I dag har eg sydd ferdig ein bestillingskjole. Kjolen er sydd av svart blondestoff, frå S&S. På bryststykket og på ermene er det eit sølvgrått strikkeliknande stoff som er brukt som understoff, (ynskje frå ho som har bestillt kjolen)
Skjørtekanten er kanta med same sølvgråe stoffet som i overdelen. Halskant og ermekantar er kanta med svart polyester stretch, kjøpt på min lokale stoffbutikk.
Trur det er fyrste gongen eg har sydd ein kjole som er bortimot heilt svart:) Det gjorde seg med det sølvgråe innslaget syns eg:) Og kjolen blei jo stilig, om eg skal seia det sjølv:)
No får me håpa ho som skal ha kjolen blir fornøgd òg:)
Pris: 850,-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar