Her kjem den gule kjolen eg blogga om i går. Var det ikkje eit nydeleg skjørt?? Skjørtedelen på kjolen var altså i utg.pkt eit fotsidt gult vintageskjørt, kjøpt på Fretex i sommar. Overdelen på kjolen er sydd av ein ubrukt langerma bomullsgensar, òg kjøpt på Fretex. Eg klipte vekk ermene og sydde på nye korte ermer av eit beige jerseystoff frå S&S. Måtte ha ein liten applikasjon på skjørtedelen, og då måtte det bli eit stjerne. Fann eit vintagestoff i som tek opp nokre av fargane i overdelen (gult,grønt og blått) og applikerte stjerna på. Sydde på ein gul knapp i midten av stjerna.
Eg skulle gjerne hatt denne kjolen sjølv, men har bestemt meg for å selja den. Det byrjar å bli fullt i skapet:) Kanskje eg må ha eit lite kjolesalg på nokre av mine private kjolar snart?? Tjiihiiii!! Får stadig nye idèar til nye kjolar.
SOLGT!!
Stilig!
SvarSlettVad fina saker du syr!
SvarSlettTakk for kommentarar Fru Jippiyes og dorabella
SvarSlett