I dag har eg sydd denne kjolen til meg sjølv. Skal i 40 årsdag til helga, og då er det kjekt å ha på ny kjole:)
Eg har sydd kjolen etter mitt eige 3-delt front kjolemønster.
Eg har sydd kjolen av eit burgunder raudt stretch cordfløyelsstoff, frå S&S. Ermene er sydd av eit blondestoff, frå Jofotex og ryggstykket er eit viskosejerseystoff, frå Jofotex.
Halskanten er kanta med blondestoffet som er i ermene, og sydd utanpå (sydde den på på vrangen og bretta den utover rettsida igjen)
Eg hadde lyst til å ha nokre hjarte på kjolen, og då passa det med ordlappar med songtittelen til Beatles: "All you need is love"♥ Lappane er kvitt bomullsslerret, frå S&S. (vlieselin på baksida)
Str. 42/44
No nærmar det seg julemesse, så eg har i tillegg til denne kjolen sydd opp ein del jerseyhuer og gjort ferdig nokre vesker i dag. Fridagen går jammen fort:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar