
Eg såg dette hjerte- og stjernestoffet frå CeTho, før jul og tykte det var kjempefint. Eg bestillte stoffet, det kom i posten på tysdag. I går sydde eg denne kjolen av det herlege jerseystoffet. Eg tok ermene i eit anna stoff for å få litt brytning. Ermestoffet er gjenbruksmateriale frå ein avlagt jerseytopp eg fann på loftet.
Mønsteret til kjolen er frå S&S, men eg har gjort nokre endringar her og der:)
Denne kjolen er til meg sjølv. Skal på bytur med dottera mi i helga, og då skal denne kjolen få bli med:)
Str. 42/44
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar