Translate

onsdag 31. august 2011

"CRAZY COMBINATIONS"



I dag har eg hatt fridagen min igjen, og det har blitt litt sying i dag òg:) 2 kjolar faktisk:) Den som eg blogga om i forrige innlegg, blei klipt og nåla saman i går (og då er jo mykje gjort) og sydd saman i dag. Den andre kjolen klipte eg og sydde saman i dag.
Denne kjolen blei veldig fargerik og litt "crazy", slikt likar eg:))
Den er sydd saman av ulikt stoff materiale både nytt og vintage. Og her ser du resultatet. For at kjolen skulle bli fin på saumdokka mi, så tok eg på eit strikkbelte,men det følgjer ikkje med ved evt. salg!

Kjolen er i str L(42/44)
SOLGT!!
Pris: 690,- + evt. porto

"FLOWER&DOTS"-kjole



Er no litt inne i ein prikkete syperiode:) Syns dette oransje stretchvelour-stoffet med lilla prikkar, frå Jofotex, er så fint og friskt. Det får meg til å tenkja på at hausten berre kan koma,og at me kan kompensera haustmørket med å bruka sterke og klare fargar:)
Stoffet i skjørtedelen er eit ubrukt vintagestoff. Eg har brukt det stoffet før i ein kjole eg har sydd til meg sjølv. No har eg berre ein liten rest igjen av dette stoffet, så det blir ikkje fleire med det stoffet:)

Mønsteret er mitt eige.
Str. M/L (40/42)
Pris: 725,- + evt. porto

SOLGT!!

tirsdag 30. august 2011

Kjole til advent....:)




Denne kjolen får meg til å tenkja på advent og jul:) Det er i allefall snart haust og då blir denne kjolen fin å pynta seg med, tenkjer eg.
Overdelen er sydd av nytt og "gamalt" stoff. Bryst og ryggstykket er mørk lilla velour frå ein avlagt kjole, ermene er sydd av eit svart tynt stoff med sølvtrykk, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit grått kraftig bomullsstoff, frå JYSK. Det stoffet har eg brukt på fleire kjolar og skjørt, likar det godt:)

Kjolen er enkel, men for å friske den litt opp, har eg sydd på 2 hjarte framme og eit hjarte bak på kjolen:)

Mønster: "klinkekult"

Str. L (42/44)
Pris: 690,- + evt porto

SOLGT!!

søndag 28. august 2011

Oransje og blå kjole - er kuuult!!!!




 
Fekk nesten litt følelsen av fotballdrakta til Ålesund, når eg såg denne kjolen ferdig:) Men det blir vel berre med fargane, tenkjer eg. Men blå og oransje er fine fargar i lag, syns no eg:)
Her har eg blanda ulike stoff når eg har satt saman kjolen. Både gjenbruksmateriale (ryggstykket ) og nye stoff. Det blå stoffet som er brukt på skjørtedelen er eit kraftig stoff som eigentleg er tenkt som møbelstoff. Men kven har sagt at det ikkje kan brukast til å sy kjole av??
Eg har klipt skjørtedelen i boge for å få ein litt artig vri på kjolen, det gjer at den blir litt lengre på sidene enn midt på.
Har sydd på ei mørkblå kroklisse, i bølger rundt skjørtekanten.
Mønster: eige
Str. M (38/40)
Pris: 725,- + evt. porto
SOLGT!!

torsdag 25. august 2011

Endå ein fleecekjole...




Her har eg sydd ein fleecekjole i brun polarfleece, frå S&S + eit fleecestoff med morsomme pingvinar trykt på. Hugsar ikkje kvar eg kjøpte det sistnevnte stoffet.
Kjolen blei litt smal over bysten og litt breiare over hoftene, så dette er kjolen for dei med litt "pærefasong" (liten rundt bysten og litt breiare hofter)
Str. ca M (38/40)


 Pris: 725,-   SOLGT!!

Tid for å sy litt fleecekjolar igjen:)


Då har eg teke fram fleecestoff igjen, hausten nærmar seg faretrugande:) Har dei siste dagane sydd 2 fleecekjolar i brunt og lilla. Brunt er ikkje min favorittfarge, men når ein miksar brunt og lilla kjem det seg med ein gong:) Den eine kjolen eg sydde ser du på bileta her. Det blei ein liten kjole.

Ca str S (36/38)
Eige mønster

Pris: 750,- + evt. porto
SOLGT!!

mandag 15. august 2011

Donald Duck-kjole




Denne kjolen sydde eg til meg sjølv, for nokre veker sidan. Hadde lyst til å bruka eit Donald Duck-stoff eg hadde liggjande, men sidan eg berre hadde ein liten rest av dette stoffet, så blei det kun no til bakstykke på kjolen og i grunnen så var det heilt greitt. Laga nokre  Donald -applikasjonar framme og bak på kjolen. Det prikkete stoffet på framsida har ei fortid som ein bluse. Ermene er blondestrikk i grå/blå farge, frå S&S. Skjørtedelen er  eit grått kraftig bomullsstoff, som eg har fått:)


Str. L

søndag 14. august 2011

"SMILEY", kjole




Her har eg sydd ein fargerik og morsom kjole igjen:) Viktig med litt humor i kvardagen, (sa ho som byrjar på jobb igjen i morgon etter ein lang og god sommarferie)
Kjolen er sydd saman av ulikt materiele. Ermene er sydd av coboltblå ribb frå S&S. Bryststykket er fargerik interlock. Øvre ryggstykket er stoff frå ein syntetisk retrobluse, kjøpt på Fretex på lørdag:) Skjørtedelen er òg eit stoff frå Fretex. Jadegrønt syntetisk vintagestoff med stripestruktur.
Skjørtekanten er klipt i oppover boge (tenk regnboge) Har applikert på ein stor gul smiley nede på høgre skjørtekant. Har òg sydd på ei turkis kroklisse i bølger rundt kanten nede på kjolen.
Raud ribb rundt halskant og ermekantar.

Str. M (40/42) god stretch i overdelen
Pris: 725,- + evt porto

Kjolen er unik, då det kun er ein av denne:)

SOLGT!

torsdag 11. august 2011

HER KJEM BLOMSTERBILEN, kjole



I går kveld/natt koste eg meg med å setja saman ein kjole i ulikt materiale.  Klipte stoff til ermer av ein gamal viskose kjole, kjøpt på bruktbutikken. Bryst- og ryggstykket er viskosejersey frå S&S. Skjørtedelen er herleg "krimpelin"stoff ,kjøpt på Fretex. Her ser du altså resultatet. Blei masse fargar på overdelen, så eg syns  det blei fint å "tona" kjolen  litt ned med det rutete stoffet. Men samstundes ville eg ha litt fargar på skjørtedelen òg, så eg har applikert på to bilar i same stoff som bryst- og ryggstykket. Ein stor bil på framsida og ein litt mindre bil bak. Begge bilane har fått svarte knappar til hjul. Har sydd på ei raud kroklisse nede på skjørtekanten. Dette blei ein morsom kjole syns eg:)

Str. L/XL (44/46)
Pris: 690,- + evt porto

SOLGT!!

onsdag 10. august 2011

LEOPARD-PRINT, kjole



Har sydd ein kjole i kveld sydd saman av fleire ulike materiale. Dette er nok ein kjole som passar best til hausten og vinteren. Ermene er nemleg sydd av brunmelert ulljersey (veldig behageleg på) har brukt stoff frå ein avlagt viskose/bomullstopp i leopardmønster, til bryststykket og til ryggen har eg klipt stoff frå ein ubrukt beige topp,kjøpt på Cubus.
Skjørtedelen er sydd av stoff frå ei vintage gardin, kjøpt på loppemarknad.
Svart ribb frå Jofotex, rundt ermekantar og halskant. 3/4 lange ermer.
På baksida har eg applikert på eit stort hjarte i same stoff som skjørtedel og bryststykket.

Str. L  (42 og kanskje ein liten str 44) god stretch i overdelen.

Pris: 725,-

SOLGT!!

søndag 7. august 2011

ORANSJE ROSER, kjole



Dette er ein redesignkjole. Overdelen på kjolen er sydd av stoff frå ein avlagt tunika, og stripete ribbstrikk, frå S&S. Ribben rundt halskant og ermekant, er òg klipt av frå den avlagte tunikaen:)
Skjørtedelen er sydd av eit brunt retro bomullsskjørt med fine oransje roser på. Skjørtet blei kjøpt på Fretex med tanke på redesign. 

Mønster: eige

Str. M/L (40/42)
Pris: 690,- + evt. porto

Dersom du har lyst på denne kjolen så ligg den for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no/

TEGNESERIE-kjole




Denne kjolen er sydd av eit kraftig bomullsstoff, kjøpt på JYSK. Ryggstykket er sydd av eit artig teikneseriestoff med litt "60-tals-look". Ermene er sydd av eit fint raudt vintagestoff med kvite blomar.
Applikasjonar framme og bak på kjolen med teikneserieruter fra same stoff som ryggstykket.
Skråbandløpegang i halsopning og strikk.
Strikk rundt ermekantane.

Str. L (42)
Pris: 690,-

SOLGT!!

fredag 5. august 2011

PINGVIN-kjole



Denne kjolen er sydd etter eige mønster, med raglan ermer. Veldig fornøgd med mønsteret mitt:)
Kjolen er sydd av lilla interlock med trykte pingviner, frå S&S.Ermene er sydd av stoff frå ein ubrukt jerseytopp. Kanta med svart ribb frå Jofotex. Skjørtedelen på kjolen er sydd av grå stretch chenille med lilla prikkar, frå Jofotex. Syns ikkje kjolen trengte så mykje meir pynt, anna enn nokre små pingvinar nede på skjørtekanten bak og framme. 
God innsving i livet, så kjolen sit fint på.

Kjolen blei i str L (42/44) God stretch i alle stoffa som er brukt.
Pris:  725,- + evt porto

SOLGT!!

tirsdag 2. august 2011

"ROSA PARAPLYER PÅ BLÅE SKYER"- kjole



Då har eg sydd litt igjen:) I dag blei det ein ny kjole. Sydd etter eige mønster.
Mannen min spurde om kjolen var sydd etter  inspirasjon frå årets sommarvêr i Norge:)   Sjølv om det har vore veldig fint vêr dei siste dagane:)  Vel,vel. I allefall har kjolen innslag av skyer, regndråpar forma som små søte hjarte og PARAPLYAR.!!  Kjolen er sydd av ulike stoff, både vintage-stoff og nye stoff. Alle stoffa som er brukt har stretch i seg.  (sjå meir på produktinformasjonen i eplabutikken min)
Fin haustkjole, då det er 3/4-lange ermer.

Kjolen er str L  (42/44)
Pris: 790,- + evt porto

SOLGT!!