Måtte berre sy ein kjole til i det fine brune cordfløyelsstoffet eg kjøpte i min lokale stoffbutikk. Denne kjolen blei litt friskare i fargane, syns eg:) Bryststykket og ryggstykket er sydd av jerseystoff med søte oransje/lilla blomar og brune små fuglar på. Ermene er sydd av oransje jerseystoff, frå S&S.
Skjørtedelen er altså det fine brune cordfløyelsstoffet.
Halsopninga har fått ein brei halskant av beige polyesterribb, frå S&S. Det same stoffet er brukt på ermekantar og skjørtekant.
Kjolen har korte ermer og kan fint brukast heile året. På dei kalde dagane er det fint å bruka ein langerma topp inni og ein tights eller ei tjukk strømpebukse under:)
Str. L (42/44)
Pris:825,- + porto
Mønster: mitt eige
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar