Translate

torsdag 31. januar 2013

GRØN grøn kjole med alvehette




Denne kjolen blei klipt seint i går kveld, og i kveld blei den ferdig. Kjolen er sydd av ulike stoff og kjolemønsteret er opprinneleg eit S&S mønster, men med litt modifisering. Bl.a har kjolen fått ei lang alvehette etter eige mønster.
Midtstykket er eit brunt vintagestoff med store runde grøne blomar. Resten av kjolen er sydd av eit mørkeblått stretch dongeristoff, frå S&S (anbefalar å vaska dette stoffet før du syr noko av det, fargar nemleg veldig av før det blir vaska)









Ermene er sydd av eit vintage dynetrekk i grønt blomemønster.
Alvehetta er sydd av eit beige stretchstoff, frå S&S, og fòra med same stoffet som er brukt på ermene.
Hettekant, ermekantar og skjørtekant er kanta med lilla ribb, frå S&S.

Kjolen kan fint brukast heile året, med ein langerma topp og ei tjukk strømpebukse under når det er på det kaldaste:)




Str. L (42/44)
Lengde: ca 95 cm

Pris: 849,- +  porto

SOLGT!!















Dongerikjole med innslag av røde blomster



Denne kjolen sydde eg til meg sjølv forrige helg. Det er  eit kjolemønster frå S&S, som er blitt litt modifisert:)
Stoffa i denne kjolen er litt brukt og litt nytt:) Sidestykka på framsida av kjolen er gjenbruksmateriale frå ei brukt dongeribukse frå Lindex.












Det mørke dongeristoffet i  kjolen er stretchdongeri, frå S&S. Det røde blomstrete øvre bryststykket, er gjenbruksmateriale frå ei ubrukt skjorte, frå H&M. Ermene er sydd av eit raudt blonde stretchstoff, frå S&S.



Halskant og ermekantar er kanta med svart ribb, frå S&S. Kjolen har fått ein stor flott raud blomsterknapp påsydd på brystet.

Etter at kjolen blei fotografert, er det komt til litt meir pynt på kjolen. 3  små blomar og ei raud kroklisse, som går i bølger nederst på skjørtekanten.

Str. ca 42/44.

Dette blir nok ein favorittkjole for meg framover mot våren:)

onsdag 23. januar 2013

BESTILLINGS-KJOLE i svart blonde




I dag har eg sydd ferdig ein bestillingskjole. Kjolen er  sydd av svart blondestoff, frå S&S. På bryststykket og på ermene er det eit sølvgrått strikkeliknande stoff  som er brukt som understoff, (ynskje frå ho som har bestillt kjolen)
På ryggstykket og på skjørtedelen er det brukt eit svart sportstretchstoff, òg frå S&S.



Skjørtekanten er kanta med same sølvgråe stoffet som i overdelen. Halskant og ermekantar er kanta med svart polyester stretch, kjøpt på  min lokale stoffbutikk.










Trur det er fyrste gongen eg har sydd ein kjole som er bortimot heilt svart:) Det gjorde seg med det sølvgråe innslaget syns eg:) Og kjolen blei jo stilig, om eg skal seia det sjølv:)
No får me håpa ho som skal ha kjolen blir fornøgd òg:)


Pris: 850,-

søndag 20. januar 2013

STJERNEKJOLE I GRØNT



Denne kjolen sydde eg på forrige fridagen min, og har ikkje teke meg tid til om blogga om den før i dag:)

Kjolen er sydd av ulike grøne stretch stoff, frå S&S. Hovudstoffet i kjolen er flaskegrøn stretch cordfløyelsstoff, frå S&S. Ryggstykket er jadegrøn stretch chenille med kvite stjerner. Ermene er sydd av eit grøn viskose jersey med svarte kuler.









Det same stoffet er brukt som skjørtekant og halskant. Ermekantane er kanta med svart ribb.




















Kjolen har fått 2 flotte stjerner som pynt, av eit herleg grønt småblomstrete vintage stoff.






Str. ca 42/44

Mønster: mitt eige




Kjolen er  teken i bruk og eg blei godt fornøgd med den!

DONGERIKJOLE MED BLOMSTER

I går kveld sydde eg denne kjolen til meg sjølv. Hadde så lyst til å sy meg ein kjole i stretch dongeristoff. For at kjolen ikkje skulle blir for kjedeleg og einsfarga, brukte eg eit retro blome-stoff til ermene og til  applikasjonane.


Halskant og skjørtekanten er kanta med limegrøn ribb, frå S&S. Det blå stretchdongeri-stoffet er frå S&S. Då kjolen var ferdig sydd, var eg heilt blå på fingrane. Dongeristoffet hadde sterk farge og farga av. Eg tok kjolen i vaskemaskina og då den var ferdig vaska, hadde ermestoffet endra seg ein del. Det hadde nemleg teke til seg litt av blåfargen frå dongeristoffet. Så dei flotte skarpe oransje/gule og grøne blomane i det stoffet, blei litt annleis, dessverre. Men kjolen blei no fin likevel,syns eg.
Eg burde absolutt ha vaska dongeristoffet før eg starta å klippa i det, så det skal eg gjera neste gong eg skal sy i dette stoffet.








Eg har brukt eit svart blondestoff med stretch, frå S&S, nederst på ermene. Kjolen har pynta seg med tre blomar på framsida. Stilkane er grøne kroklisser.

Mønsteret er frå S&S, men eg har endra litt på mønsteret her og der:)

Str.  ca 44



Denne kjolen gler eg meg til å ta i bruk som kvardagskjole!

torsdag 17. januar 2013

"ROSER ER RØDE"-kjole

Denne kjolen blei ferdig i går. Den er litt redesign, då eg har brukt stoff frå ein blomstrete kjole, kjøpt på salg på H&M. Det burgunderraude stoffet er jersey courtelle, frå S&S.
Syns det blei ein veldig fin kombinasjon av fargar. Halskant og ermekantar er kanta med gjenbruksmateriale frå ein burgunder stretch velour kjole, kjøpt på Fretex. Skjørtekanten er kanta med same burgunderraude stoffet som er brukt på kjolen elles.

Kjolen blei lagt ut i eplabutikken min i går, og blei solgt i går:)

Str. L /XL (44)


Pris: 849,- + porto

Mønster: mitt eige

torsdag 10. januar 2013

Jerseykjole med stjerner og hjerter

Eg såg dette hjerte- og stjernestoffet frå CeTho, før jul og tykte det var kjempefint. Eg bestillte stoffet, det kom i posten på tysdag. I går sydde eg denne kjolen av det herlege jerseystoffet. Eg tok ermene i eit anna stoff for å få litt brytning. Ermestoffet er gjenbruksmateriale frå ein avlagt jerseytopp eg fann på loftet.












Mønsteret til kjolen er frå S&S, men eg har gjort nokre endringar her og der:)

Denne kjolen er til meg sjølv. Skal på bytur med dottera mi i helga, og då skal denne kjolen få bli med:)




Str. 42/44

Eit lite "BRUKT KJOLE"-SALG

Har hatt ein liten opprydding i skapet, og kome fram til at eg må få unna nokre kjolar. Så dersom du får lyst på ein lite brukt kjole til redusert pris er det berre til å ta kontakt:)

Str. i desse kjolane er ca 42/44

Her er nokre av kjolane som er til sals:



 




Kjole med skjørtedel av eit vintage ullstoff i blåe nyansar.
Pris: 375,- + evt porto

Kjole med stjerner i lilla og raudt. Brukt 2 gonger
Pris: 525,- + porto


"TEDDY GO SKIING"-kjole

Dette blei ein litt søt og morsom kjole syns eg sjølv:)
Har lenge hatt liggjande ei raud t-skjorte med denne søte teddybamsen som prøver å stå på ski. Har hatt lyst å sy den om og bruka den i ein kjole ,og no har eg gjort det:)
Eg brukte mønsteret mitt med 3-delt front, og laga midtstykket i 2 deler for å få det langt nok. Resten av kjolen er sydd i raud stretch chenille, frå S&S.










For å få litt meir vinterfølelse, så har ryggstykket blitt i jadegrøn stretch chenille med kvite stjerner, frå S&S.  Halskant og ermekantar er turkis ribb, òg frå S&S.













Skjørtekanten er kanta med stoff frå ein vintage-kjole i vinterlege fargar. Så med andre ord er dette ein kjole med tema  V I N T E R.














Kjolen er i str L (ca 42/44)
Lengde: ca 95 cm

Mønster: mitt eige

Pris: 849,- + porto






Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:




http://randidesign.epla.no

søndag 6. januar 2013

Årets fyrste produkt

GODT NYTT ÅR FOLKENS!!

Då har eg teke fram symaskinene igjen etter ein herleg god juleferie:)
Fredag klipte eg til 3 nye kjolar,og i går fekk eg sydd  2 av dei ferdige. Og i dag har eg sydd den tredje kjolen ferdig. Kjekt å sy igjen:)
Kjolane er lagt ut for sal i eplabutikken min, så det er berre å gå inn der om du ynskjer ny kjole.
I romjula sydde eg eit skjørt og det ser du òg bilete av her.


Kjole i blått og burgunder  (stretch denim og stretch cordfløyel)
Str. 40+
Pris: 849,- + porto      SOLGT!!






 Kjole i jadegrønt og lilla.
Str. 42/44
Ikkje til sals:)


 Skjørt sydd av 70 tals dynetrekk.
Str. 42/44
Pris: 425,- + porto



Kjole med MARIHØNE;)
Str. L/XL (ca 44)
Pris: 825,- + porto   SOLGT!!