I går kveld/natt koste eg meg med å setja saman ein kjole i ulikt materiale. Klipte stoff til ermer av ein gamal viskose kjole, kjøpt på bruktbutikken. Bryst- og ryggstykket er viskosejersey frå S&S. Skjørtedelen er herleg "krimpelin"stoff ,kjøpt på Fretex. Her ser du altså resultatet. Blei masse fargar på overdelen, så eg syns det blei fint å "tona" kjolen litt ned med det rutete stoffet. Men samstundes ville eg ha litt fargar på skjørtedelen òg, så eg har applikert på to bilar i same stoff som bryst- og ryggstykket. Ein stor bil på framsida og ein litt mindre bil bak. Begge bilane har fått svarte knappar til hjul. Har sydd på ei raud kroklisse nede på skjørtekanten. Dette blei ein morsom kjole syns eg:)
Str. L/XL (44/46)
Pris: 690,- + evt portoStr. L/XL (44/46)
SOLGT!!
God kveld! Kjempestilig og fargerik kjole! Det er gøy med blanding av stoff, farger og mønster! Natta! :)
SvarSlettJeg er litt nysgjerrig på hvordan salget går på Epla? Jeg er "ny der" å er spent på om det er noe håp om å få solgt noe der... :)
Takk for kommentar Trine:)
SvarSlettSalget på Epla går litt i rykk og napp. Har kanskje solgt meir privat, der folk har kome med bestillingar utanom det som ligg i eplabutikken. Men produkta ligg no der så kan dei som vil gå inn å sjå i butikken min, og evt kjøpa noko:)