Translate

onsdag 28. september 2011

To nye kjolar er komt i nettbutikken min:)

I dag har eg sydd litt forskjellig (onsdag=sydag), men her er to kjolar som eg har sydd ferdig i dag og lagt ut for sal:)
 Str. L (42)
Pris: 690,- + evt porto
SOLGT!!

Str. M (38/40)  SOLGT!!
Pris: 725,- + evt porto


lørdag 24. september 2011

Skjørt til ei søt lita jente:)


I går var eg på loppemarknad og kjøpte bl.a eit søtt cordfløyelsstoff i eit herleg spekter av fargar og mønster. Hadde besøk av niesa mi (på snart 4 år) i ettermiddag. Ho ville gjerne at tante skulle sy skjørt til ho av dette stoffet. No er skjørtet sydd og eg håpar jenta blir fornøgd:)
Rosa ribb frå jofotex.  Blonde nederst på skjørtekanten.
Mønster: eige

fredag 23. september 2011

Loppefunn!!!



I kveld har eg vore med som seljar på den årlege loppemarknaden på Lyngmo. Det er alltid spanande å sjå om ein finn noko av interesse. Og eg er jo spesielt på jakt etter tekstiler:) Og i år som i fjor fann eg litt forskjellig:) I pausen  gjekk eg målbevisst mot rommet med stoff og her ser du resultatet av det eg fann. Bl.a 2 nyyydelege gule dynetrekk, + nokre fine vintagestoff. Så no skal det bli fine kjolar framover:)) Dei gule dynetrekka trur eg at eg gøymer til våren, det er meir sommarstoff til sommarkjolar:)
GOD HELG!!

onsdag 21. september 2011

"GRØNE HUNDAR", kjole


I dag har eg hatt vekas fridag, og det betyr sydag:) Men fekk ikkje sydd så mykje i dag, då eg hadde litt anna på tapetet i dag òg, men eg fekk no sydd eit skjørt (kjem bilete seinare)+ at eg starta på to kjolar. Sydde kjolane ferdige no i kveld og her er den eine:)
Var på loftet og leita fram litt ulike stoff og fann bl.a ein grøn gensar etter dottera mi,  som ho har vokst ifrå:) Den fann eg ut at eg fint kunne bruka som ryggstykke på ein kjole med raglanermer. Fann fram litt andre stoff òg og etter litt fram og tilbake så enda eg opp med denne kombinasjonen. Vart veldig fornøgd med fargesamansetjinga på kjolen.

Str. M(40) Stretch i alle stoffa!
Pris: 725,- + evt porto

SOLGT!!

søndag 18. september 2011

OPPRYDDING I KLESSKAPET MITT:)

Har blitt nokre nye kjolar til meg sjølv i det siste, og då må noko ut av skapet for å få plass til nye plagg:)
Så i dag har eg lagt ut 3 brukte kjolar for sal i nettbutikken min:) Dei er ikkje mykje brukt, men eg set alltid ned prisen litt og opplyser om at kjolane er brukt når eg sel brukte kjolar:)

Str ca. M/L (40/42) Pris: 399,- + evt.porto  SOLGT!!


Str. L (42) Pris: 299,- + evt porto
 SOLGT!!
Str. L (42/44) pris: 499,- + evt. porto  SOLGT!!

fredag 16. september 2011

LILLA OG GUL ER EIN FANTASTISK KOMBINASJON!!



Lilla og gult er utruleg fine fargar i lag. Kjøpte eit gult syntetisk vintagestoff på Fretex i sommar, som eg allereie har brukt i ein kjole (men har meir igjen).
Tok fram eit prikkete stretch chenille stoff i lilla med  grå prikkar som eg ville bruka i overdelen på kjolen. Ermene blei klipt av eit nytt skjørt, kjøpt på salg for 50,-. Skjørtet var for lite til meg så eg kjøpte det med tanke på redesign:)
Eg laga ermene 3/4 lange, slik at kjolen fint kan brukast heile året:) Kjolen har fått litt applikasjonar på skjørtedelen for å "sprita" opp det einsfarga gule stoffet, og for å ta opp igjen det lilla frå overdelen:) Har òg sydd på ei svart kroklisse i bølger rundt den bogeklipte skjørtekanten.
Blei godt nøgd med resultatet .
Str. L (42/44)
Pris: 590,- (eg har redusert prisen litt, då eg har brukt kjolen eit par gonger)

SOLGT!!
Mønster: eige

ORANSJE og VINRØD KJOLE



I kveld har eg sydd ferdig ein kjole eg starta på litt tidlegare i veka. Kjolen er redesign, då eg har brukt deler av ein fotsid kjole (str 14 år), kjøpt på bruktbutikken.
Overdelen på kjolen er sydd av  vinraud stretchblonde, frå S&S. Og oransje stretch chenille med vinraude prikkar, frå Jofotex.
Har laga ein runding som applikasjon nede på høgre side. Kjolen har 3/4 lange ermer.

Lengde på kjolen: ca 88 cm
Str. M (38/40)
Pris: 725,- +  porto

SOLGT!!

onsdag 14. september 2011

Gladaste kjolen i haust:)


På måndag fekk eg stoffpakke frå Mg-tyger. Eg hadde bl.a bestillt eit fargerikt  jerseystoff. Dette bestemte eg meg fort for at skulle brukast til å laga kjole til meg sjølv av. I går kveld sydde eg altså denne kjolen. Og eg blei veldig fornøgd med resultatet. Eg brukte eit mønster eg hadde frå S&S, men eg laga ein annan patent i halsen og eg laga ermene litt annleis enn mønsteret.  Dette blir ein herleg kjole å bruka framover i haust.
Str. L (42/44)

Bestillingskjole til 50 åring:)

I vår fekk eg ein bestilling frå ei dame som blei 50 år no i haust. Ho ynskte seg ein kjole ho kunne bruka i sin eigen 50 årsdag. Ho gav meg ganske "frie tøyler" på korleis kjolen skulle vera, men ho ville ha den blå. Og hovudstoffet skulle vera stretch chenille. Her ser du resultatet, og dama som skulle ha kjolen blei veldig fornøgd:)

søndag 11. september 2011

KJOLE I GRØNE NYANSAR


Her har eg sydd endå ein singoallakjole, og denne gongen i ulike grønfargar.
Bryststykket er limegrøn stretch chenille frå S&S. Ryggstykket er stoff frå ei nydeleg gardinlengd, kjøpt på Fretex. Ermene er svart blondestoff frå S&S. Og skjørtedelen er eit rutete syntetisk vintagestoff, kjøpt på Fretex.
Då eg ikkje hadde så mykje igjen av stoffet eg har brukt som skjørtedel, så blei denne kjolen litt kortare enn eg pleier å sy kjolane min (likar at dei går til midt på kneet). Difor kan denne kjolen òg brukast som tunika, med t.d ei smal dongeribukse  under.
Lengde på kjolen: ca 90 cm
Str. L (42/44)
Pris: 690,- + evt. porto

SOLGT!!

Raudt og svart er fint utgangspunkt for ein kjole:)

Syns dette stoffet  med hundetannmønster, er såååå kult. Kjøpte dette stoffet på Fretex i Bergen i vår.
Har sydd eit par kjolar før der eg har brukt dette stoffet.
I dag blei denne kjolen til, sidan det var slikt eit ruskete vêr ute var det kjekt å kunne sitja inne å sy i stadenfor å vera UTE:)
Overdelen på kjolen er eit mønstra viskosejerseystoff, frå S&S. Ermene er eit syntetisk ribbstoff, kjøpt på S&S. Raud ribb rundt ermekantar og halskant.
Ermene er 3/4 lange, så dette er ein kjole som kan brukast no og framover.
Mønsteret er mitt eige, og str. er: M/L  (ca 40/42) Stretch i alle stoffa:)

Pris: 725,- + evt porto

SOLGT!!

onsdag 7. september 2011

Haustkjole med hette




Har lenge hatt lyst til å sy meg ein ny dongerikjole med hette. Og i helga gjorde eg ferdig denne kjolen. Har brukt eit vintage dongeristoff, kjøpt på Fretex. Stoffet føles nesten som at det er ullaktig på baksida, så dette blir ein kjole til litt kjølege dagar. Mønsteret er delvis laga sjølv, har mixa litt herifrå og derifrå:)

Eg har brukt litt ulike stoff i denne kjolen. Hetta er sydd av gråmelert isoli, frå S&S. ermene er sydd av marineblått blondestoff, kjøpt på Fretex. Og nedre ermene, skjørtekanten og fòret i hetta, er viskosejersey frå MG-Tyger.
Kjolen har fått 2 stjerner applikert på seg, ei framme og ei bak:)

Str. 42/44 (ca)
Denne kjolen håpar eg at eg får mykje glede av:)

2 nye kjolar blei ferdige i dag:))

 



I dag har eg hatt vekas fridag frå jobb, og har sjølvsagt sydd  litt i dag òg:) I dag har det blitt ein sånn gjera ferdig- dag. Hadde tre kjolar liggjande som eg starta på i helga, 2 av dei kjolane har eg sydd ferdig i dag.

Kjolen med rosa ermer, er i str L (42/44)
Pris: 690,- + evt. porto                                       SOLGT!!

Kjolen i dongeristoff med prikkete bil, er ca str M (40+)
Pris: 675,-+ evt porto

SOLGT!!