Translate

torsdag 21. mars 2013

"PEACE&LOVE"-kjole

Dette er ein knallgrøn kjole med grafittimønstra overdel. Ryggstykket og bryststykket er sydd av eit viskosejerseyliknade stoff, frå MG-tyger. Ermene er sydd av eit grønt sportstretchstoff, frå S&S.
Skjørtedelen er sydd av eit grønt vintage bomullsstoff med kvite hjarte. Halskant  og ermekantar er kanta med lilla ribb, frå S&S. Kjolen har fått 3/4 lange ermer. Dette er ein fin vår og sommarkjole, men kan fint brukast heile året.




















Str. L (ca 42)
Lengde: 97 cm

Pris: 825,- + porto


SOLGT!!


KJOLE i ROSA OG BRUNT

Denne kjolen blei ferdig i kveld. Kjolen har litt retropreg, då skjørtedelen er sydd av eit brunt "crimpelin"-liknande vintagestoff, kjøpt på Fretex. No er det berre ein liten bit igjen av dette stoffet. Har sydd 3-4 kjolar med dette stoffet før.

For å få kjolen litt meir fargerik, så valgte eg å bruke eit viskosejerseystoff med litt rosa mønster, i overdelen. Ryggstykket er leopardprint viskosejersey frå ein avlagt kjole.

















Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

Str. L (ca str. 42)
Lengde: 95 cm



Pris: 825,- + porto

tirsdag 19. mars 2013

Redesignkjole i glade friske fargar




 




Denne kjolen er sydd av bl.a  gjenbruksmateriale frå ein fantastisk fargerik vintagekjole, frå 70 -talet. Kjolen blei kjøpt på Fretex. Bryststykket og ryggstykketer sydd av eit raudt og oransje jerseystoff, frå Cetho. Ermene er sydd av gjenbruksmateriale frå ein kul syntetisk mønstra stretchtopp, frå Fretex.
halskant er kanta med grøn ribb, frå S&S. Ermene er kanta med same stoffet som er brukt i overdelen.
Syns kjolen blei kul, om eg skal seie det sjølv:)
Denne skal bli min.

Str. L (42/44)





Mønster: mitt eige

mandag 18. mars 2013

"ROSA BLOMAR OG DYREPRINT"-kjole




Denne kjolen blei sydd i går kveld. To av stoffa i kjolen er gjenbruksmateriale frå to kjolar kjøpt på Fretex.
Det rosa stoffet som er brukt på ermene er nytt jersey stoff, frå S&S.
Syns det lilla stoffet er nyyyydeleg i fargane og i mønsteret. 
Dette er ein tøff og kul kjole, som fint  kan brukast både til kvardag og fest:)












Str. XL (ca str 44/46) God stretch i alle stoffa, så kanskje den passar ein liten str 48 òg:)

Pris: 825,- + porto



Mønster: mitt eige

onsdag 13. mars 2013

BESTILLINGSKJOLE

Denne kjolen blei ferdig i dag. Det er ein bestillingskjole til ei dame som er glad i fargar.
Eg fekk bestemma både fargar  og utforming (slike bestillingar kan eg lika) Eg valgte å bruka raglankjolemønsteret mitt. Ryggstykket og bryststykket er sydd av eit mønstra fargerikt stretchstoff, frå S&S. Ermene er sydd av burgunderraudt sportstretchstoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit litt kraftig beige stoff med blad i limegrønt, brunt og svart.  Stoffet er kjøpt på JYSK.










Halskanten er kanta med eit blått glitrande gjenbruksstoff, frå ein topp, kjøpt på  Fretex.
Ermekantane er kanta med limegrøn ribb, frå S&S.

Kunden blei fornøgd og då er eg fornøgd òg:)






Str. XL (44/46)
Pris: 825,-



Mønster: mitt eige

KJOLE I RAUDT OG SVART



Denne kjolen er sydd av mjuke stretch stoff. Bryststykket og ryggstykket er sydd av gjenbruksmateriale frå ein viskose jersey topp, kjøpt på Fretex. Ermene er sydd av raud stretch chenille, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av svart courtelle (tjukt stretchstoff) frå  S&S.




Kjolen har pynta seg med litt runde applikasjoner på skjørtedelen og på skjørtekanten er det sydd på eit raudt pompong band, frå S&S.












Ermekantar er kanta med same stoff som i overdelen.
Halskant er kanta med same stoffet som er brukt i skjørtedelen.


Str. XL (44/46)
Lengde: 98 cm

Pris: 849,- + porto

søndag 10. mars 2013

KJOLE I GRØNT OG TURKIS



Denne kjolen blei ferdig no i kveld. Den er sydd av ulike stoff i fargane turkis, beige og grønt.  Bryststykket er mønstra viskosejersey, frå MG-tyger. Ryggstykket er turkis stretch chenille, frå S&S. Ermene er sydd av eplegrønt jerseystoff, frå S&S. Skjørtedelen er sydd av eit lerret-liknande mønstra stoff. Ermekantar, halskant og skjørtekant, er kanta med turkis ribb, frå S&S.







Kjolen er i herlege fargar og passar fint som vår og sommarkjole, vil eg tru:)

Då sømbysten min blei litt for stor for denne kjolen, så fekk dottera mi prøva seg som modell. Kjolen er sjølvsagt litt stor til ho, men eit visst inntrykk får ein likevel av kjolen. Finare enn at den er på ein kleshenger.

Kjolen er lagt ut for sal i eplabutikken min:
http://randidesign.epla.no

Str. M (ca 38/40)

Pris: 825,- + porto

"BROWN BIRDS AND FLOWERS"-kjole





Måtte berre sy ein kjole til i det fine brune cordfløyelsstoffet eg kjøpte i min lokale stoffbutikk. Denne kjolen blei litt friskare i fargane, syns eg:) Bryststykket og ryggstykket er sydd av jerseystoff med søte oransje/lilla blomar og brune små fuglar på. Ermene er sydd av oransje jerseystoff, frå S&S.
Skjørtedelen er altså det fine brune cordfløyelsstoffet.








Halsopninga har fått ein brei halskant av beige polyesterribb, frå S&S. Det same stoffet er brukt på ermekantar og skjørtekant.

















Kjolen har korte ermer og kan fint brukast heile året. På dei kalde dagane er det fint å bruka ein langerma topp inni og ein tights eller ei tjukk strømpebukse under:)







Str. L (42/44)

Pris:825,- + porto

Mønster: mitt eige

fredag 8. mars 2013

VÅRKJOLE I GRØNT



I dag fekk eg ein ekstra "fridag" heime, då minstemann har fått influensa, og måtte vera heime frå skulen:(
Han har vore slapp og hatt feber i heile dag, orka kun å ligga på sofaen. Så då har mor gått litt til og fra med drikke, mat  og passa på at guten har hatt det så greit som det går an når ein er sjuk.

Innimellom har eg vore litt husmor og vaska og rydda litt, og så har eg klipt til 3 nye kjolar:) Den eine har eg sydd no i ettermiddag. Den blei litt vårleg i fargane, syns eg. Den skal eg ha sjølv. Dei andre 2 kjolane blir nok lagt ut for sal, når dei er klare.

Det grøne stoffet er stretch cordfløyel, frå S&S. Bryststykket er ein rest frå eit teikneseriestoff, kjøpt i min lokale stoffbutikk. Ryggstykket er eit stormønstra vintage bomullsstoff.




Eg har brukt eit mønster frå S&S, men har sydd kjolden litt inn her og der, slik at den ikkje blir så "sekkeaktig" i fasongen. Har dessuten laga lengre ermer enn det som er i det opprinnelege mønsteret.

Str. ca 42/44

DONGERIKJOLE I RESTESTOFF:)




Denne kjolen blei til avdi eg fann ein stoffdel, frå ein avklipt dongerikjole. Denne dongerikjolen blei kjøpt på H&M for fleire år sidan. Overdelen er brukt i ein annan kjole og no var nedredelen att:) Veldig god stretch i stoffet, så eg ville bruka det i overdelen til ny kjole. Dessverre var det ikkje nok stoff til å ha til både bryst og ryggstykke (smal kjole) Så  då valgte eg eit grått isolistoff, frå S&S, til ryggstykke.












Ermene er sydd av eit mønstra strikkeliknande stoff, frå S&S. Halskant er kanta med grå ribb. Ermene er kanta med rosa polyesterribb, frå S&S.

Skjørtedelen si framside er stretch denim, frå S&S. Skjørtedelen si bakside er eit grått dongeriliknande restestoff, som eg har fått ein plass.

Kjolen har fått litt dekorasjonar her og der. Bl.a ei lomme frå ei gamal utslitt dongeribukse. På ryggen er det applikert på  ein kvit lapp med verset "when you wish upon a star...." (frå Pinoccio) Litt drøymepoesi i kvardagen:)






Dette er altså blitt ein ordentleg restekjole til eige bruk:) Det blei òg ein liten skjønhetsfeil på bryststykket, som gjer at eg ikkje vil selja kjolen:)   Kanskje du oppdagar feilen??

Str. L (42/44)

KJOLE I BRUN CORDFLØYEL




Denne kjolen blei til i går kveld. Eg var innom den lokale stoffbutikken i bygda, og då fann eg eit nydeleg cordfløyelstoff med fint broderimønster på, som låg oppi ei korg til halv pris. Eg er vanlegvis ikkje så begeistra for brun, men tenkte at dette stoffet måtte eg berre ha.

Eg ville ha nokre andre fargar i overdelen på kjolen. Så eg fann fram ein ny topp, kjøpt på salg med tanke på redesign. Eg fann òg fram eit plommelilla stretchstoff, frå S&S. Eg har brukt raglankjolen-mønsteret mitt til denne kjolen.


På bryststykket har eg klipt nokre strekar i stoffet og sydd ein lilla lapp bakom, for å få ein kul effekt. Syns det funka bra!
Det gjer at kjolen blir litt "røffare" i uttrykket. Fann idèen hos bloggeren "Lillis verden".







Str. L (42/44)
Lengde: 95 cm

Pris: 825,- + porto

SOLGT!!

fredag 1. mars 2013

CRAZY FLOWER-SKIRT


Dette skjørtet blei ferdigsydd i går kveld, og dessverre blei det litt trangt til meg, så eg har lagt det ut for sal i eplabutikken min: http://randidesign.epla.no

Eg har sydd skjørtet av eit oransje blankt polyesterstoff og gjenbruksmateriale frå eit vintage sengetøy i herlege fargar. Skjørtet er fòra med eit kvitt bomullsstoff. Og har fått oransje ribb i livet, frå S&S.

Str.  M/L (ca 40 +)


Pris: 425,- + porto