Translate

fredag 27. august 2010

Petrolblå fleecekjole med stjerne







Har bestemt meg for å sy opp litt kjolar i fleecestoff, som eg har liggjande på loftet.Har litt restar frå bestillte kjolar eg har sydd tidlegare. På onsdag fann eg fram dette petrolblå fleecestoffet og klipte til ein kjole. Hadde òg liggjande ein bomullsbluse, som eg nesten ikkje har brukt. Den var lagt til sides med tanke på redesign. Dette blei fint stoff å kombinera med den petrolblåe fleecen, tykte eg. I kveld tok eg fram symaskina og sydde kjolen.

Kjolen hadde blitt litt kjedeleg utan ein applikasjon, så eg klipte til ei stjerne av det same blusestoffet som eg brukte på ermene. Sydde så ein beige knapp i midten på stjerna. Ribben på ermene er svart jerseystoff frå ein avklipt gensar. Alt kan nyttast, har vanskeleg for å kasta stoff, eg kan jo få bruk for det ein gong....:))



God stretch i fleecen, så den passar i allefall ein 44 str.



SOLGT!


Pris: 650 kr

onsdag 25. august 2010

Redesign kjole "BRING BACK THE LOVE"...



Fann fram ei t-skjorte med teksten "Bring back the love" som har vore lite brukt. Ville gjerne at denne skulle syast om til kjole om eg fann eit passande stoff. Eg kom på at eg hadde liggjande eit blått stoff med gule prikkar, som eg kjøpte i sommar. Det såg eg for meg kunne bli fint å kombinera med denne blå t-skjorta. Klipte til ein skjørtedel og klipte av t-skjorta rett under teksten. Sydde skjørtet og sydde på t-skjortedelen. For å understreka teksten på t-skjorta, så applikerte eg på 3 rosa hjarter på skjørtedelen- LOVE!!!!!

SOLGT!


Str. 42





Pris: 400 kr

Nok ein ny fleece-kjole


Onsdag- og fridag, altså sydag:)

Var på loftet igjen i dag og leita etter stoff som kunne bli til kjole. Fann fram grå og lilla fleece + ein viscose-kjole som ikkje var i bruk lenger. No skulle det bli fleecekjole.

Applikerte på to rundingar nederst til høgre på skjørtedelen i same stoff som ermene.

Svart ribb frå StoffogStil nederst på ermene.

SOLGT!

Str 42

Pris: 650 kr

Fleece igjen....


No har eg teke fram igjen fleece-stoff frå loftet, hausten nærmar seg:)

Sydde ein coboltblå fleecekjole med blomstrete ermer og blå ribb, i helga.

Blei veldig fornøgd med den. Sydde på ein stor blomst framme og ein litt mindre bak på ryggen.

Solgt
Str 38/40

Pris: 650 kr

No må fleece-en

lørdag 21. august 2010

Fretexkjole med ny vri...


Hadde liggjande ein sommarkjole kjøpt på Fretex, som eg no hadde lagt vekk. Fann i kveld ut at denne kjolen skulle bli ein ny redesign kjole. Klipte vekk overdelen, sydde på ein topp frå Cubus og vips, så blei det ein ny kjole med 3/4 lange ermer. Sydde på ribb på ermene av rester frå den opprinnelege kjolen, og laga eit hjarte som applikasjon på bringa.
Så fekk Fretexkjolen nytt liv, og eg fekk nok ein "ny" kjole:) vinn-vinn situasjon!!

str 42/44

Hattekjole i lilla


Dette lilla stoffet med raude hattar, fann eg i tilbodskassa i min lokale stoffbutikk i Sogndal. Fann fort ut at dette stoffet skulle brukast til å laga redesignkjole av. Eg fann fram ein avlagt gensar i lilla/kvitt og svart. Laga først eit skjørt av hattestoffet, klipte så til gensaren og sydde delane saman. Laga ein hatt som applikasjon, på bringa, og sydde på ein pynteknapp. Sydde på rosa ribb på ermene.

Denne kjolen tenker eg kan brukast både no og utover hausten, ikkje heilt typisk sommarkjole, men ja heilt klart ein litt "frekk" kombinasjon av mønster, men eg likar det:)

Str 42/44
SOLGT!!

Sommarkjole i Rosa


Nytt skuleår, då lyt me ha ny kjole, veit du! Forrige helg fann eg fram det fine rosa sengetøyet eg hadde fått frå mamma sist eg var heime. Mamma meinte dette var for tynnslitt til å sy noko kjole av, men sta som eg er, eg ville no prøva:) Hadde liggjande ein ny rosa topp med stretch, kjøpt på Cubus. Laga mønster til skjørtedel av ein kjole eg hadde sydd før, og sydde først skjørtet, før eg klipte av den rosa toppen, og sydde dei to delane saman og tadaaa.....så blei det kjole. Applikerte på ein blomst på bringa, og sydde ein knapp i midten.

Str 42/44
Pris då den er brukt 1 gong: 350,-
 
SOLGT!!

dilla på lilla....


Denne kjolen har eg lenge tenkt på. Eg hadde ein kjole i svart med lilla sirklar på. Den blei i utgangspunktet kjøpt for stor (salg og det var ikkje mindre str., men likte kjolen så godt) Sydde den inn, men blei aldri heilt fornøgd. La den vekk for ei stund. Men i gå blei den teke fram, og eg bestemte meg for at den skulle bli redesigna til ein ny kjole. Klipte av overdelen på kjolen, fann fram ein svart topp, kjøpt på H&M (ny) Det fulgte med eit belte på kjolen, og det sydde eg rundt halsen på toppen, og vips blei det ein flott ny kjole, syns eg i allefall.
SOLGT!!

Str 42/44

Grønt er skjønt!!


Då blei det ein ny kjole i grønt. Utgangspunktet denne gongen var ein grøn selekjole, som eg aldri blei heilt fortruleg med. Grei sommarkjole men... Fann ut at den blei fin til redesign, dersom eg klipte vekk selane og sydde på ein svart topp i staden. Måtte sy inn eit legg midt på for å få ordentleg fasong på kjolen.

Så får me sjå om det blir nok ein kjole til meg eller om det blir salskjole:))

Str 42/44

mandag 16. august 2010

Vintagekjole blei til "ny" kjole


Kjøpte ein vintagekjole på nettet tidlegare i sommar, syns at den blei litt stor og hadde ein litt for mykje "gravid"-kjole preg over seg. Eg er IKKJE gravid og har heller ingen planar om å bli det, så eg fann ut at eg ville sy om heile kjolen. Fann ein grøn topp som eg hadde lagt vekk på grunn av ein flekk på magen, som ikkje ville gå vekk, og brukte den som overdel på den nye kjolen. Klipte skjørtedelen på kjolen etter mønster frå ein tidlegare kjole eg har sydd. Klipte til toppen og sydde delene saman. Går fort å sy ein kjole, når ein har overdelen nesten klar. Dekorerte kjolen med ei sol (stoff frå ein bluse kjøpt på UFF i Oslo) og brukte rest frå den opprinnelege kjolen + litt skråband eg hadde liggjande, til å sy to blomar på bringa.

Her ser du resultatet. Blei meget fornøgd med resultatet. Men det er nok ein sommarkjole, som dessverre snart blir pakka vekk. Så får eg gleda meg til å bruka den meir neste vår og sommar:)

SOLGT!!


Str 42/44

torsdag 12. august 2010

Dongerikjole med ermer i brunt...


Då har både eg og symaskina hatt ferie nokre veker, men i går regna det så då måtte me møtast att:)
Eg har lenge hatt lyst til å prøva å sy dongerikjole etter kjolemønsteret mitt som eg brukar når eg syr i fleece og velour. Det gjorde eg altså i går. Brukte ei stund på å finna ut kva stoff eg skulle bruka på ermene, og enda opp med dette brune stoffet. Blei eigentleg fornøgd med kjolen, men brun er ikkje min farge. Så denne kjolen vil eg leggja ut for sal. Håpar nokon kan få glede av den. Så får eg heller sy ein ny til meg seinare med ein litt meir "crazy" fargekombinasjon:)
Str 44
Pris: 600 SOLGT!