Halskant og skjørtekanten er kanta med limegrøn ribb, frå S&S. Det blå stretchdongeri-stoffet er frå S&S. Då kjolen var ferdig sydd, var eg heilt blå på fingrane. Dongeristoffet hadde sterk farge og farga av. Eg tok kjolen i vaskemaskina og då den var ferdig vaska, hadde ermestoffet endra seg ein del. Det hadde nemleg teke til seg litt av blåfargen frå dongeristoffet. Så dei flotte skarpe oransje/gule og grøne blomane i det stoffet, blei litt annleis, dessverre. Men kjolen blei no fin likevel,syns eg.
Eg burde absolutt ha vaska dongeristoffet før eg starta å klippa i det, så det skal eg gjera neste gong eg skal sy i dette stoffet.
Eg har brukt eit svart blondestoff med stretch, frå S&S, nederst på ermene. Kjolen har pynta seg med tre blomar på framsida. Stilkane er grøne kroklisser.
Mønsteret er frå S&S, men eg har endra litt på mønsteret her og der:)
Str. ca 44
Denne kjolen gler eg meg til å ta i bruk som kvardagskjole!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar