til. Mange moglegheiter når det er så mange fargar i mønsteret. Kjekt å sy skjørt igjen etter gamalt, har jo gått mykje i kjolar i vinter:)

redesign i grønt


Denne veka har eg vore litt i gjenbruksmodus. Fann ein grøn vintagekjole på loftet, som eg kjøpte på eit loppemarked for eit par år sidan. Då kom eg på at eg hadde liggjande ein grøn gensar m/kvite prikkar som var lite brukt. korleis kunne desse to plagga bli ein kjole?? Eg fann fram saksa og klipte i veg, og etter litt fram og tilbake så blei det kjole, som eg tykte blei fin. Eg trur eg vil ha den sjølv, og satsar på å få brukt den på fine vår og sommardagar framover....:))

søndag 9. mai 2010

Prikkete velourkjole m/blomeapplikasjonar


Denne kjolen er ei bestilling. Kunden ville ha ein kjole i raudt og orange m/blomeapplikasjon.

Str 38/40. Eg blei veldig fornøgd med fargar og kombinasjonar. Det raude velourstoffet er frå Stoffog Stil, det prikkete velourstoffet er frå Stof2000 og blomane er klipt av stoff frå ei skjorte kjøpt på fretex:) Retrodesign er gøy!!

torsdag 6. mai 2010

"Blomster små,gule,blå..."


Utgangspunktet var to små ubrukte putetrekk, som hadde lagt lenge på loftet. Hadde òg liggjande noko småblomstrete vintagestoff frå 80 -talet, som no kom til nytte som ermer på ein sommarkjole. Kjolen er sydd med raglansermer og er i str 92. Stoffet er litt stivt, men eg trur det vil koma seg når kjolen blir vaska. Eg syns den blei fin i fargane og eg kom verkeleg i sommarmodus medan eg dreiv og sydde. Den har glade herlege blomar.
Dersom nokon falt for denne kjolen, så er den å få kjøpt i nettbutikken min.
Pris: 175 kr
http://randidesign.epla.no/

onsdag 5. mai 2010

musikkveske




Dottera mi Mari Abegail på 9 1/2 år, har starta i skulekorpset og har fått tverrfløyte som instrument. Ho har bestillt veske til fløyta og notane sine. Har sydd eit nett til ho i dag, som eg håpar ho blir nøgd med:) Eg hadde liggjande eit kraftig canvas stoff på loftet, som eg tenkte skulle kunne brukast til eit slikt formål, og det gjorde det. Lagde ein rund applikasjon av eit stoff med notar og ulike instrument. På baksida sydde eg på ei lita lomme til å ha noko lite oppi.

panneband/hårband




Onsdag igjen og det er fridagen min!! Den blir ofte brukt til syprosjekt. I dag blir det ingen kjole, i dag har eg sydd panneband m/ulike motiv. Desse panne banda er fine både til barn og vaksne (one size, god stretch i stoffet) og kan brukast av både gutar og jenter. Er fine å bruka no , då det framleis er kaldt. Desse kan du få kjøpt i nettbutikken min for 50 kr pr stk.




tirsdag 4. mai 2010

Prisliste

Kjole til dame: frå kr 650-950

Kjole til barn: 450

Lue til born/vaksne: 75-100 kt

Gensar til born: 200 kr

Bukse til born: 250 kr

Skulderveske til dame: 225 kr

Mobilveske: frå kr 35-45

Panneband til born og vaksne: 65 kr

søt sommarkjole


Søt liten barnekjole str.92
Kjolen har strikk i halsopning og i ermene.
Pris: 175,-

mandag 3. mai 2010

http://randidesign.epla.no

fleire kjolar










1. Svart og kvit fleecekjole "solgt"









2. Svart og limegrøn velourkjole str 46/48
"Solgt"












4. Grå og lilla fleecekjole str 40
"Solgt"














5. Brun fleece tunika u/ermer
""solgt"

















6. Rosa og grå fleece tunika str 40
"solgt"
















7. Raud og svart velourkjole str 42
"Solgt"


















8. Svart og lilla fleecetunika m/hjarte, str 42
"solgt"















10. Lys blå velourkjole str 42/44
Pris: 750 kr
Ligg tilsals på nettbutikken min









11. Grøn velourkjole med striper
Privat:)









12. Stripete velourkjole str 42
Pris 750 kr
"Solgt"

Utdrag frå kjoleproduksjonen min