Translate

lørdag 22. desember 2012

Gledeleg jul!


Då var juletreet pynta (i går) og i dag har eg laga juledekorasjonar av raude roser og granbar. Brukar oasis i botnen.





"Nå er den hellige timen.
Vi står i stjerneskinn.
Og hører klokkene kime,
nå ringes julen inn,

Englene synger høyt i kor
Synger om fred på vår jord.
Verden var aldri helt forlatt.
En stjerne skinner i natt!"





No senkar eg skuldrene og gledar meg til julefeiring og familiehygge.



Ynskjer dykk alle ei riktig god julehøgtid!
Kosa dykk masse!!

søndag 16. desember 2012

JULEFØREBUINGAR I HEIMEN

I helga har me kosa oss med mange kjekke aktivitetar. I går laga me
peparkakehus, juledekorasjon,  var ute og aka og laga bål og grilla pølser i hagen.









I dag har eg baka julebrød, hatt mjøden på flasker, og i kveld har eg og dottera mi laga frukt drops.















 
 
 
 
 
 
 
 

Det er  har vore ei koseleg helg:)

fredag 7. desember 2012

Årets julebakst snart i boks:)

Ja då har eg bakt ferdig dei sortane av småkaker som eg føler me må ha kvar jul. Ein ny sort i år: Berlinerkransar, dei baka eg saman med dottera mi på tysdagskvelden.









Elles har me baka amerikanske cookies, peparkaker. Og no i kveld har eg bakt "brune pinnar" og kokosmakroner. I tillegg har eg laga litt peparmyntegodt (melis, eggekvite og peparmyntedråpar og mokkabønner på toppen)














 Peparmyntegodt








 

Kokosmakroner




Ynskjer alle ei god førjulshelg!!

onsdag 5. desember 2012

Dagens produksjon:)

I dag har eg hatt fridagen min igjen, og har no starta på julebaksten. Først baka eg Nordlandslefser, så laga eg havrekjeks. Deretter blei det sydd 5 nye sminkevesker i ulike fargar. Måtte nett sy litt i dag òg.








Nordlandslefser



Hjarteforma havrekjeks




 Dagens lunsj i heimen:) Nam nam!!







Har du lyst til å kjøpa sminkeveske, så er nokre av dei lagt ut for sal i eplabutikken min:)

tirsdag 4. desember 2012

SUPERGODE HAVREKJEKS

Denne oppskrifta fann eg på bloggen til Silje   http://silje-sin.blogspot.no
Dei vart så gode at eg må berre dela oppskrifta med fleire:)

Havrekjeks

6 dl lettkokte havregryn
2 dl mjølk
2 dl kveitemjøl
50 gr smelta smør
1/2 ts salt
1 ss sukker
2 ts bakepulver

Framgongsmåte:
1. Slå mjølka over gryna og lat det trekkja i minst 15 min.
2. Smelt smøret og bland alt til ein deig
3. Set steikeovnen på 200 grader, legg bakepapir på 2 steikebrett.
4. Del deigen i to, og kjevla ut deigen til ca 1/4 cm tjukk.
5. Stikk ut  kjeksa med eit glas eller pepperkakeformer (hjarte,stjerner o.l)
6. Prikk kjeksa med ein gaffel før du set bretta i omnen.
7. Steik kjeksa til dei er gyllenbrune, ca 15 min.

Lukke til!

Kjeksa smakar veldig godt med smør og brunost på:)  Nam nam!!



søndag 2. desember 2012

NYE KJOLAR I NETTBUTIKKEN MIN

I helga har eg vore med på to julemesser. Det blei ikkje det heilt store salget. Mange som kom og kikka på standen min, men få som kjøpte noko. Så då har eg no lagt ut nokre nye kjolar som ikkje blei solgte på messene:) Kanskje du har lyst på ein av desse kjolane?





Str. 42
Pris: 795,- + evt porto

 Str. 42/44
Pris: 825,- + evt porto  SOLGT!!



Str. 42/44
Pris: 825,- + evt porto   SOLGT!!




Str. M (38/40)
Pris: 795,- + evt porto


Str. M (38/40)
Pris: 675,- + evt porto

tirsdag 27. november 2012

Klar for julemesser til helga:)



Til helga skal eg vera med på to julemesser. Ei på laurdag 01.12, i Sogndal kulturhus og ei julemesse på søndag på Kaupanger, i Skogly. Her skal eg selja kjolar, skjørt, snurreskjerf, huer, vesker m.m.







Kjekt om mange tek turen innom:)

Kanskje du finn noko du kan gi vekk i julegåve, eller kanskje du finn ein ny kjole til deg sjølv:)
Her har eg teke bilete av nokre av skjerfa eg skal ha med på julemessene. Alle er hjarteleg velkomne til "standen" min.




onsdag 21. november 2012

Då har eg prøvd å laga noko nytt....:)





I går kveld fann eg ei kul sminkeveske på nettet, som eg hadde lyst til å prøva å sy. Enkle og greie å laga.
Eg prøvde først med å laga ei veske i nokre restestoff eg hadde liggjande.




Klipte ut eit rektangel
(ca 20 x 15 cm) Ytterstoff x 2  Innerstoff x2 og tjukk vlieselin x2 (som mellomlegg  for at veska skal kunne stå som ein boks).


Dottera mi fall straks for denne veskemodellen og bestillte fort ei sminkeveske til seg sjølv:) Den blei i kvitt med rosa blomar, og rosa glidelås.

Men i dag på fridagen min, fann eg ut at eg ville prøva å sy slike vesker i voksdukstoff. Då slepp ein nemleg å ha innerstoff og vlieselin for å få "boks -effekten" avdi voksduken er så pass stiv i seg sjølv. Det gjekk veldig greit, og her ser du tre av veskene som blei sydd i dag. Tenkte  å ha desse med på julemessene eg skal vera med på neste helg. Kan vera greie som små gåver til seg sjølv eller ei venninne.

Pris: 50,-

mandag 19. november 2012

PETROLBLÅ KJOLE MED INNSLAG AV OLIVEN

Denne kjolen har eg sydd ferdig no i  kveld, og den skal òg få bli med på julemessa i desember. Kjolen er sydd av mjuke herlege stretchstoff.




Overdelen er sydd av petrolblå og olivengrøn stretch chenille, frå S&S. Ryggstykket og nedre ermedeler er sydd av  mønstra viskosejersey, frå MG-tyger.
Halsen, som er litt "polo", er eit beige stretchstoff, frå S&S. Skjørtedelen er petrolblå stretch chenille, frå S&S.















Ermene er lange og smale frå albogen.
Ville laga ein litt enkel kjole utan så mykje "stæsj", så eg har kun sydd på ein flott vintageknapp som pynt på bryststykket:)



Kjolen vil eg tru kan brukast både til kvardag og fest.


Skjørtekanten er kanta med ein off-white blondekant, frå S&S.











Har du lyst på denne kjolen så er det berre å koma på "Førjulsmoro" i kulturhuset i Sogndal,
1. desember 2012 mellom kl. 10 og 15.

Skulle ikkje kjolen bli solgt då, så blir den lagt ut i eplabutikken min etter den tid:)

Str. L (42/44)
Pris: 825,- + porto

SOLGT!!




Pris: 795,-

søndag 18. november 2012

"STJERNEDRYSS"-KJOLE, I JADEGRØNT





Denne kjolen er sydd ferdig i dag og skal bli med på julemessa i kulturhuset i Sogndal, 1. desember 2012.
Difor blir ikkje denne kjolen lagt ut for sal i eplabutikken min før evt. etter julemessa.









Kjolen er bl.a sydd av  jadegrøn stretch chenille med kvite små stjerner, frå S&S. Det einsfarga stoffet er eit fint jadegrønt jerseystoff, frå S&S. Ermene er sydd av eit jadegrønt blondestoff, òg frå S&S. Halskanten har fått ein "laus" sølvgrå brei kant.



Ermene er kanta med same stoff som halskanten.
Ermene rekk litt nedom albogen.

Då det er ein liten "skjønheitsfeil" (vanskeleg å sjå viss ein ikkje veit om den) i stoffet på eine blondeermen,  er prisen satt litt ned.

Str. M (ca 38/40)
Pris: 625,-

FLEECEKJOLE I LILLA




Denne kjolen har eg sydd ferdig i dag. Den er sydd av  lyslilla polarfleece, frå S&S.
Ermekantane er mørklilla polarfleece, frå S&S. Halskant er kanta med eit lilla jerseystoff med små blomar, frå S&S.
Det er applikert på to glitrande rundingar, ein liten på brystet og ein større nede på høgre skjørtekant.












Har du lyst på denne kjolen så er det berre til å ta turen til "Førjulsmoro" på kulturhuset i Sogndal 1.desember 2012. Då kjem  kjolen for sal:)

Kjolen blir altså ikkje lagt ut for sal på nettbutikken min før etter 1. desember 2012.

Str M (ca str 38/40)
Pris: 795,-

onsdag 14. november 2012

Burgunder kjole med ordlappar:)











 



I dag har eg sydd denne kjolen til meg sjølv. Skal i 40 årsdag til helga, og då er det kjekt å ha på ny kjole:)
Eg har sydd kjolen etter mitt eige 3-delt front kjolemønster.

Eg har sydd kjolen av eit burgunder raudt stretch cordfløyelsstoff, frå S&S. Ermene er sydd av eit blondestoff, frå Jofotex og ryggstykket er eit viskosejerseystoff, frå Jofotex.









Halskanten er kanta med blondestoffet som er i ermene, og sydd utanpå   (sydde den på på vrangen og bretta den utover rettsida igjen)












Eg hadde lyst til å ha nokre hjarte på kjolen, og då passa det med ordlappar med songtittelen til Beatles: "All you need is love"♥ Lappane er  kvitt bomullsslerret, frå S&S. (vlieselin på baksida)

Str. 42/44







No nærmar det seg julemesse, så eg har i tillegg til denne kjolen sydd opp ein del jerseyhuer og gjort ferdig nokre vesker i dag. Fridagen går jammen fort:)

mandag 12. november 2012

NYDELEGE KOKOSBOLLAR

Dette treng du:

5 gelatinplater
5 eggekvitar
1,5 dl sukker
2 ts vaniljesukker
1 ts sitronsaft (kan sløyfast)
200 gr kokesjokolade
50 gr delfiafeitt
1 pk kokosmasse




Framgongsmåte:

Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn (ca 5 min)
klem vatnet av gelatinplatene og løys opp i 2 ss kokt vatn, og avkjøl.

Stivpisk eggekvitane, tilset sitronsaft,sukker og vaniljesukker. Pisk vidare til sukkeret har løyst seg opp og massen er stiv og luftig til ein marengs.
Tilset den smelta gelatinen i eggemassen i ein tynn stråle og visp kraftig til ein glatt og luftig masse.

Ha marengsmassen i ein sprøytepose eller vanleg frysepose, som du klipper eit lite hol i hjørna.
Dekk 1-2 steikebrett med bakepapir og dryss kokosmasse over. Sprøyt ut små toppar med marengsmasse på bretta. Set dei kjøleg i ca 1 time.

Smelt sjokolade og delfiafeitt i vannbad. Ha smelta sjokolade over marengstoppane og strø kokosmasse over. Set kaldt igjen.  Kokosbollane kan frysast. NB! Singelfrys førspå eit brett, før du evt. har dei i ein boks.

NAM NAM!  Desse er berre sååååå gode:)

Lukke til!!

onsdag 7. november 2012

LYSEBLÅ FLEECEKJOLE

I dag har eg sydd ein fleecekjole igjen etter gamalt. Den blei sydd i lyseblå polarfleece, frå S&S.
For at kjolen ikkje skulle bli for kjedeleg, så er ermene sydd av eit lyseblått jerseystoff med cupcakes, frå S&S. Ermene er i 3/4 lengde, og er kanta med raud ribb frå S&S. Halsopninga er òg kanta med raud ribb, frå S&S.













Kjolen har pynta seg med små cupcakes her og der og eg har sydd på ei raud kroklisse i bølger, rundt nedre skjørtekant.
På høgre framside er det sydd på ei kvit heklebrikke med ein cupcake i midten.


Kjolen er sydd i mitt eige mønster og blei i str 42/44




Lengde: ca 91 cm

Pris: 825,- + porto

SOLGT!!


I tillegg har eg i dag prøvd meg på eit nytt produkt. Fekk lyst til å prøva å sy pulsvarmarar i ullfilt-restar. Trur no at eg har laga eit mønster som kan funke:) Har sydd nokre par i ulike fargar og med ulik pynt. Eg får laga eit nytt innlegg om pulsvarmarane seinare:)