Translate

søndag 30. oktober 2011

Skjørt i "lange" baner.....


I dag har det vore ein ruskedag ute, ungane har vore med vener og mor har sydd litt.... igjen:)
Så då blei det å sy ferdig 4 nye skjørt. Her ser du eit av dei.
Det er sydd av eit slags hekla/blondestoff frå S&S. Måtte sjølvsagt ha eit fòr inni, så då har eg brukt svart sportsstretchstoff frå S&S. Laga dette skjørtet litt lengre, slik at fòrstoffet kjem litt nedom blondestoffet. Blei ganske fint syns eg:)
Lengde: 61 cm
Str. XL (44/46)
Pris: 425,- + evt. porto

SOLGT!!

onsdag 26. oktober 2011

KOSEKJOLE med alvehette



Dette er ein av dei 2 kjolane eg rakk å sy idag, på fridagen min:)
Dette blei ein ordentleg kosekjole, nesten litt "julete", syns eg. Eg har brukt "raglan"-kjolemønsteret mitt og sydd på ei lang alvehette.
Kjolen er sydd av off-white polarfleece, frå S&S og raud og rosa "fuskepels", òg frå S&S.
Har sydd på eit rosa duskeband nederst på kjolekanten.

Kjolen er i str M (40/42), men det er god stretch i fleecen, så vil du ha ein litt strammare kjole så passa den kanskje ein rein 42 str. òg:)
Pris: 790,- + evt. porto

Kjolen ligg til sals i nettbutikken min:
http://randidesign.blogspot.com/

lørdag 22. oktober 2011

Bestillingskjole som dessverre blei litt for liten:)



Denne kjolen var eigentleg tenkt til ei dame som hadde bestillt kjole av meg. Dessverre blei kjolen akkurat litt for trang for ho som skulle ha den, og då er det jo lite å gjera med det. Men  ho fann ein annan kjole eg hadde sydd i staden, og blei vel fornøgd, så då blei me fornøgde begge to:)
Kjolen er sydd av coboltblå stretch velour og eit mønstra viskosejerseystoff. Begge stoffa er frå S&S.
Mønsteret er mitt eige, og det er eg etterkvart blitt fornøgd med. Eg må justera mønsteret ut og inn alt etter kva str eg skal sy.
Og denne gongen sydde eg altså litt for mykje inn:)
Str. er S, og eg vil seia at den passar ei dame som brukar str 36, kanskje 38? Den er 74cm rundt midjen.
Litt stretch i stoffa!
Pris: 790,- + evt porto
SOLGT!!

søndag 9. oktober 2011

TO KLOKE UGLER



Har sydd ferdig eit skjørt i kveld. Kjøpte dette stripete stoffet på loppemarknad for nokre veker sidan (mange mange meter:) Fann ut at eg ville prøva å laga eit skjørt av  dette  syntetiske stoffet. Men det blei jo eit kjedeleg skjørt utan applikasjonar. Så i kveld fann eg fram uglestoffet mitt frå JYSK, og klipte ut 2 søte ugler:)  Eg plasserte dei på framsida av skjørtet.  Det førte til at det blei eit meir komplett skjørt i min sjanger:) Litt humor må det vera!!
Rosa ribb, frå Jofotex, i livet.
Lengde: 50 cm
Str. L (42)

Pris: 390,- + evt porto

SOLGT!!

lørdag 8. oktober 2011

Ny kjole med hette



Her har eg sydd nok ein hettekjole. Er ikkje heilt fornøgd med hetta endå, så no har eg laga eit nytt utkast til hette til neste kjole eg skal sy.
Har fòra hetta med eit nydeleg gjenbruksstoff, som tidlegare har hatt eit liv som dynetrekk. Kjolen er fargerik og friskar opp på  ein grå og trist haustdag:)
3/4 lange ermer med oransje ribb.
Str. L (42/44)
Lengde: 95cm

Pris: 850,- + evt porto
SOLGT!!


fredag 7. oktober 2011

Fleecekjole m/hette


Her har eg sydd ein fleecekjole i svart og turkis polarfleece. Mønsteret er mitt eige, og denne gongen har eg sydd på alvehette.

Måtte ha på litt pynt på kjolen, så eg har applikert på eit stort turkist hjarte på brystet med ei lang kroklisse som er sydd i bølger heilt ned til skjørtekanten på framsida.

Str. M/L (god stretch)
Pris: 850,- + evt. porto

SOLGT!!

onsdag 5. oktober 2011

Grå velourkjole med alvehette



Denne kjolen sydde eg i helga. Den er sydd av gråmelert stretch chenille frå S&S, og flott fargerikt bomullsjerseystoff, frå MG-tyger.
Kjolen har fått alvehette som er fòra med same stoff som bryststykket. Ermekant og nedre skjørtekant er òg det same stoffet.

I dag har eg vore med på Design-kunst og handverksdag på Hafslo, og då blei denne kjolen solgt til ei veldig fornøgd dame:)

Str. M/L
Pris: 850,-

SOLGT!!

søndag 2. oktober 2011

Design- kunst- og handverksdag på Hafslo 05.10.2011


Ta turen til Luster vidaregåande skule på onsdag 5. oktober. Opent frå kl. 16.00-19.00
Der skal bl. a eg vera med  å  visa fram produkta mine og forhåpentlegvis få solgt litt kjolar m.m  :)
Sjå denne linken http://www.luster.vgs.no/cms/luster/cms.nsf/($All)/639BCE6CEE4DA908C125790C003FADCC?OpenDocument