Translate

fredag 29. juli 2011

KRØLLEFRI-KJOLE:)



Her er ein kjole der eg har brukt eit stilig vintagestoff, kjøpt på Fretex, som skjørtedel. Det er heilt krøllefritt:) Overdelen er viskosejersey og sports-stretch frå S&S. Eg har no endeleg laga meg eit mønster med raglanermer og eg ser at det kan funke:) Kjekt å kunne variera litt med eigne mønster.

Str. L (42) god stretch i overdelen
 Denne kjolen er no blitt min:))

onsdag 27. juli 2011

Fleire plastikk-nett


Har i kveld sydd fleire handlenett i voksduk-stoff frå S&S.  Det er kjekt å sy litt andre ting innimellom, ikkje berre kjolar og skjørt:)

Desse netta er greie å sy, og praktiske til å ha med seg på butikken, på stranda, på biltur  osv osv. Bruksområda er mange:)

Pris: 79,- + evt porto

Begge desse veskene er SOLGT!!

Redesignkjole med raglanermer


I går kveld/natt sydde eg denne kjolen saman:) Dumt at eg er så dårleg på å ta bilete av utgangsplagga når eg lagar redesignkjolar. Det må eg skjerpa meg på. Plutseleg har eg satt saksa i plagget og då er det for seint å ta bilete:(
Anyway!!
Utg.pkt var ein fotsid vintage kjole i "krimpelin", kjøpt på Fretex, ein lilla viskose gensar , eit grått og svart stripete syntetisk strikkestoff, òg kjøpt på Fretex. Eg klipte vekk halskant og ermer på den lilla gensaren + at eg klipte vekk nedre del av gensaren, 4-5 cm under bysten. Laga nye ermer av det stripete stoffet.
Klipte så til skjørtedelen på kjolen, såg i ettertid av eg kunne ha laga den delen litt breidare, men men (eg kan bruka den)
Kanta nedre del av kjolen med  raudt "duskeband", sydde på svart ribbkant rundt halskanten og rundt ermene. Sydde på ei raud kroklisse rundt halsen for å friska litt opp og ta att raudfargen i skjørtedelen.
Kjolen er min:)

mandag 25. juli 2011

Søt dongerikjole til ei lita dame

Måtte sy litt i kveld òg, og då blei det ein dongerikjole i ein liten størrelse:)
Kjolen vart til og med for liten for "prøvebysten" min, så difor vart den avbilda på kleshengar:)
Med andre ord ein S-str.

Stoffet er stretch-dongeri med søte små broderier i stoffet, frå S&S. Brukte same mønster som kjolen eg blogga om i forrige innlegg. Men sidan det ikkje er så mykje stretch i dette stoffet, så blir str litt mindre:)


For å gjera kjolen litt meir spanande, så er øvre bakstykket i eit anna stoff. Der har eg brukt jersey med kult trykk, frå MG-Tyger. Kjolen er kanta med rosa ribb frå MG-Tyger, rundt ermekantane og rundt halskanten.

Str. S
Pris: 790,- + evt porto

SOLGT!

Ny kåpe til hausten


Kjøpte cerise-farga ullfilt i vinter, men har ikkje sydd noko av det enno.  I sommar har eg, som eg har blogg om før, vore på Fretex, og der fann eg bl.a ei flott vintage gardinlengd i blågrøne fargar, som truleg har litt ull i seg. Denne gardina blei no tatt fram og brukt i kombinasjon med cerise ullfilt. Eg fann fram eit kåpemønster eg har sydd ei kåpe av før, mønsteret er frå S&S. Eg laga to  fleire knapphol enn på det orginale mønsteret, og eg laga 2 lommer. Syns kåpa blei morsom med store fargerike knappar i ulike fargar og mønster. Blei òg fornøgd med fargekombinsjonane på kåpa. Dette trur eg blir ei fin kåpe å gå seinsommaren og hausten i møte med.

Eg kjenner at det er godt å ha noko anna å tenkja på/gjera på (les: syprosjekt) innimellom, etter dei grufulle hendingane i Oslo og på Utøya på fredag. Eg føler med og sender mine varme tankar til  alle skadde og pårørande til dei som er gått bort. Det er heilt uforståeleg og uverkeleg det som har skjedd. Det er viktig at me tek vare på kvarandre og syner omsorg for kvarandre framover. Dette har rysta og berørt heile landet.  Men me skal stå saman og livet skal gå vidare, trass alt.

MULTICOLOUR -DRESS


Denne kjolen blei til i går kveld, etter ein del grubling på ulike stoff kombinasjonar. Brukte kjolemønsteret mitt,  som eg har brukt til å laga ein del andre kjolar i stretch-stoff av. Men no har e glaga eg nytt mønster til ryggstykket. Syns det blei ganske bra. Eg har brukt 4 ulike stoff + ribb, til å laga denne kjolen:)  Kjekt å kombinera ulike stofftypar. Syns kjolen blei veldig fargerik og fin. Og den vil nok bli fin å bruka no, men òg utover hausten og vinteren, med ein langerma topp inni.

Str. M (40) God stretch i alle stoffa.
Pris: 790,- + evt porto

SOLGT!!

lørdag 23. juli 2011

Kjole sydd av vintage-stoff


Denne kjolen blei klipt for nokre dagar sidan, og i dag sydde eg den saman. Det brune stoffet er eit ubrukt vintagestoff og stoffet som er brukt på ermene og på øvre ryggstykket har i utg.pkt vore ein kjole frå 70- talet. Lilla ribb på ermene, frå S&S.

Str. L (42/44)
Pris: 690,- + evt.  porto

SOLGT!!

fredag 22. juli 2011

REDESIGN-KJOLE MED STJERNE



Her kjem den gule kjolen eg blogga om i går. Var det ikkje eit nydeleg skjørt?? Skjørtedelen på kjolen var altså i utg.pkt  eit fotsidt gult vintageskjørt, kjøpt på Fretex i sommar. Overdelen på kjolen er sydd av  ein ubrukt langerma bomullsgensar, òg kjøpt på Fretex. Eg klipte vekk ermene og sydde på nye korte ermer av eit beige jerseystoff frå S&S. Måtte ha ein liten applikasjon på skjørtedelen, og då måtte det bli eit stjerne. Fann eit vintagestoff i som tek opp nokre av fargane i overdelen (gult,grønt og blått) og applikerte stjerna på. Sydde på ein gul knapp i midten av stjerna.
Eg skulle gjerne hatt denne kjolen sjølv, men har bestemt meg for å selja den. Det byrjar å bli fullt i skapet:) Kanskje eg må ha eit lite kjolesalg på nokre av mine private kjolar snart?? Tjiihiiii!! Får stadig nye idèar til  nye kjolar.

Str L (42/44)
Pris: 590,- + evt porto

SOLGT!!

torsdag 21. juli 2011

Sommarskattar frå Fretex:)


Her er resultatet etter 2 turar på Fretex i sommar. Nokre vintagekle, som skal bli til nye unike kjolar m.m. og nokre meter med syntetiske "krøllefrie" stoff, som òg skal brukast til å sy kjolar m.m av:)))JIPPIII!!!  Gledar meg til å setja saksa i det:)
Og eg har allereie laga ein ny kjole av det gule skjørtet (nesten ferdig). Bilete kjem seinare:) Det er berre såååå gøy å gå på skattejakt i bruktbutikkar og loppemarknader:) Og så støttar ein samstundes eit godt føremål:)

Det er så gøy å forvandla gamle plagg til nye, unike og morosame plagg.

onsdag 20. juli 2011

Plastikkveske:)) SMIL OG VÆR GLAD


I går var eg ein snartur innom Stoff og Stil i Bergen  (Salhus) Skulle gjerne vore der lenger, men hadde 2 barn i bilen, som gjerne ville vidare på tur:) Men fekk bl.a kjøpt med meg litt voksdukstoff, som eg ville sy veske av.

I kveld kom me att, og då tok eg fram voksdukbitane eg hadde kjøpt og klipte til ei veske. Brukte eit plastikknett eg hadde kjøpt ein gong, som utg.pkt for å laga mønster. Men laga òg til ein stoffbit som skulle bli ytterlomme på veska. Bretta voksduken dobbel og klipte ut to delar til sjølve veska. Klipte ut to lange remser som skulle bli til hanker. Så starta eg med å sy veska saman og ta...ta!!! Slik blei veska. Eg blei veldig fornøgd, og kjem nok til å sy fleire slike i ulike fargar, og dei kjem nok til å koma for salg i Eplabutikken min, http://randidesign.epla.no/, òg, vil eg tru. Veskene er fine å bruka til badeklede på stranda eller som handlenett. Mange bruksområder.

Ny kjole.....igjen!!!



Denne kjolen blei til i helga. Hadde vore vekke på ferie frå symaskinene i over ei veke, og måtte berre sy litt igjen! Det blomstrete stoffet eg har brukt  er eit herleg vintagestoff, kjøpt på "epla". Resten av kjolen er sydd av svart stretch chenille frå Stoff og Stil. Mønsteret er frå "Klinkekult"  , henta frå boka "Made byMe".  Kjolen har fått 2 hjarte applikert nede på høgre framside, og eit hjarte nede på baksida.

Str. L

SOLGT!!

søndag 3. juli 2011

Ugleskjørt er gøy!!!


Måtte bli noko meir av det kule uglestoffet, så i kveld har eg sydd eit skjørt i to ulike bomullsstoff. Framsida er uglestoffet frå JYSK, baksida er eit skikkeleg retrostoff i brune/gule og oransje fargar. Ordentleg
70-talsstil:)) Skjørtet er kanta med ein rest frå eit vintage dynetrekk i orange/gule fargar. Lilla ribb frå S&S, i livet.
Str. M/L (40/42)
Pris: 450,- + evt. porto

SOLGT!!

Uglekjole med polkadots ermer

Fann dette kule stoffet på JYSK, og tykte det passa bra til å sy skjørt og kjolar av:)
Tok utgangspunkt i ein ny grå langerma topp, som skulle bli overdel på kjolen. Fann fram eit herleg lilla velourstoff med prikkar frå MG-tyger, og uglestoffet. Klipte vekk ermene på den grå toppen, og laga nye ermer av det prikkete velour-stoffet. Klipte så til eit "belte" som skulle vera livet på kjolen. Klipte så til skjørtedelen.
Sydde så saman alle delane. Klipte ut ei klok ugle, og applikerte på brystet. Laga ermeribb av restar frå den grå toppen. 
Str. 42/44
SOLGT!!

lørdag 2. juli 2011

Tenk 17 år sidan me gav kvarandre vårt JA!!!

I dag har me 17 års bryllaupsdag!!! HURRA!!! Det har vore 17 flotte år, og me har opplevd mykje ilag av både sorger og gleder (mest gleder).  Håpar på mange gode år vidare:)) Gla' i deg, Vidar!!

"The BLACK SHEEP on dog-teeth with stripes"



Dette er ein morosam redesignkjole eg har tenkt på å laga, ei stund. Eg kjøpte  den stripete vintageblusen som er overdelen på denne kjolen på Fretex, i vinter. Men har leita litt for å finna noko å kombinera den med, i dag fann eg kombinasjonane eg ville bruka. Eg klipte vekk ermene på den opprinnelege blusen, og klipte til nye blondeermer av blondestoff frå S&S. Midtdelen, i svarte og kvite striper, er frå Jofotex. Klipte så til  skjørtedelen i det herleg vintagestoffet med hundetannmønster, òg kjøpt på Fretex (krøllefritt)  Ville gjerne hatt ein hund som applikasjon på skjørtedelen, men sidan eg ikkje er nokon teiknar, og ikkje hadde ein eigna hund for handa, så blei det ein "sauehund" som applikasjon i staden.  Den passa fint inn med fargane på resten av kjolen òg, tykte eg:) Eg bytta ut dei raude knappane på blusen, med svarte i staden, for å få litt kontrast.
Str. blei ca 40/42 (M/L)  Litt trang rundt bysten til å bli ein rein L-str., så dersom du måler ca 100-103 cm rundt bysten så vil den sitja fint. Alle stoffa i kjolen er elastiske:)

Pris: 590,- + evt porto      SOLGT!!

Action-bilete av jentegensaren i 2 deler:)

Gensaren eg blogga om for nokre dagar sidan, passa perfekt!! Jenta mi vart sååå fornøgd og sa at: "mamma, denne gensaren ser jo heilt kjøpt ut.." Og då meinte ho at det var positivt!!

Kjekt når ungane blir fornøgde med det ein syr:) Denne må eg nok laga fleire av i andre jerseystoff.

Str. ca 10 år

fredag 1. juli 2011

Bloggvenn


Eg fann denne inne på ein blogg og tykte den var så fin at eg ville kopiera den. Eg ser på dei som er innom sida mi som  positive og kjekke medmenneske som kjem med positive og konstruktive kommentarar på ting som blir lagt inn på bloggen. Samstundes kan eg få vera med og kanskje spre litt glede, inspirasjon og kreativitet  og "positivitet" ut til DEG som les bloggen min. Det er i allefall det eg tenkjer:)